YouVersion Logo
Search Icon

Markus 4

4
Likningi um dei fire slags sædejord, og um korleis ho skal tydast, 1-20; likningi um ljoset, 21-25, um såkornet, 26-29, um senapskornet, 30-34. Jesus stiller stormen på Gennesaretsjøen, 35-41.
1So tok han til å læra folket att ved sjøen; og det samla seg ei uhorveleg mengd ikring han, so han laut ganga ut i ein båt; den sat han i utpå vatnet, medan heile folkehopen stod innpå land nedmed sjøen.#Matt 13,1-23 2Då lærde han dei mangt og mykje i likningar, og medan han soleis lærde dei, sa han:#Luk 8,4-18 3Høyr her! Det var ein såmann som gjekk ut og skulde så. 4Då bar det so til medan han sådde, at noko av kornet fall frammed vegen, og fuglane kom og åt det upp. 5Noko fall på steingrunn; der hadde det ikkje mykje jord, og det rann snøgt upp, av di der var so grunt; 6men då soli steig, skein det av, for det hadde ikkje rot. 7Noko fall millom klunger, og klungeren voks upp og kjøvde det, og det gav ikkje grøda. 8Noko fall i god jord; det rann upp og voks og gav grøda og bar upp til tretti og seksti og hundrad foll. 9Høyr etter, kvar som øyro hev å høyra med! sa han då. 10Då han vart åleine, kom dei tolv og dei andre som var med han, og spurde han um likningane. 11Han svara: De får vita løyndomen i Guds rike, men til dei andre, som er utanfor, kjem allting i likningar, 12so dei skal sjå og sjå, men ikkje skilja, og høyra og høyra, men ikkje skyna; elles kunde dei venda um og få tilgjeving.#Jes 6,9-10 13Men skynar de ikkje denne likningi, sa han, korleis kann de då greida alle dei andre likningane? 14Såmannen, det er den som sår ordet. 15Dei frammed vegen, det er dei som ordet vert sått i, men med det same dei hev høyrt det, kjem Satan og tek burt ordet som var sått i dei. 16Sameleis dei som var sådde på steingrunn; det er dei som straks dei fær høyra ordet, tek imot det med gleda; 17men dei hev ikkje rot i seg, og held ikkje ut langt belet; kjem dei so i naud eller fåre for ordet skuld, leidest dei straks og fell ifrå. 18Andre var sådde millom klunger; det er dei som hev høyrt ordet, 19men sutene for det timelege og den svikefulle rikdomen og fysna etter alle andre ting trengjer seg inn og kjøver ordet, so det vert grødelaust. 20Men dei som var sådde i god jord, det er dei som høyrer ordet og tek imot det og gjev grøda i tretti og seksti og hundrad foll. 21Sidan sa han til dei: Når dei kjem inn med eit ljos, set dei det då under skjeppa eller sengi? set dei det ikkje i staken?#Matt 5,15; Luk 8,16-21; 11,33 22For ingen ting er dult utan det vert openberra, og ingen ting vart løynt utan det laut fram i ljoset.#Matt 10,26; Luk 12,2 23Høyr etter, kvar som øyro hev å høyra med! 24So sa han til dei: Akta vel på det de høyrer! Det målet de mæler med, skal dei mæla åt dykk med, og endå skal de få noko attpå.#Matt 7,2; Luk 6,38 25For den som hev, han skal få, men den som ikkje hev, skal missa endå det som han hev.#Matt 13,12; Luk 8,18 26Sidan sa han: Med Guds rike er det so som når ein mann hev sått kornet i jordi: 27Han søv og ris upp, natt etter natt og dag etter dag, og frøet renn upp og veks - han veit ikkje korleis det gjeng til; 28av seg sjølv ber jordi si grøda, fyrst strå, so aks, so fulle korn i kvart aks. 29Men so snart som åkeren er skjær, tek han fram sigden; for hausten er komen. 30So sa han: Kva skal me likna Guds rike i hop med? kva bilete skal me teikna det med?#Luk 13,18-21 31Det er liksom senapskornet; når det vert lagt i jordi, er det mindre enn alle frøkorn i verdi.#Matt 13,31-32 32Men etter det er sått, renn det upp og vert større enn alle hagevokstrar og fær store greiner, so fuglane i lufti kann byggja reir i skuggen av det. 33I mange sovore likningar tala han ordet til dei, etter som dei var god til å høyra.#Matt 13,34 34Forutan likningar tala han ikkje til folket; men når han var åleine med læresveinane sine, la han det ut for dei alt saman. 35Då det leid til kvelds same dagen, sa han til dei: Lat oss fara yver til hi sida!#Matt 8,18.23-27; Luk 8,22-25 36So skildest dei med folket, og tok han med i båten som han var. Og andre båtar fylgde og med. 37Då vart det so hardt eit ver at bårone slo inn i båten, og han heldt på å ganga full. 38Men Jesus låg og sov på puta i bakskuten. Dei vekte han og sa: Meister, er du like sæl um me gjeng under? 39So stod han upp og truga vinden og sa til sjøen: Teg, og ver still! Då logna vinden, og det vart blikende stilt. 40Og han sa til dei: Kvi er de so redde? Hev de endå ingi tru? 41Men dei vart fulle av otte og sa seg imellom: Kven tru han er, denne mannen, at både vinden og sjøen lyder han!

Currently Selected:

Markus 4: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in