Markus 6
6
Jesus vert avvist på heimstaden sin
(Matt 13,53–58; Luk 4,16–30)
1Sidan gjekk han derifrå og kom til heimstaden sin, og læresveinane fylgde han. 2Då sabbaten kom, tok han til å læra i synagoga. Alle som høyrde han, var fulle av undring og sa: «Kvar har han dette frå? Kva er det for ein visdom han har fått? Og slike mektige gjerningar som han gjer! 3Er ikkje dette tømmermannen, son til Maria og bror til Jakob og Joses og Judas og Simon? Og bur ikkje systrene hans her hjå oss?» Og dei støytte seg på han. #Matt 13,55+ 4Men Jesus sa til dei: «Ein profet vert ikkje vanvørd andre stader enn på heimstaden sin, hjå skyldfolket sitt og i heimen sin.» #Joh 4,44 5Han kunne ikkje gjera noka mektig gjerning der; han berre la hendene på nokre få helselause og lækte dei. #5,23+ 6Og han undra seg over at dei var så vantruande. Så drog han ikring til landsbyane og lærte folket.
Jesus sender ut apostlane
(Matt 10,1.9–15; Luk 9,1–6)
7Jesus kalla til seg dei tolv og sende dei ut, to og to, og gav dei makt over dei ureine åndene. #Luk 10,1 8Han sa til dei at dei ikkje skulle ta anna med seg på vegen enn stav, ikkje brød, ikkje skreppe, ikkje pengar i beltet. 9Dei kunne gå i sandalar, men ikkje ha på seg meir enn ein kjortel. 10«Når de har teke inn i eit hus,» sa han, «så ver der til de fer bort frå den staden. 11Og er det nokon stad dei ikkje tek imot dykk og ikkje vil høyra på dykk, skal de rista støvet av føtene og gå dykkar veg. Det skal vera eit vitnemål mot dei.»#Apg 13,51
12Så gjekk dei ut og forkynte for folket at dei skulle venda om. 13Dei dreiv ut mange vonde ånder og salva mange sjuke med olje og lækte dei.#Jak 5,14f
Herodes og døyparen Johannes
(Matt 14,1–12; Luk 9,7–9; 3,19–20)
14Kong Herodes fekk òg høyra om Jesus, for no var namnet hans vide kjent. Somme sa: «Døyparen Johannes har stått opp frå dei døde; difor er desse kreftene verksame i han.» 15Andre sa: «Det er Elia,» og endå andre: «Det er ein profet, som ein av dei gamle profetane.» #Matt 21,11+ 16Men då Herodes høyrde det, sa han: «Johannes som eg lét halshogga, har stått opp att.» 17For Herodes hadde sendt ut folk til å gripa Johannes og hadde kasta han i fengsel og bunde han. Dette var Herodias skuld i. Henne hadde Herodes gift seg med, endå ho var kona til Filip, bror hans. 18Og Johannes hadde sagt til han: «Du har ikkje lov til å ha kona åt bror din.» #3 Mos 18,16; 20,21 19Difor hata Herodias han og ville få han drepen, men ho fekk det ikkje til. 20For Herodes hadde age for Johannes; han visste at han var ein rettvis og heilag mann, og han heldt si hand over han. Når han høyrde Johannes, vart han uroleg og rådvill; likevel høyrde han gjerne på han.
21Men så baud det seg eit høve: På årmålsdagen sin gjorde Herodes eit gjestebod for stormennene sine og for offiserane og dei fremste i Galilea. 22Då kom dotter til Herodias inn og dansa. Herodes og gjestene tykte så vel om dette at kongen sa til jenta: «Bed meg om kva du vil, så skal eg gje deg det.» 23Han svor på det og sa: «Kva du enn bed meg om, skal du få, om det så er halve riket mitt.» #Est 5,3 24Ho gjekk ut og spurde mor si: «Kva skal eg be om?» «Hovudet åt døyparen Johannes,» svara ho. 25Då skunda ho seg straks inn til kongen og bar fram ynsket sitt: «Eg vil at du no med det same skal gje meg hovudet åt døyparen Johannes på eit fat.» 26Kongen vart ille ved, men fordi han hadde svore, og det medan gjestene høyrde på, ville han ikkje seia nei til henne. 27Han sende straks ein av livvakta i veg og bad han henta hovudet åt Johannes. Mannen gjekk av stad og halshogde Johannes i fengslet; 28så kom han med hovudet på eit fat og lét jenta få det, og ho gav det til mor si. 29Då læresveinane hans fekk høyra dette, kom dei og henta liket og la det i ei grav.
