YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 25

25
Siste leveåra åt Abraham
1Abraham tok seg ei kone att; ho heitte Ketura. 2Med henne fekk han sønene Simran, Joksjan, Medan, Midjan, Jisjbak og Sjuah. #1 Krøn 1,32 3Joksjan fekk sønene Saba og Dedan; og sønene til Dedan var asjurarane, letusjarane og le'ummarane. 4Sønene til Midjan var Efa, Efer, Hanok, Abida og Elda's. Alle desse var etterkomarar etter Ketura.
5Abraham gav Isak alt det han åtte. 6Men han gav òg gåver til dei sønene han hadde med fylgjekonene sine. Og medan han endå levde, lét han dei flytta bort frå Isak, son sin, og fara av stad, til eit land i aust.
7Levetida hans Abraham vart 175 år. 8Så anda han ut. Abraham døydde i ein god alderdom, gamal og mett av dagar; og han fór til folket sitt. 9Sønene hans, Isak og Ismael, gravla han i Makpela-hola, på jordet åt hetitten Efron, son til Sohar, austanfor Mamre, #23,16ff+ 10det jordet som Abraham hadde kjøpt av hetittane. Der vart han gravlagd saman med Sara, kona si. 11Og då Abraham var død, velsigna Gud Isak, son hans. Isak vart buande attmed Lakai-Ro'i-brunnen.#16,14+
Ismael-ætta
12Dette er ættetavla åt Ismael, den sonen som Abraham fekk med Hagar frå Egypt, trælkvinna hennar Sara. #16,10+; 1 Krøn 1,29ff 13Dette er namna på Ismael-sønene, nemnde i den rekkjefylgje dei vart fødde i: Nebajot, eldste son til Ismael, Kedar, Adbe'el, Mibsam, 14Misjma, Duma, Massa, 15Hadad, Tema, Jetur, Nafisj og Kedma. 16Dette var Ismael-sønene; og det er namna på dei som bur i landsbyane og leirane sine, tolv hovdingar og ættene deira.
17Levetida åt Ismael vart 137 år. Så anda han ut. Han døydde og fór til folket sitt. 18Ismaelittane hadde bustadene sine mellom Havila og Sjur, som ligg austanfor Egypt, der vegen går til Assyria. Beint framfor alle brørne sine slo han seg ned.#16,12
Esau og Jakob vert fødde
19Dette er soga om ætta åt Isak, son til Abraham. Abraham fekk sonen Isak. 20Isak var førti år gamal då han gifte seg med Rebekka, dotter til aramearen Betuel frå Mesopotamia, og syster til aramearen Laban. #24,10.67 21Isak bad til Herren for kona si; for ho var barnlaus. Herren høyrde bøna hans, og Rebekka, kona hans, vart med barn. #1 Sam 1,21 22Men då fostera støytte til kvarandre i livet hennar, sa ho: «Når så er, kvifor har då dette hendt meg?» Og ho gjekk og spurde Herren til råds. 23Herren sa til henne:#27,29; Mal 1,2; Rom 9,13
«To folkeslag er det i livet ditt,
to folk skal skiljast alt frå mors liv.
Det eine vert sterkare enn det andre,
den eldste skal tena den yngste.»
24Då tida kom at ho skulle føda, sjå, då var det tvillingar i livet hennar. 25Den som kom fyrst, var raud, og loden som ein fell over heile kroppen. Han kalla dei Esau. #25,25 raud Det hebr. ordet likjest namnet Edom, v. 30. #25,25 loden Såleis vert namnet Esau tolka. 26Så kom broren; og han heldt Esau i hælen med handa. Difor kalla dei han Jakob. Isak var seksti år gamal då dei vart fødde.#25,26 Jakob Namnet vert sett i samband med eit hebr. ord som tyder halda i hælen eller narra, lura. Sml. 27,36; Hos 12,3f.
Esau og Jakob
27Då gutane voks opp, vart Esau ein glup jeger, som heldt til i skog og mark. Jakob var ein fredeleg kar, som budde i telt. 28Isak heldt mest av Esau, for han ville gjerne ha vilt; men Rebekka var gladast i Jakob.
29Ein gong heldt Jakob på å koka ein velling. Då kom Esau heim frå marka, trøytt og svolten. 30Han sa til Jakob: «Lat meg få setja til livs noko av det raude du har der; eg er heilt utmødd.» Difor kalla dei han Edom. #25,30 det raude [v. 25.] 31Men Jakob sa: «Du må fyrst selja meg odelsretten din!» 32Esau svara: «Du ser eg held på å døy av svolt! Kva skal eg då med odelsretten?» 33Jakob sa: «Gjer fyrst eiden på det!» Så gjorde han eiden og selde odelsretten sin til Jakob. #Hebr 12,16 34Jakob gav han då brød og linsevelling, og han åt og drakk. Etter måltidet reiste han seg og gjekk sin veg. Så lite brydde Esau seg om odelsretten.

Currently Selected:

1. Mosebok 25: NO1978NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in