Matteus 24
24
Jesus talar um Jerusalems undergang og si atterkoma, 1-51.
1Då Jesus steig ut or templet og tok til å ganga burtetter vegen, gjekk læresveinane fram og vilde syna han tempelbygningane.#Mark 13,1-37; Luk 21,5-36 2Ja, ser de ikkje alt dette! svara han. Det segjer eg dykk for sant: Her ligg ikkje stein på stein som ikkje skal rivast ned.#Luk 19,44; 1 Kong 9,7-8; Mi 3,12 3Sidan, då han sat på Oljeberget, og ingen annan var med, gjekk læresveinane fram til han og sa: Seg oss: Når skal alt dette ganga fyre seg, og kva merke skal me hava på koma di og enden på verdi! 4Då svara Jesus: Sjå dykk fyre, so ingen forvillar dykk! 5For mange skal taka mitt namn og segja: Eg er Messias, og føra mange på villstig. 6De skal få høyra ufred og tidender um ufred; sjå til at de ikkje vert skræmde! For dette lyt henda; men endå er ikkje enden komen. 7Folk skal reisa seg imot folk, og rike mot rike, og det skal vera uår og jordskjelv kring i landi; 8men alt det er berre upptaket til føderidene. 9Då skal dei driva dykk ut i naud og fåre og slå dykk i hel, og alle folk skal hata dykk for mitt namn skuld.#Matt 10,17; Joh 15,20-21; 16,2-3 10Mange skal då falla ifrå, og svika og hata kvarandre, 11og mange falske profetar skal stiga fram og føra mange på villstig;#2 Pet 2,1 12og av di uretten hev vorte so stor, skal kjærleiken kolna hjå mengdi.#2 Tim 3,1-3 13Men den som held ut til endes, han skal verta frelst.#Matt 10,22; Op 2,10 14Og dette evangeliet um riket skal kunngjerast yver heile jordkringen, so alle folkeslag fær vita um det, og då skal enden koma. 15Når de då ser at den øydande styggedomen, som Daniel, profeten, hev tala um, stend på den heilage staden - den som les det, han akte vel på det! -#Dan 9,26-27 16då lyt dei som er i Judaland, røma til fjells, 17og den som er uppå taket, må ikkje stiga ned og henta noko i huset sitt,#Luk 17,31 18og den som er utpå marki, må ikkje ganga heim att etter kjolen sin! 19Stakkars dei som gjeng med barn eller gjev brjost, i dei dagane! 20Men bed at det ikkje må vera um vinteren eller på ein sabbat de lyt røma! 21For då skal det vera slik hard naud at det aldri hev vore slik naud frå verdi vart til og til no, og vert ikkje sidan heller.#Dan 12,1 22Og vart ikkje den tidi stutt, so fanst det ikkje liv som vart berga; men for dei utvalde skuld skal den tidi vera stutt. 23Um nokon då segjer til dykk: Sjå her er Messias, eller der, so må de ikkje tru det!#Luk 17,23 24For det skal standa fram falske messias'ar og falske profetar og gjera store teikn og under, so jamvel dei utvalde kunde forvillast, um det var råd.#2 Tess 2,9-12 25Kom i hug: Eg hev sagt dykk det fyreåt!#Joh 13,19; 14,29 26Segjer dei no med dykk: Han er ute i øydemarki, so gakk ikkje der ut! eller: Han er inni koven, so tru det ikkje! 27For liksom ljonet gjeng ut ifrå aust og skin radt til vest, so skal det vera når Menneskesonen kjem.#Luk 17,24 28Der åta er, vil ørnane sankast.#Job 39,33; Luk 17,37 29Men straks etter dei dagane og trengslone deira skal soli myrkjast, og månen missa sitt ljos; stjernone skal falla ned frå himmelen, og himmelkraftene skakast.#Joel 3,4.20; Apg 2,20; Op 6,12-13; Jes 13,10 30Då skal teiknet åt Menneskesonen syna seg på himmelen, og alle ætter på jordi skal øya og gråta, og dei skal sjå Menneskesonen koma i himmelskyene med velde og stor herlegdom.#Matt 16,27; 26,64; Mark 14,62; Dan 7,13; Apg 1,11; Op 1,7 31Medan luren ljomar, skal han senda ut englane sine, og dei skal sanka i hop dei han hev valt seg ut, frå heimsens fire hyrno, frå himmelbrun til himmelbrun.#Matt 13,41; 1 Kor 15,52; 1 Tess 4,16 32Lær ei likning av fiketreet: Når sevja hev kome i greinene, og lauvet tek til å spretta, då veit de at sumaren er nær. 33Like eins når de ser alt dette; då veit de at han er utfor døri. 34Det segjer eg dykk for visst: Denne ætti skal ikkje forgangast fyrr alt dette hev hendt. 35Himmel og jord skal forgangast, men mine ord skal aldri forgangast.#Sal 102,27; Jes 51,6; Hebr 1,11; 1 Pet 1,25 36Men den dagen og timen veit ingen, ikkje ein gong englane i himmelen - ingen utan Faderen åleine.#Apg 1,7 37For som det var i Noahs dagar, so skal det vera når Menneskesonen kjem:#1 Mos 6,11-12; Luk 17,26-27 38liksom dei i dagane fyre storflodi åt og drakk, og gifte seg og vart burtgifte, alt til den dagen då Noah gjekk inn i arki, 39og ingen visste ordet av fyrr storflodi kom og tok dei alle burt, so skal det vera når Menneskesonen kjem. 40Då er tvo menn ute på marki; den eine vert henta, og den andre vert att.#Luk 17,34-37 41Tvo kvinnor mel på kverni; den eine vert henta, og den andre vert att. 42So vak då! For de veit ikkje kva dag Herren dykkar kjem.#Matt 25,13; Mark 13,33.35; 1 Tess 5,6 43Men det skynar de at dersom husbonden visste kva tid på natti tjuven kom, so vakte han og let ingen brjota seg inn i huset.#Luk 12,39-40; 1 Tess 5,2; 2 Pet 3,10; Op 3,3; 16,15 44Difor lyt de og vera ferdige! Menneskesonen kjem på ei tid de ikkje ventar han. 45Kvar er no den trugne og vituge drengen, som husbonden hev sett yver tenestfolket, so han skal gjeva dei mat i rett tid?#Luk 12,42-48 46Sæl er den drengen som husbonden ser gjera so når han kjem. 47Det segjer eg dykk for visst: Han skal setja han yver alt det han eig.#Matt 25,21.23; Luk 22,29-30 48Men er drengen ein skarv og segjer med seg: Husbonden min vert lenge burte, 49og han so tek til å slå dei hine tenarane og et og drikk i lag med drikkarar, 50då skal husbonden hans koma på ein dag han ikkje ventar det, og i ein time han ikkje veit av, 51og hogga han sund og lata han få sin lut i lag med hyklarane, der dei græt og skjer tenner.#Matt 8,12
Currently Selected:
Matteus 24: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

: