Lukas 2
2
Jesus vert fødd i Betlehem, 1-20. Han vert umskoren og tedd fram i templet; Simeon og Anna lovar Herren, 21-38. Foreldri åt Jesus fer heim til Nasaret, 39-40. Den tolvårsgamle Jesus i templet, 41-52.
1I dei dagane let keisar Augustus lysa ut at det skulde takast manntal yver heile verdi. 2Dette var fyrste gongen dei tok manntal, medan Kvirinius var landshovding i Syria. 3Då for alle heim, kvar til sin eigen by, og skulde skriva seg i manntalet. 4Josef og for frå Galilea, frå den byen som heiter Nasaret, upp til Judea, til Davidsbyen, den som dei kallar Betlehem, - for han høyrde til Davids hus og ætt -#1 Sam 16,4-13; Mi 5,1; Matt 2,6; Joh 7,42 5og vilde skriva seg der. Maria, festarmøyi hans, var med han; ho gjekk då med barn,#Matt 1,18; Luk 1,27 6og medan dei var der, bar det so til at tidi hennar kom, 7og ho åtte den fyrste sonen sin; ho sveipte han og la han i ei krubba, for det var ikkje rom åt dei i herbyrget.#Matt 1,25 8Det var nokre hyrdingar der i bygdi som låg ute og vakta buskapen sin um natti. 9Best det var, stod ein engel frå Herren innmed dei, og Herrens herlegdom lyste kringum dei. Då vart dei fælande redde; 10men engelen sa til dei: Ver ikkje redde! Eg kjem med bod til dykk um ei stor gleda som skal timast alt folket: 11I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by; han er Kristus, Herren! 12Og det skal de hava til merke: De skal finna eit lite barn som er sveipt og ligg i ei krubba. 13Og brått var det ein stor her av himmelånder med engelen; dei lova Gud og kvad:#Sal 103,21 14Æra vere Gud i det høgste, og fred på jordi, og hugnad med menneske!#Luk 19,38; Jes 57,19; Rom 5,1; Ef 2,14-22 15Då englane hadde fare burt att og upp til himmelen, sa hyrdingane seg imillom: Lat oss no ganga radt til Betlehem og sjå dette som hev hendt, og som Herren hev varsla oss um! 16So skunda dei seg dit, og fann Maria og Josef, og det vesle barnet som låg i krubba. 17Og då dei hadde set det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt dei um dette barnet. 18Alle som høyrde på hyrdingane, undra seg yver det dei fortalde; 19men Maria gøymde alle desse ordi i hjarta, og grunda på dei.#Luk 2,51 20Og hyrdingane for heim att, og lova og prisa Gud for alt det dei hadde høyrt og set, og som høvde so vel med alt det som var sagt dei. 21Då åtte dagar var lidne, og han skulde umskjerast, kalla dei han Jesus; det var det namnet engelen hadde nemnt fyrr han var komen i morsliv.#1 Mos 17,12; 3 Mos 12,2; Matt 1,21.25; Luk 1,31 22So snart reinsingstidi som er fyreskrivi i Mose-lovi, var til endes for dei, tok dei han med seg upp til Jerusalem; dei vilde te han fram for Herren#3 Mos 12,3 23- soleis som det stend skrive i Herrens lov: Alt mannkyn som kjem fyrst frå morsliv, skal kallast heilagt åt Herren -#2 Mos 13,2; 4 Mos 3,13 24og vilde bera fram offer, etter det som er sagt i Herrens lov: eit par turtelduvor eller tvo duveungar.#3 Mos 12,6.8 25I Jerusalem var det då ein mann som heitte Simeon, ein rettferdig og gudleg mann som venta på Israels trøyst; den Heilage Ande var yver han 26og hadde vitra han um at han ikkje skulde fara or verdi fyrr han hadde set Herrens Messias.#Luk 2,11 27No kom han til templet - det var Anden som dreiv han - og då foreldri kom berande inn med Jesus-barnet og vilde fara med det som visi var etter lovi, 28tok han det på armane og lova Gud og sa: 29Herre, no let du tenaren din fara herifrå i fred, etter ditt ord;#1 Mos 46,30; Fil 1,23 30for augo mine hev set di frelsa,#Jes 52,10; Luk 3,6 31som du hev skipa til for åsyni åt alle folk,#Sal 98,2 32eit ljos til openberring for heidningane, og ein herlegdom for Israel, folket ditt.#Jes 42,6; 49,6; Apg 13,47 33Far hans og mor hans undra seg yver det som vart sagt um han. 34Og Simeon velsigna dei, og sa til Maria, mor hans: Dette barnet er sett til fall og uppreising for mange i Israel, og til eit motsegjingsteikn;#Luk 20,18; Jes 8,14; Rom 9,33; 1 Kor 1,23-24; 2 Kor 2,16; 1 Pet 2,7 35men deg og skal sverdet stinga gjenom sjeli; då kjem det upp kva tankar mange gøymde i hjarta.#Joh 19,25 36Det var og ei profetkvinna der, Anna Fanuelsdotter av Asers-ætti. Ho var langt ut i åri; etter ho vart gift, hadde ho butt i hop med mannen sin i sju år, 37og sidan sete enkja til ho no var fire og åtti år. Ho kom aldri frå templet, og tente Gud i fasta og bøn natt og dag.#1 Tim 5,5 38I denne stundi gjekk ho fram og takka og prisa Gud, og tala um barnet til alle som venta på utløysing for Jerusalem. 39Då dei hadde gjort alt som er fyreskrive i Herrens lov, for dei attende til heimstaden sin, Nasaret i Galilea. 40Og barnet voks og vart sterkt og fullt av visdom, og Guds nåde var yver han.#Luk 2,52; 1,80 41År um anna for foreldri hans til Jerusalem i påskehelgi.#2 Mos 23,17 42Då han var tolv år, drog dei og dit upp, som skikk og bruk var på høgtidi; 43men då dei hadde vore der høgtidsdagane til endes, og skulde taka på heimvegen, vart Jesus-barnet att i Jerusalem, og foreldri hans gådde det ikkje. 44Dei tenkte han var med i ferdafylgjet, og for ei dagsleid fram, og leita etter han millom skyldfolk og kjenningar. 45Som dei no ikkje fann han, for dei attende til Jerusalem og leita etter han der; 46og då tri dagar var lidne, fann dei han i templet; der sat han midt ibland lærarane og lydde på dei og spurde dei, 47og alle som høyrde på han, var reint upp i under kor vitug han var, og for svar han gav.#Joh 7,15 48Då dei fekk sjå han, vart dei mest frå seg av undring, og mor hans sa: Kvi for du soleis åt mot oss, barn? Far din og eg hev leita so sårt etter deg! 49Han svara: Kvifor leita de etter meg? Visste de ikkje at eg lyt vera i huset åt Far min? 50Men dei skyna ikkje kva han meinte med det ordet. 51So fylgde han dei heim til Nasaret og var lydig mot dei. Men mor hans gøymde alle desse ordi i hjarta sitt.#Luk 2,19 52Og Jesus gjekk fram i visdom og vokster og velvilje hjå Gud og menneske.#1 Sam 2,26
Actualmente seleccionado:
Lukas 2: NO1938N
Destacar
Compartir
Copiar
¿Quieres tener guardados todos tus destacados en todos tus dispositivos? Regístrate o inicia sesión
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

: