1
Matteus 23:11
Norsk oversettelse 1938 nynorsk
Den største av dykk skal vera den som tener dei andre.
Compare
Explore Matteus 23:11
2
Matteus 23:12
For den som gjer seg sjølv stor, han skal gjerast liten, og den som gjer seg sjølv liten, han skal gjerast stor.
Explore Matteus 23:12
3
Matteus 23:23
Ve yver dykk skriftlærde og farisearar, hyklarar som de er! de gjev tiend av mynta og anis og karve, men ansar ikkje det som veg meir i lovi: rettferd og miskunn og truskap. Det skulde ein gjera, og ikkje lata vera hitt heller.
Explore Matteus 23:23
4
Matteus 23:25
Ve yver dykk skriftlærde og farisearar, hyklarar som de er! de reinskar skåler og fat utanpå, men inni er dei fulle av ran og hækna.
Explore Matteus 23:25
5
Matteus 23:37
Jerusalem, Jerusalem, du som slær i hel profetane, og steinar dei som er sende til deg, kor tidt hev eg ikkje vilja samla borni dine kring meg, liksom ein fugl samlar ungane sine under vengene! Men de vilde ikkje.
Explore Matteus 23:37
6
Matteus 23:28
Soleis er de og utanpå rettferdige å sjå til for folk, men inni dykk er de fulle av hyklarskap og urett.
Explore Matteus 23:28
Home
Bible
Plans
Videos