Då kom dei og styresmennene i hop og samrådde seg; og dei gav hermennene nok av pengar og sa: Seg at læresveinane hans kom um natti og stal han burt medan de sov. Og skulde det koma att for landshovdingen, so skal me tala vel med han, og laga det so at de kann vera trygge. So tok dei mot pengane, og gjorde som dei var fyresagde. Soleis kom det ordet ut millom jødane, og hev halde seg alt til denne dag.