1
1. Mosebok 26:3
Norsk ovesettelse 1978/85 nynorsk
Slå deg til her i landet, så skal eg vera med deg og velsigna deg! For deg og di ætt vil eg gje alle desse landa. Eg skal halda den heilage lovnaden eg gav Abraham, far din.
Compare
Explore 1. Mosebok 26:3
2
1. Mosebok 26:4-5
Eg skal gjera ætta di tallaus som stjernene på himmelen og gje henne alle landa her. Og i di ætt skal alle folk på jorda velsignast, fordi Abraham lydde meg og heldt seg etter det eg har fastsett, boda og føresegnene og lovene mine.»
Explore 1. Mosebok 26:4-5
3
1. Mosebok 26:22
Han flytte bort derifrå og grov endå ein brunn. Den vart det ingen strid om. Difor kalla Isak han Rehobot og sa: «No har Herren gjort det romsleg for oss, så vi kan verta mange i landet.»
Explore 1. Mosebok 26:22
4
1. Mosebok 26:2
Herren synte seg for han og sa: «Far ikkje ned til Egypt, men hald deg i det landet eg seier deg!
Explore 1. Mosebok 26:2
5
1. Mosebok 26:25
Så bygde Isak eit altar der og kalla på Herrens namn. Han sette opp teltet sitt, og trælane hans grov ein brunn.
Explore 1. Mosebok 26:25
Home
Bible
Plans
Videos