Lukas 7:7-9
Lukas 7:7-9 NO1938N
difor heldt eg meg heller ikkje verdig til å koma til deg. Men seg eit ord, so vert guten min god att! For eg er og ein mann som må lyda dei som større er, og sjølv hev eg hersveinar under meg; og segjer eg til ein av dei: Gakk! so gjeng han, og til ein annan: Kom! so kjem han, og til tenaren min: Gjer det! so gjer han det. Då Jesus høyrde det, undra han seg yver mannen; han snudde seg og sa til folket som fylgde han: Det segjer eg dykk: Ikkje ein gong i Israel hev eg funne so stor ei tru.