Lukas 19
19
Sakkeus, 1-10, Likningi um dei utlånte pengane og dei upprørske undersåttane, 11-27. Jesus rid inn i Jerusalem, 28-40, græt yver byen, 41-44, reinsar templet, 45.46, og lærer der, 47.48.
1So kom han til Jeriko og for fram igjenom byen. 2Der var det ein mann som heitte Sakkeus; han var ein høg tollmann og rik. 3Han hadde slik hug til å sjå Jesus, kven han var, men kunde ikkje koma til for folkemengdi; for han var liten på vokster. 4So sprang han i fyrevegen og kleiv upp i eit morbærtre, so han kunde få sjå han; for der laut han koma framum. 5Då Jesus kom dit, såg han upp og sa til han: Sakkeus, skunda deg og kom ned! I dag lyt eg vera hjå deg. 6Då skunda han seg ned, og tok imot Jesus med gleda. 7Alle som såg det, murra og sa seg imillom: Han gjeng inn til ein syndig mann og tek herbyrge der!#Luk 15,2 8Men Sakkeus steig fram og sa til Herren: Herre, helvti av alt det eg eig, gjev eg dei fatige, og hev eg truga pengar frå nokon, gjev eg det att firdobbelt. 9Og Jesus sa um han: I dag hev det timst dette huset å få frelsa, etter di han og er Abrahams son;#Luk 13,16 10for Menneskesonen er komen for å leita etter det som var fortapt, og frelsa det.#Luk 5,32; Matt 9,13 11Medan dei lydde på det, heldt han ved og fortalde ei likning, av di han var so nær Jerusalem, og dei tenkte at Guds rike skulde koma til synes med det same. 12Han sa: Det var ein gong ein høgætta mann som for langt burt til eit anna land og vilde få seg kongedøme og so venda heim att.#Matt 25,14-30 13Han kalla til seg ti av tenarane sine, og gav dei ti pund og sa: Driv no handel med dette medan eg er burte! 14Men landsmennene hans hata han, og skikka sendemenn av stad etter han, som skulde segja: Me vil ikkje at den mannen skal vera kongen vår!#Sal 2,3 15Då han no kom att og hadde fenge kongedømet, sa han at dei tenarane han hadde gjeve pengane til, skulde ropast inn til han, so han kunde få vita kor mykje dei hadde tent. 16Då gjekk den fyrste fram og sa: Herre, pundet ditt hev kasta av seg ti pund. 17Det var rett, du gode tenar! svara Herren; for di du hev vore tru med det som lite var, skal du hava velde yver ti byar.#Luk 16,10 18So kom den andre og sa: Pundet ditt, herre, hev gjeve fem pund. 19Til han sa herren: Du skal råda yver fem byar. 20So kom ein annan og sa: Herre, sjå her er pundet ditt! Eg hev havt det liggjande i eit knyte; 21for eg var redd deg, av di du er ein streng mann: du tek inn det du ikkje la ut, og haustar det du ikkje sådde. 22Då sa herren: Etter dine eigne ord dømer eg deg, du låke tenar! Du visste at eg er ein streng mann, som tek inn det eg ikkje la ut, og haustar det eg ikkje sådde? 23Kvi sette du då ikkje pengane mine i banken? so hadde eg fenge dei att med rentor når eg kom heim. 24Tak pundet frå han! sa han til dei som stod innmed, og gjev det til han som hev ti pund! 25- Herre, han hev då ti pund! sa dei. - 26Eg segjer dykk at kvar den som hev, skal få, og den som ikkje hev, skal missa endå det som han hev.#Luk 8,18 27Men desse uvenene mine som ikkje vilde at eg skulde vera kongen deira, dei skal de føra hit og hogga dei ned for augo mine! 28Då han hadde sagt det, gjekk han fyre på ferdi upp til Jerusalem. 29Som han no kom burtimot Betfage og Betania, til det berget dei kallar Oljeberget, sende han tvo av læresveinane i veg og sa:#Matt 21,1-11; Mark 11,1-11; Joh 12,12-19 30Gakk burt i den grendi som ligg midt imot oss! Når de kjem der, finn de ein fole som stend bunden, og som det aldri hev sete menneske på; den skal de løysa og leida hit. 31Og dersom nokon spør dykk kvi de løyser han, skal de svara so: Herren treng um han. 32Dei som var sende, gjekk, og fann det so som han hadde sagt med dei. 33Då dei so løyste folen, sa dei som åtte han: Kvi løyser de folen? 34Herren treng um han, svara dei. 35So leidde dei folen fram til Jesus, og kasta kjolane sine på han og let Jesus setja seg uppå; 36og medan han for frametter, breidde dei klædi sine under på vegen. 37Som han no var tett burtmed der det ber ned frå Oljeberget, tok læresveinane, heile flokken, glade som dei var, til å lova Gud med høg røyst for alle dei underi dei hadde set, og kvad: 38Velsigna vere kongen som kjem i Herrens namn! Fred i himmelen, og æra i det høgste!#Sal 118,26; Luk 2,14 39Nokre farisearar som var med i folkehopen, sa til han: Meister, tala til læresveinane dine! 40Då svara han: Eg segjer dykk: Dersom desse tegjer, so skal steinane ropa. 41Då han kom næmare og såg byen, gret han yver han og sa: 42Hadde du berre visst, um ikkje fyrr enn i dag, kva som tener til di velferd! Men no er det dult for augo dine.#5 Mos 32,29 43For det skal koma ei tid for deg då fiendane kastar upp ein voll um deg og kringset deg og trengjer deg frå alle kantar,#Esek 21,22; 23,24 44og støyter deg ned i grunnen, og borni dine med deg, og ikkje let det liggja att stein på stein i deg, for di du ikkje skyna di gjestings tid.#1 Kong 9,7-9; Mi 3,12; Matt 24,2; Mark 13,2; Luk 21,6 45Då han kom inn i templet, tok han til å driva ut dei som handla der,#Matt 21,12-13; Mark 11,15-17; Joh 2,14-16 46og sa til dei: Det stend skrive: Mitt hus skal vera eit bønehus. Men de hev gjort det til eit røvarbol.#Jes 56,7; Jer 7,11 47Sidan lærde han dagstødt i templet. Øvsteprestane og dei skriftlærde var huga til å få rudt han or vegen, og det same var dei fyrste mennene i folket,#Mark 11,18; Joh 7,19; 8,37 48men dei kunde ikkje finna ut korleis dei skulde bera seg åt med det; for heile folket hekk ved han og lydde på han.#Matt 21,46; Apg 4,21
Actualmente seleccionado:
Lukas 19: NO1938N
Destacar
Compartir
Copiar
¿Quieres tener guardados todos tus destacados en todos tus dispositivos? Regístrate o inicia sesión
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

: