1
Markus 13:13
Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet
Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld. Men den som held ut til enden, han skal verta frelst.
Compare
Explore Markus 13:13
2
Markus 13:33
Ver på vakt og vak! For de veit ikkje når tida kjem.
Explore Markus 13:33
3
Markus 13:11
Men når dei fører dykk bort og gjev dykk over til styremaktene, så syt ikkje for kva de skal seia, men sei det som vert gjeve dykk i same stund! For det er ikkje de som talar, men Den Heilage Ande.
Explore Markus 13:11
4
Markus 13:31
Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.
Explore Markus 13:31
5
Markus 13:32
Men den dagen eller timen kjenner ingen, ikkje englane i himmelen og heller ikkje Sonen, berre Faderen.
Explore Markus 13:32
6
Markus 13:7
Når de høyrer om krig, og det går rykte om krig, så lat dykk ikkje skræma! Dette lyt henda, men enno er ikkje enden komen.
Explore Markus 13:7
7
Markus 13:35-37
Så vak då! For de veit ikkje kva tid husbonden kjem, anten det er om kvelden, midt på natta, når hanen gjel eller når dagen renn. Lat han ikkje finna dykk sovande når han brått kjem. Det eg seier til dykk, det seier eg til alle: Ver vakne!
Explore Markus 13:35-37
8
Markus 13:8
Folk skal reisa seg mot folk, og rike mot rike, og det skal vera jordskjelv mange stader, og hungersnaud. Dette er dei fyrste føderiene.
Explore Markus 13:8
9
Markus 13:10
Og fyrst må evangeliet forkynnast for alle folkeslag.
Explore Markus 13:10
10
Markus 13:6
For mange skal koma i mitt namn og seia: «Det er eg.» Og dei skal føra mange på villspor.
Explore Markus 13:6
11
Markus 13:9
Men sjå dykk føre! Dei skal gje dykk over til domstolane og piska dykk i synagogene, og for landshovdingar og kongar skal de førast fram for mi skuld, så de kan vitna for dei.
Explore Markus 13:9
12
Markus 13:22
For falske messiasar og falske profetar skal stå fram. Dei skal gjera teikn og under for å føra dei utvalde vilt, om det er råd.
Explore Markus 13:22
13
Markus 13:24-25
Men i dei dagane, etter denne trengselstida, skal sola mørkjast og månen missa sitt ljos. Stjernene skal falla ned frå himmelen, og kreftene i himmelrømda skal skakast.
Explore Markus 13:24-25
Home
Bible
Plans
Videos