Jesus mettar fem tusen
(Matt 14,13–21; Luk 9,10–17; Joh 6,1–13)
30Apostlane samla seg atter hjå Jesus og fortalde han om alt dei hadde gjort og alt dei hadde lært folket. 31Då sa han til dei: «Kom med meg til ein øydestad, der vi kan vera åleine, og kvil dykk litt!» For det var så mange som kom og gjekk, at dei fekk ikkje eingong matro. #3,20 32Så drog dei ut med båten til ein øydestad, der dei kunne vera for seg sjølve. 33Men mange såg at dei drog bort og kjende dei att, og frå alle byane kom folk springande og nådde fram før dei. 34Då Jesus gjekk i land, fekk han sjå ei stor folkemengd. Han tykte hjarteleg synd i dei, for dei var som sauer utan hyrding. Og han gav seg til å læra dei lenge og grundig.#8,2; Matt 9,36+
35Men då det leid langt på dag, kom læresveinane til han og sa: «Det er audt her, og dagen lid. 36Send folket frå deg, så dei kan gå bort i gardane og landsbyane her ikring og kjøpa seg mat!» 37«Gjev de dei mat!» svara Jesus. Dei sa: «Skal vi kanskje gå og kjøpa brød for to hundre denarar, så dei kan få seg mat?» 38«Kor mange brød har de?» spurde han. «Gå og sjå etter!» Då dei hadde gjort det, sa dei: «Fem brød og to fiskar.» 39Då sa han at dei skulle la alle setja seg ned i flokkar i det grøne graset. 40Og dei slo seg ned i flokkar, somme på hundre og somme på femti. 41Så tok Jesus dei fem brøda og dei to fiskane, såg opp mot himmelen og bad takkebøna. Og han braut brødet og gav det til læresveinane; dei skulle dela det ut til folket. Dei to fiskane delte han òg ut, så alle fekk. 42Og alle åt og vart mette. 43Etterpå samla dei opp det som var att av brøda og fiskane, og det vart tolv fulle korger. 44Det var fem tusen mann som hadde ete.
Jesus går på vatnet
(Matt 14,22–33; Joh 6,16–21)
45Straks etter fekk Jesus læresveinane til å gå i båten og fara føre over til hi sida, til Betsaida, medan han bad farvel med folket. 46Då han hadde gjort det, gjekk han opp i fjellet og ville be.#1,35+
47Då kvelden kom, var båten midt ute på sjøen, og Jesus var åleine på land. 48Han såg at dei sleit og rodde tungt, for dei hadde vinden imot seg. Og i den fjerde nattevakta kom han gåande mot dei på sjøen. Han ville gå framom, 49men då dei såg han gå på vatnet, trudde dei at det var eit skrømt, og skreik høgt, 50for dei såg han alle, og dei vart redde. Men i det same tala Jesus til dei: «Ver frimodige, det er eg. Ver ikkje redde!» 51Så steig han opp i båten til dei, og vinden stilna. Men dei var reint ifrå seg av undring. #4,39 52For dei hadde ikkje teke lærdom av det som hadde hendt med brødet, så harde var dei.#8,17
Sjuke vert borne til Jesus
(Matt 14,34–36)
53Då dei hadde fare over sjøen, kom dei til Gennesaret og la til lands der. 54Med det same dei steig ut or båten, kjende folk han att; 55og dei sprang rundt i heile grannelaget og tok til å bera dei sjuke på bårer dit dei høyrde at han var. 56Og kvar han kom, til landsbyar, byar eller grender, sette folk dei sjuke ut på torget. Og dei bad om at dei måtte få ta om så berre i kanten på kappa hans. Og alle som tok i han, vart friske.#3,10; 5,27f
Currently Selected:
Markus 6: Bibel1978
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2