Markus 15
15
Jesus for Pilatus, 1-15. Han vert spotta av stridsmennene, 16-20, vert krossfest og døyr, 21-41, vert gravlagd, 42-47.
1Det tok alt til å dagast då øvsteprestane med styresmennene og dei skriftlærde - heile Rådet - var ferdige med rådleggjingi si. Då batt dei Jesus og førde han burt og gav han yver til Pilatus.#Matt 27,1-14; Luk 22,66-71; 23,1-25; Joh 18,28-40 2Pilatus spurde han: Er du kongen yver jødane? - Du segjer det sjølv, svara Jesus. 3Øvsteprestane kom med mange klagemål mot han. 4Då spurde Pilatus han att: Svarar du ingen ting? Høyr alt det dei klagar deg for! 5Men Jesus svara ikkje eit ord meir, so Pilatus tok til å undrast. 6Kvar høgtid gav Pilatus dei ein fange fri, den som dei sjølve bad um.#Matt 27,15-26; Luk 23,17-25; Joh 18,39-40 7Og ein som heitte Barabbas sat då fengsla i hop med nokre ufredsmenn; Dei hadde gjort eit upplaup og drepe nokon. 8So kom folket upp og tok til å beda um det som Pilatus var van med å gjera for dei. 9Då svara han dei: Vil de eg skal gjeva dykk jødekongen fri? 10For han skyna det var av ovund øvsteprestane hadde gjeve Jesus yver til han. 11Men øvsteprestane fekk eggja upp folket, so dei bad at han heller skulde gjeva dei Barabbas fri. 12Då tok Pilatus til ords att og sa: Kva vil de då eg skal gjera med han som de kallar kongen yver jødane? 13Dei svara med å ropa: Krossfest han! 14Kva vondt hev han då gjort? sa Pilatus. Men dei ropa berre endå sterkare: Krossfest han! 15Pilatus vilde gjerne gjera folket til lags. Han gav dei Barabbas fri, men Jesus let han hudflettast og gav han yver til hermennene sine, so dei skulde krossfesta han. 16Hermennene førde Jesus inn i garden, i borgi, og kalla i hop heile vakti.#Matt 27,27-31; Joh 19,1-3 17Dei klædde han i ei purpurkåpa, og sette på han ein klungerkrans som dei hadde fletta, 18og tok til å helsa han: Heil deg, jødekonge! 19So slo dei han i hovudet med ein røyrstav og sputta på han og la seg på kne og hyllte han. 20Då dei hadde spotta han som dei vilde, klædde dei av han purpurkåpa og hadde på han hans eigne klæde, og so leidde dei han ut og skulde krossfesta han. 21Då gjekk det ein mann framum, som kom frå marki; det var Simon frå Kyrene, far åt Aleksander og Rufus; honom nøydde dei til å bera krossen hans.#Matt 27,32-50; Luk 23,26 22Dei førde han til den staden som heiter Golgata - det er det same som Skallestaden -.#Luk 23,33-34; Joh 19,17-30 23Der baud dei han vin med myrra i; men han vilde ikkje hava det. 24So feste dei han til krossen. Klædi hans skifte dei millom seg, og kasta lut um kva kvar skulde hava. 25Det var i den tridje timen dei krossfeste han. 26På krossen var det sett ei innskrift som nemnde skuldi hans; ho lydde so: Kongen yver jødane. 27Saman med han krossfeste dei tvo røvarar, ein på hans høgre og ein på hans vinstre sida; 28og då sannast det skriftordet som segjer: Og han vart rekna millom brotsmenn.#Jes 53,12 29Dei som gjekk framum, hædde han og riste på hovudet og sa: Å, du som riv ned templet og byggjer det upp att på tri dagar!#Matt 27,39-50; Luk 23,35-49; Mark 14,58 30Hjelp deg no sjølv og stig ned av krossen! 31Sameleis spotta øvsteprestane og, både dei og dei skriftlærde, og sa seg imillom: Andre hev han hjelpt, seg sjølv kann han ikkje hjelpa! 32Lat no Messias, Israels konge, stiga ned av krossen, so me kann sjå det og tru! Dei som var krossfeste med han, gav seg og til å spotta han. 33Då den sette timen var komen, vart det myrkt yver heile landet alt til den niande timen.#Matt 27,45-50; Luk 23,44-49 34Og i den niande timen ropa Jesus med høg røyst: Elo'i, Elo'i, lama sabaktani? Det er: Min Gud, min Gud, kvi hev du forlate meg?#Sal 22,2 35Nokre av dei som stod der, sa då dei høyrde det: No ropar han på Elias! 36Då sprang det ein fram, duppa ein svamp i vineddik, sette han på ei tein og let Jesus få drikka og sa: Venta! Lat oss sjå um Elias kjem og tek han ned!#Sal 69,22; Joh 19,28-30 37Og Jesus gav ifrå seg eit høgt rop og andast. 38Då rivna forhenget i templet midt i tvo, ovantil og radt ned. 39Og då hovudsmannen, som stod der midt framfor han, såg at han andast med eit sovore rop, sa han: Den mannen var visst og sant Guds Son! 40Det var og nokre kvinnor der, som stod eit stykke undan og såg på. Millom dei var Maria Magdalena, og Maria, mor åt Jakob den yngre og Joses, og Salome,#Matt 27,55-56; Luk 23,49 41som alle hadde fylgt han medan han var i Galilea, og tent han, og mange andre kvinnor som hadde vore med han upp til Jerusalem. 42Det var då fyrebuingsdagen eller dagen fyre sabbaten, og då det leid alt mot kvelden, 43kom Josef frå Arimatea, ein gjæv rådsherre, som og venta på Guds rike; han våga seg til å ganga inn til Pilatus og beda um lekamen åt Jesus. 44Pilatus undrast på um han alt var slokna; 45han kalla hovudsmannen til seg og spurde um Jesus nyst var slokna, og då han hadde fenge vissa um det av hovudsmannen, let han Josef få liket. 46So kjøpte Josef fint linty og tok han ned, sveipte han i lintyet og la han i ei grav som var hoggi ut i berget, og so velte han ein stein attfor gravopningi. 47Og Maria Magdalena og Maria, mor åt Joses, såg staden der han vart lagd.
Actualmente seleccionado:
Markus 15: NO1938N
Destacar
Compartir
Copiar
¿Quieres tener guardados todos tus destacados en todos tus dispositivos? Regístrate o inicia sesión
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

: