Lukas 17
17
Jesus talar um å freista og um å tilgjeva, 1-4; um trui og den rette tenarhugen, 5-10; lækjer ti spillsjuke menn, 11-19; talar um korleis Guds rike kjem, 20.21, og um si atterkoma, 22-37.
1Sidan sa han til læresveinane sine: Det er uråd anna enn det lyt koma freistingar, men ve yver den som dei kjem ifrå!#Matt 18,6-7 2Han var betre faren det låg ein kvernstein um halsen hans, og han var kasta i havet, enn at han skulde freista ein av desse små.#Mark 9,42 3Tak dykk i vare! Syndar bror din, so tala han til rettes, og angrar han, so tilgjev han!#3 Mos 19,17; Matt 18,15-22 4Um han syndar mot deg sju gonger um dagen, og sju gonger kjem attende til deg og segjer: Eg angrar! so skal du tilgjeva han. 5Apostlane sa til Herren: Gjev oss meir tru! 6Herren svara: Hadde de tru som eit senapskorn, so kunde de segja til dette morbærtreet: Rykk deg upp og røt deg i havet! og det skulde lyda dykk.#Matt 17,20; 21,21; Mark 11,23 7Um nokon av dykk hev ein dreng som pløgjer eller gjæter, segjer han då til han når han kjem heim frå marki: Kom straks og set deg til bords? 8Segjer han ikkje heller: Stell til kveldsmaten åt meg, bind upp klædi dine og gakk meg til handa medan eg et og drikk! sidan kann du eta og drikka? 9Takkar han vel drengen for di han gjorde det som han var fyresagd? Eg trur ikkje det. 10Soleis de og; når de hev gjort alt som var sagt dykk, so seg: Me er uturvande tenarar! Me hev ikkje gjort anna enn det som var skyldnaden vår. 11Medan han var på vegen til Jerusalem og for midt imillom Samaria og Galilea, 12bar det so til at han gjekk inn i ein liten by, og der kom det imot han ti mann som hadde spillsykja; dei vart standande eit langt stykke undan, 13og ropa høgt: Jesus, meister, gjer sælebot på oss! 14Då Jesus vart var dei, sa han til dei: Gakk og té dykk fram for prestane! Og medan dei var på vegen, hende det at dei vart reine.#3 Mos 14,2; Matt 8,4; Luk 5,14 15Ein av dei kom attende då han såg han var lækt; han lova Gud med høg røyst, 16og kasta seg å gruve framfor føtene hans og takka han; det var ein samaritan. 17Då tok Jesus til ords og sa: Vart dei ikkje reine alle ti? Kvar er då dei ni? 18Var det ingen utan denne framande som kom attende og vilde gjeva Gud æra? 19So sa han til mannen: Statt upp og gakk heim att! Trui di hev hjelpt deg.#Luk 7,50 20Farisearane spurde han ein gong når Guds rike skulde koma. Då svara han dei so: Guds rike kjem ikkje so at ein kann sjå det for augo. 21Ein kann ikkje heller segja: Sjå her er det! eller: Der er det! For Guds rike, det er inni dykk. 22Sidan sa han til læresveinane: Det kjem ei tid då de skal stunda etter å sjå ein av dei dagane då Menneskesonen råder, men de skal ikkje få sjå det. 23Dei kjem til å segja til dykk: Sjå der er han! Sjå her! Gakk ikkje der burt, og fylg ikkje etter dei!#Matt 24,23-36 24For liksom ljonet, når det kjem, skin frå himmelbrun til himmelbrun, soleis skal det vera med Menneskesonen den dagen han kjem. 25Men fyrst lyt han lida mykje, og denne ætti skal skjota han ifrå seg.#Luk 9,22; 18,31-34 26Og som det var i Noahs dagar, so skal det og vera den tidi då Menneskesonen kjem:#1 Mos 6,11-12; Matt 24,37-51; 1 Pet 3,20 27dei åt, dei drakk, dei gifte seg, dei vart burtgifte, alt til den dagen då Noah gjekk inn i arki; då kom storflodi og tynte alle i hop. 28Eller som det var i Lots dagar: dei åt, dei drakk, dei kjøpte, dei selde, dei planta, dei bygde;#1 Mos 19,14 29men den dagen då Lot tok ut frå Sodoma, regnde det eld og svovel frå himmelen og tynte dei alle.#1 Mos 19,24 30På same vis skal det vera den dagen Menneskesonen syner seg. 31Er nokon den dagen uppå taket og hev sine ting nedi huset, so må han ikkje stiga ned og henta dei; heller ikkje må den som er utpå marki, ganga heim att.#Matt 24,17-18; Mark 13,15-16 32Kom i hug kona åt Lot!#1 Mos 19,26 33Den som freister å berga livet sitt, skal missa det, og den som misser det, skal vinna det att.#Luk 9,24; Joh 12,25 34Eg segjer dykk: Den natti skal det liggja tvo i ei seng; den eine skal hentast, og hin setjast att.#Matt 24,40-41 35Tvo kvinnor skal mala på same kverni; den eine skal hentast, og hi setjast att. 36Tvo skal vera utpå marki; den eine skal hentast, og hin setjast att. 37Då tok læresveinane til ords og sa: Kvar, Herre? Han svara: Der liket er, der vil ørnane sankast innåt.#Job 39,33; Matt 24,28
Actualmente seleccionado:
Lukas 17: NO1938N
Destacar
Compartir
Copiar
¿Quieres tener guardados todos tus destacados en todos tus dispositivos? Regístrate o inicia sesión
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

: