Lukas 9
9
Jesus sender ut dei tolv læresveinane, 1-6. Herodes vil gjerne sjå Jesus; men han tek dei tolv med seg og fer til ein øydestad; der mettar han 5.000 mann, 7-17. Peter sannar at Jesus er Guds son; Jesus talar um si liding, um å gløyma seg sjølv og um si atterkoma, 18-27; vert forklåra på berget, 28-36, lækjer ein gut som hev nedfallsotti, 37-43; talar atter um si liding, 44.45, manar læresveinane til audmykt og åtvarar mot blind ihuge, 46-56; talar um å fylgja etter han, 57-62.
1Jesus kalla i hop dei tolv og gav dei makt og velde yver alle vonde ånder og til å lækja sjukdomar.#Luk 6,13; Matt 10,1-42; Mark 6,7-13 2So sende han dei ut, so dei skulde forkynna Guds rike og gjera sjuke gode att, 3og han sa til dei: Tak ingen ting med dykk på vegen, korkje stav eller skreppa eller brød eller pengar! Ikkje heller skal de hava kvar sine tvo trøyor!#Luk 22,35 4Når de kjem inn i eit hus, so ver der, og flytt ikkje ifrå att fyrr de fer lenger! 5Men er det nokon stad dei ikkje vil taka imot dykk, so far burt frå den bygdi og rist dusti av føtene dykkar! Det skal vera eit vitnemål mot dei.#Luk 10,11; Apg 13,51 6So tok dei ut og for ikring frå grend til grend og forkynte evangeliet og lækte folk kvar dei kom. 7Herodes, fylkeskongen, fekk høyra um alt det som hende; då visste han ikkje kva han skulde tru; for sume sa: Johannes hev stade upp frå dei daude!#Matt 14,1-13; Mark 6,14-29 8sume: Elias hev synt seg! andre: Ein av dei gamle profetane hev stade upp att! 9Herodes sjølv sa: Johannes hev eg hogge hovudet av; kva er so dette for ein, som eg høyrer sovore um? Og han freista å få sjå han.#Luk 23,8 10Då apostlane kom att, fortalde dei Jesus alt dei hadde gjort. Då tok han dei med seg burt til ein by som heiter Betsaida og vilde vera åleine med dei.#Matt 14,13-21; Mark 6,30-44 11Men folket fekk vita det og fylgde etter han, og han tok vel imot dei og tala til dei um Guds rike, og lækte dei som lækjedom trong. 12Då dagen tok til å halla, gjekk dei tolv fram og sa til han: Send folket frå deg, so dei kann ganga burt i grendene og gardane her ikring og koma i hus og få seg noko å leva av! For her er me på ein øydestad.#Joh 6,5-15; 2 Kong 4,42-44 13Gjev de dei mat! svara han. Me hev ikkje meir enn fem brødleivar og tvo fiskar, sa dei, minder me skal ganga av stad og kjøpa mat åt alt dette folket? 14- det var um lag fem tusund mann. Då sa han til læresveinane: Lat dei setja seg ned i bordlag på ikring femti mann! 15Dei so gjorde, og let alle setja seg. 16So tok han dei fem brødleivene og dei tvo fiskane, og såg upp imot himmelen og velsigna dei, og han braut dei i stykke og gav det til læresveinane, so dei skulde setja det fram for folket. 17So åt dei, og alle vart mette; og då det vart samla upp det som var att etter dei, var det tolv korger fulle med stykke. 18Ein gong som han var åleine og bad, og læresveinane var med han, spurde han dei: Kven segjer folk at eg er?#Matt 16,13-20; Mark 8,27-30 19Dei svara: Johannes døyparen; men sume segjer: Elias, og sume at ein av dei gamle profetane hev stade upp att.#Luk 9,7-8 20Kven segjer då de at eg er? spurde han. Då tok Peter til ords og sa: Guds Messias!#Joh 6,69; Luk 2,11; Matt 1,16 21Men det forbaud han dei strengt å tala til nokon um. 22Og han sa: Menneskesonen lyt lida mykje; styresmennene og øvsteprestane og dei skriftlærde kjem til å vanda han, og han lyt lata livet; men tridje dagen skal han standa upp att.#Luk 9,44; 18,31-43 23So sa han til alle: Vil nokon vera i lag med meg, so lyt han gløyma seg sjølv og dag for dag taka krossen sin upp og fylgja etter meg.#Matt 16,24-28; Mark 8,34-38 24For den som vil berga livet sitt, skal missa det; men den som misser livet for mi skuld, han skal berga det.#Luk 17,33; Joh 12,25 25Kva batar det eit menneske um han vinn heile verdi, men øyder eller taper seg sjølv? 26For den som skjemmest ved meg og ordi mine, han skal Menneskesonen skjemmast ved når han kjem i herlegdomen som skin kring han og Faderen og dei heilage englane.#Matt 10,33; Luk 12,9; 2 Tim 2,12; 1 Joh 2,23 27Men det segjer eg dykk med sannom: Det er sume av dei som her stend, som ikkje skal smaka dauden fyrr dei fær sjå Guds rike.#Mark 9,1 28Um lag åtte dagar etter han hadde tala desse ordi, hende det at han tok Peter og Johannes og Jakob med seg og gjekk upp i fjellet og vilde beda.#Matt 17,1-9; Mark 9,2-10 29Og medan han bad, fekk andletet hans ein annan dåm, og klædnaden hans vart kvit og blenkte som ljonet. 30Og best det var, stod det tvo menn og tala med han; det var Moses og Elias; 31dei synte seg i herlegdom og tala um hans burtgang, som han skulde fullføra i Jerusalem. 32Peter og dei som var med han, var tyngde av svevn; men då dei vakna, såg dei herlegdomen som lyste frå Jesus, og såg dei tvo mennene som stod innmed han. 33Då so dei skulde skiljast med han, sa Peter til Jesus: Meister, det er godt me er her! Lat oss gjera tri hyttor, ei åt deg, og ei åt Moses, og ei åt Elias - han visste ikkje kva han sa. 34Medan han tala soleis, kom det ei sky og skygde yver dei, og dei vart redde då dei kom inn i skyi. 35Då kom det ei røyst utor skyi: Dette er Son min, han som eg hev kåra meg ut! Han skal de høyra på!#Luk 3,22; 2 Pet 1,17-21; 5 Mos 18,15 36Men då røysti kom, var det ingen å sjå utan Jesus. Dei tagde med dette, og tala ikkje den gongen til nokon um noko av det dei hadde set. 37Dagen etter, då dei var komne ned av fjellet, kom ein stor folkehop imot han.#Matt 17,14-21; Mark 9,14-29 38Best det var, ropa ein mann utor hopen: Meister, eg bed deg: Sjå til son min, han er einaste barnet mitt! 39Rett som det er, grip ei ånd han, og brått set han i og huar; og åndi slit han til fraudi stend kring munnen på han; det er med naudi ho vil sleppa guten, og då gjer ho mest ende på han; 40eg bad læresveinane dine at dei vilde driva henne ut; men dei kunde ikkje. 41Då tok Jesus til ords og sa: Å du vantrune og vrange ætt! Kor lenge skal eg vera hjå dykk og tola dykk? Leid son din hit! 42Fyrr guten endå var komen fram til Jesus, reiv åndi og sleit fælt i han. Men Jesus truga den ureine åndi og gjorde guten god att og gav han att åt faren. 43Og alle var tekne av age og undring yver Guds velde. 44Medan alle var upp i under yver alt det han gjorde, sa han til læresveinane sine: Høyr vel etter desse ordi, og legg dei på minne: Menneskesonen skal gjevast yver i menneskehender!#Luk 9,22 45Men dei skjøna ikkje det ordet; det var dult for dei, so dei ikkje fekk tak på det, og dei torde ikkje spyrja han um det. 46Då steig ein tanke upp i dei um kven av dei som var størst.#Matt 18,1-14; Mark 9,33-37; Luk 22,24-25 47Men Jesus visste kva tankar dei bar i hjarta; han tok eit lite barn og sette det innmed seg 48og sa til dei: Den som tek imot dette barnet for mitt namn skuld, han tek imot meg, Og den som tek imot meg, tek imot han som sende meg. For den som er minst av dykk alle, han er stor.#Joh 13,20; Matt 23,11; Luk 22,26 49Då tok Johannes til ords og sa: Meister, me såg ein som dreiv ut vonde ånder i ditt namn, og me forbaud han det, for di han ikkje er i fylgje med oss.#Mark 9,38-41; 4 Mos 11,27-29 50De skal ikkje forbjoda det, svara Jesus; for den som ikkje er imot dykk, er med dykk.#Luk 11,23 51Då det leid mot den tidi at han skulde takast upp til Gud, vende han augo sine stødt mot Jerusalem; for dit etla han seg.#Apg 1,2 52Han sende bod fyre seg; men då ærendsveinane hans kom til ei samaritanar-grend og skulde tinga hus åt han, 53vilde folket ikkje taka imot han, for di han var på veg til Jerusalem.#Joh 4,9 54Då Jakob og Johannes, læresveinane hans, såg det, sa dei: Herre, vil du me skal segja at det skal fara eld ned frå himmelen og øyda dei, soleis som Elias gjorde?#2 Kong 1,10.12 55Då snudde han seg og tala strengt til dei og sa: De veit ikkje kva ånd de er av. 56Menneskesonen er ikkje komen for å øyda menneskeliv, men for å frelsa. So gjekk dei til ei onnor grend. 57Medan dei for etter vegen, var det ein som sa til han: Eg vil fylgja deg kvar du so fer!#Matt 8,19-22 58Jesus svara: Revane hev hi, og fuglane i lufti hev reir, men Menneskesonen hev ingen stad han kann halla sitt hovud nedpå. 59Til ein annan sa han: Fylg meg! Han svara: Herre, lat meg fyrst få ganga heim og jorda far min! 60Lat dei daude jorda sine daude, sa Jesus, men gakk du i veg og forkynn Guds rike! 61Det var ein annan og som sa: Eg vil fylgja deg, Herre, men lat meg fyrst få beda farvel med dei som heime er!#1 Kong 19,20 62Jesus svara: Ingen som hev lagt handi på plogen, og so ser attum seg, høver for Guds rike.
Currently Selected:
Lukas 9: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

: