Der var det ei kvinna som hadde havt ei vond ånd i seg i attan år, og den hadde gjort henne so maktlaus at ho var tvikrokut og ikkje på nokor vis kunde halda seg upprett. Då Jesus fekk sjå henne, kalla han henne til seg. No er du løyst frå vanmakti di, kvinna! sa han