1. Mosebok 26
26
Isak og Rebekka i Gerar
1Så vart det uår og naud i landet, som det hadde vore ein gong før, medan Abraham levde. Då fór Isak til Abimelek, filistarkongen i Gerar. #12,10+ 2Herren synte seg for han og sa: «Far ikkje ned til Egypt, men hald deg i det landet eg seier deg! 3Slå deg til her i landet, så skal eg vera med deg og velsigna deg! For deg og di ætt vil eg gje alle desse landa. Eg skal halda den heilage lovnaden eg gav Abraham, far din. #12,7+; 28,15; 31,3; 39,2f.23; 5 Mos 31,8; Jos 1,5 4Eg skal gjera ætta di tallaus som stjernene på himmelen og gje henne alle landa her. Og i di ætt skal alle folk på jorda velsignast, #13,16+ 5fordi Abraham lydde meg og heldt seg etter det eg har fastsett, boda og føresegnene og lovene mine.» 6Så vart Isak buande i Gerar.
7Då mennene der på staden spurde han ut om kona hans, sa han: «Ho er syster mi.» Han torde ikkje seia at ho var kona hans; han var redd dei skulle slå han i hel for Rebekka skuld, av di ho var så ven. #12,13 8Då han hadde vore der ei tid, hende det at Abimelek, filistarkongen, såg ut gjennom vindauga og fekk sjå at Isak gav Rebekka, kona si, kjærteikn. 9Abimelek kalla Isak til seg og sa: «Ho er då kona di! Kvifor sa du at ho er syster di?» Isak svara: «Eg tenkte eg kunne missa livet for hennar skuld.» 10Då sa Abimelek: «Kva har du gjort imot oss? Kor lett kunne det ikkje ha hendt at einkvan av folket hadde lege med kona di, og då hadde du ført skuld over oss!» 11Så gav Abimelek heile folket dette påbodet: «Den som rører denne mannen eller kona hans, skal døy.»
12Isak sådde korn der i landet og fekk hundre foll det året. Herren velsigna han, 13så han vart ein velhalden mann. Eigedomen hans auka meir og meir, til han vart svært rik. 14Han åtte småfe og storfe og trælar i slik mengd at filistarane vart avundsjuke på han. 15Alle brunnane som trælane åt far hans hadde grave medan Abraham levde, kasta filistarane att og fylte dei med jord. #21,25 16Då sa Abimelek til Isak: «Far bort frå oss; du er vorten for mektig for oss!» 17Så flytte Isak derifrå og slo leir i Gerar-dalen. Og der vart han buande.
18Isak grov opp att dei brunnane som dei hadde grave medan Abraham, far hans, levde, og som filistarane hadde kasta att då Abraham var død. Han gav dei same namna som far hans hadde gjeve dei. 19Då trælane åt Isak heldt på å grava i dalen, fann dei ei vassåre. 20Men gjætarane frå Gerar tretta med gjætarane åt Isak og sa: «Det er vårt vatn!» Så kalla han brunnen Esek, fordi dei tretta med han. #26,20 Esek «trette». 21Sidan grov dei ein annan brunn. Men då det vart strid om den òg, kalla Isak han Sitna. #26,21 Sitna «fiendskap» eller «strid». 22Han flytte bort derifrå og grov endå ein brunn. Den vart det ingen strid om. Difor kalla Isak han Rehobot og sa: «No har Herren gjort det romsleg for oss, så vi kan verta mange i landet.»#26,22 Rehobot «ope rom».
Pakta med Abimelek i Be'er-Sjeba
23Frå Rehobot fór Isak til Be'er-Sjeba. 24Same natta synte Herren seg for han og sa:#12,2f+
«Eg er Gud åt Abraham, far din.
Ver ikkje redd, for eg er med deg!
Eg vil velsigna deg
og gjera ætta di stor
for Abraham, min tenar, skuld.»
25Så bygde Isak eit altar der og kalla på Herrens namn. Han sette opp teltet sitt, og trælane hans grov ein brunn.
26Abimelek kom til han frå Gerar saman med Akussat, venen sin, og Pikol, hærføraren sin. #21,22ff 27Då sa Isak til dei: «Kvifor kjem de til meg, de som hatar meg og har drive meg bort frå dykk?» 28Dei svara: «Vi har klårt sett at Herren er med deg. Og no seier vi: Lat oss sverja kvarandre ein eid! Vi vil gjera ei pakt med deg: 29Du skal ikkje gjera oss noko vondt, liksom heller ikkje vi har rørt deg. Vi gjorde berre vel imot deg og lét deg fara i fred. Du er då velsigna av Herren.» 30Så stelte han til eit gjestebod for dei, og dei åt og drakk. 31Morgonen etter stod dei tidleg opp og svor kvarandre ein eid. Så bad Isak farvel med dei, og dei fór bort i fred. 32Same dagen kom trælane åt Isak og fortalde han om den brunnen dei hadde grave. «Vi har funne vatn!» sa dei. 33Han kalla brunnen Sjiba. Difor heiter byen Be'er-Sjeba den dag i dag.#26,33 Be'er-Sjeba [21,31.]
34Då Esau var førti år gamal, gifte han seg med Judit, dotter til hetitten Be'eri, og med Basmat, dotter til hetitten Elon. #24,3+; 36,2 35Dei vart ei hjartesorg for Isak og Rebekka.
Currently Selected:
1. Mosebok 26: NO1978NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2