Lukas 13
13
Jesus tel folket til å venda um, 1-5; set fram likningi um fiketreet; 6-9; lækjer ei kvinna på sabbaten, 10-17; set fram likningane um senapskornet og surdeigen, 18-21; talar um den tronge døri, 22-30; forkynner domen yver Jerusalem, 31-35.
1I same tidi kom det nokre og fortalde han um dei galilearane som Pilatus drap medan dei bar fram offeret sitt, so blodet deira blanda seg med offerblodet. 2Då tok han til ords og sa til dei: Trur de desse galilearane var større syndarar enn alle andre galilearar, sidan det gjekk dei soleis? 3Nei, segjer eg dykk, men vender de ikkje um, skal de alle umkomast på sovori vis.#Sal 7,13-14 4Eller dei attan som Siloatårnet datt nedyver og slo i hel, trur de dei var verre brotsmenn enn alt hitt folket som bur i Jerusalem? 5Nei, segjer eg dykk, men vender de ikkje um, skal de alle umkomast på same vis. 6So sa han denne likningi: Ein mann hadde eit fiketre som stod i vingarden hans. Han kom og leita etter frukt på det, men fann ingi.#Jes 5,2 7Då sa han til vingardsmannen: No er det tridje året eg kjem og leitar etter frukt på dette fiketreet og finn ingi. Hogg det ned! Kvi skal det og taka burt jordi til unyttes? 8Herre, lat det få standa i år og! svara vingardsmannen, til eg fær grave kring det og lagt hevd innåt; 9kann henda det ber eit anna år; gjer det ikkje det, so fær du hogga det ned! 10Ein sabbat lærde Jesus i ei av synagogone. 11Der var det ei kvinna som hadde havt ei vond ånd i seg i attan år, og den hadde gjort henne so maktlaus at ho var tvikrokut og ikkje på nokor vis kunde halda seg upprett. 12Då Jesus fekk sjå henne, kalla han henne til seg. No er du løyst frå vanmakti di, kvinna! sa han 13og la hendene på henne; og med ein gong rette ho seg upp og lova Gud. 14Då tok synagoge-forstandaren til ords - han var harm for di Jesus hadde lækt på sabbaten - og sa til folket: Det er seks dagar ein lyt arbeida; på dei kann de koma og lata dykk lækja, og ikkje på sabbaten!#2 Mos 20,8-11; 5 Mos 5,12-15 15Hyklarar! svara Herren han då, løyser ikkje kvar ein av dykk uksen og asnet sitt av båsen um sabbaten, og leider dei av og vatnar dei?#Luk 14,5; Matt 12,11-12 16Og denne kvinna, som er Abrahams dotter, og som Satan hev halde bundi, tenkje seg til, i attan år, skulde ikkje ho løysast or det bandet, for di um det er sabbat? 17Då han sa det, skjemdest alle dei som stod han imot, og heile folket gledde seg yver alt det underfulle han gjorde. 18So sa han då: Kva er Guds rike likt? kva skal eg likna det med? 19Det er likt eit senapskorn som ein mann tok og la ned i hagen sin, og det voks og vart til eit tre, og fuglane i lufti bygde reir i greinene på det.#Matt 13,31-32; Mark 4,31-34 20So sa han atter: Kva skal eg likna Guds rike med? 21Det er likt ein surdeig som ei kvinna tok og gøymde i tri skjeppor mjøl, til alt saman var syrt.#Matt 13,33 22So for han kring frå by til by og frå grend til grend og lærde folket, alt medan han var på vegen til Jerusalem. 23Det var ein som sa til han: Herre, er det få som vert frelste? Då sa han til dei: 24Streva alt de kann for å koma inn igjenom den tronge døri! Mange, segjer eg dykk, skal freista å koma inn, men er ikkje god til.#Matt 7,13 25Når husbonden fyrst hev reist seg og stengt døri, og de so gjev dykk til å standa utanfor og banka på døri og segja: Herre, lat upp åt oss! då skal han svara dykk so: Eg veit ikkje kvar de er ifrå.#Matt 25,11-12 26Tek de då på å segja som so: Me hev ete og drukke i lag med deg, og du lærde i gatone våre,#Matt 7,21-23 27so skal han svara: Eg segjer dykk: Eg veit ikkje kvar de er ifrå. Hav dykk burt frå meg, alle de som gjorde urett!#Sal 6,9; Matt 25,41 28Der skal det vera gråt og tanngnistring når de fær sjå Abraham og Isak og Jakob og alle profetane i Guds rike, men de sjølve vert kasta ut.#Matt 8,12; 13,42; 24,51 29Og det skal koma folk frå aust og frå vest og frå nord og frå sud og setja seg til bords i Guds rike.#Matt 8,11; Jes 2,2; Mal 1,11 30Men kom i hug at det finst dei som er millom dei siste og skal vera millom dei fyrste, og det finst dei som er millom dei fyrste og skal vera millom dei siste.#Matt 19,30; 20,16; Mark 10,31 31I same belet kom det nokre farisearar og sa til han: Tak ut og far herifrå! Herodes tenkjer på å drepa deg. 32Han svara: Gakk og seg den reven: I dag og i morgon driv eg ut vonde ånder og gjer sjuke friske att; tridje dagen er eg til endes komen; 33men i dag og i morgon og dagen etter lyt eg ferdast; for det ber aldri til at ein profet let livet annanstad enn i Jerusalem. 34Jerusalem, Jerusalem, du som slær i hel profetane og steinar dei som er sende til deg, kor ofte vilde eg ikkje ha samla borni dine kring meg, liksom ein fugl samlar ungeflokken under vengene! Men de vilde ikkje.#Matt 23,37-39; Sal 91,4; Jes 31,5 35Sjå no skal de få hava huset dykkar sjølve. Eg segjer dykk: De fær aldri sjå meg fyrr den tidi kjem då de ropar: Velsigna vere han som kjem i Herrens namn!#Rom 11,25-32; Sal 118,26
Actualmente seleccionado:
Lukas 13: NO1938N
Destacar
Compartir
Copiar
¿Quieres tener guardados todos tus destacados en todos tus dispositivos? Regístrate o inicia sesión
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

: