1. Mosebok 30
30
1Då Rakel såg at ho og Jakob ikkje fekk born, vart ho avundsjuk på syster si og sa til Jakob: «Lat meg få born! Elles døyr eg.» 2Då vart Jakob harm på Rakel og sa: «Er eg i Guds stad? Det er han som har nekta deg born.» #2 Kong 5,7 3Då sa ho: «Der er Bilha, trælkvinna mi. Gå inn til henne! Ho kan føda på knea mine og hjelpa meg òg til born.» #30,3 føda på knea mine gamalt ordlag for adopsjon. Sml. 50,23. #16,2 4Så gav ho han Bilha, trælkvinna si, til kone, og Jakob låg med henne. 5Bilha vart med barn og fekk ein son med Jakob. 6Då sa Rakel: «Gud har hjelpt meg til retten min. Han har høyrt bøna mi og gjeve meg ein son!» Så kalla ho han Dan. #30,6 Dan Namnet heng saman med det hebr. ordet for å døma eller hjelpa ein til retten hans. 7Sidan vart Bilha, trælkvinna åt Rakel, med barn att og fekk ein son til med Jakob. 8Då sa Rakel: «Overmenneskelege stridar har eg stridt med syster mi, og eg har vunne.» Så kalla ho han Naftali.#30,8 Naftali Namnet likjest eit hebr. ordlag som tyder «striden min».
9Då Lea såg at ho ikkje fekk fleire born, tok ho Silpa, trælkvinna si, og gav Jakob til kone. 10Og Silpa, trælkvinna åt Lea, fekk ein son med Jakob. 11Då sa Lea: «For ei lukke!» Så kalla ho han Gad. #30,11 Gad «lukke». 12Sidan fekk Silpa, trælkvinna åt Lea, ein son til med Jakob. 13Då sa Lea: «Å sæle meg! For alle kvinner kjem til å prisa meg sæl.» Så kalla ho han Asjer.#30,13 Asjer «prisa sæl». #Luk 1,48
14Ein dag i kveiteskurden gjekk Ruben ut på marka. Der fann han alruner, og han tok dei med heim til Lea, mor si. Då sa Rakel til Lea: «Gjev meg nokre av alrunene åt son din!» #30,14 alruner plante som vart nytta i folkemedisinen, m. a. for å styrkja økslingsevna. 15Lea svara: «Er det ikkje nok at du har teke mannen min? Vil du ta alrunene åt son min òg?» Då sa Rakel: «Får eg alrunene, kan Jakob liggja med deg i natt.» 16Då Jakob kom heim frå marka om kvelden, gjekk Lea til møtes med han og sa: «Det er meg du skal koma til; eg har kjøpt deg for dei alrunene som son min fann.» Så låg han med henne den natta. 17Og Gud høyrde bøna hennar Lea. Ho vart med barn og fekk den femte sonen med Jakob. 18Då sa Lea: «Gud har gjeve meg løn, fordi eg lét mannen min få trælkvinna mi.» Så kalla ho han Jissakar. #30,18 Jissakar Namnet likjest det hebr. ordet for løn, men minner òg om ordet for å kjøpa, v. 16. 19Sidan vart Lea med barn att og fekk den sjette sonen med Jakob. 20Då sa Lea: «Gud har gjeve meg ei god gåve. No kjem mannen min til å halda seg til meg, fordi han har fått seks søner med meg.» Så kalla ho han Sebulon. #30,20 Sebulon Namnet likjest eit hebr. ord for å halda seg til ein. 21Sidan fekk ho ei dotter og kalla henne Dina.
22Då kom Gud Rakel i hug. Han høyrde bønene hennar og opna morslivet hennar, #1 Sam 1,19 23så ho vart med barn og fekk ein son. Då sa ho: «Gud har teke bort vanæra mi.» 24Og ho kalla han Josef; for ho sa: «Gjev Herren ville la meg få ein son til!»#30,24 Josef Namnet har samanheng med det hebr. ordet for å gje ein til.
Korleis Jakob vart rik
25Då Rakel hadde fått Josef, sa Jakob til Laban: «Lat meg fara, så eg kan koma heim til mitt eige land! 26Gjev meg konene og borna mine, som eg har tent for, så eg kan fara! For du veit sjølv korleis eg har tent deg.» 27Då sa Laban: «Hadde du berre godvilje for meg! Eg har fått eit varsel om at det er for di skuld Herren har velsigna meg. #39,5 28Sei kva du vil ha i løn,» sa han, «så skal eg gje deg det!» 29Jakob svara: «Du veit sjølv korleis eg har tent deg, og kva buskapen din har vorte til medan eg har stelt han. 30For det var lite du hadde før eg kom, men no har det auka til ei stor mengd. Herren har velsigna deg for kvart steg eg tok. Men når skal eg få syta for mitt eige hus?» 31Då sa Laban: «Kva skal eg gje deg?» Jakob svara: «Du skal ikkje gje meg nokon ting. Men vil du gjera som eg seier, skal eg halda fram med å gjæta småfeet ditt og sjå etter det. 32I dag skal eg gå gjennom heile buskapen din og skilja ut alle flekkete og spreklete dyr, alle dei svarte sauene og dei flekkete og spreklete geitene. Det skal vera løna mi. 33Ærlegdomen min skal vitna for meg når du sidan kjem og ser over løna mi. Finst det hjå meg ei geit som ikkje er flekket eller spreklet, og ein sau som ikkje er svart, så er dei stolne.» 34Då svara Laban: «Godt, lat det vera som du seier!» 35Men same dagen skilde han ut dei bukkane som var stripete og spreklete, og alle geitene som var flekkete og spreklete, alle som det var noko kvitt på, og alle dei svarte sauene. Og han lét sønene sine ta vare på dei. 36Så heldt Laban seg tre dagsreiser frå Jakob, medan Jakob gjætte resten av småfeet hans.
37No fann Jakob seg friske stavar av kvitpoppel, mandeltre og platan og flekte borken av dei i striper, så den kvite veden kom til synes. 38Så sette han stavane som han hadde flekt borken av, opp i vasstrørne, i rennene, der småfeet kom og drakk – beint framfor dyra; for dei para seg når dei kom og drakk. 39No para småfeet seg attmed stavane og fekk stripete, flekkete og spreklete ungar. 40Jakob skilde lamma ifrå, og han lét småfeet venda hovudet mot dei stripete og svarte dyra i buskapen åt Laban. Såleis fekk han seg eigne flokkar, som han ikkje sleppte saman med småfeet åt Laban. 41Kvar gong det var sterke dyr som para seg, sette Jakob stavar i rennene, midt for augo på dei, så dei skulle para seg attmed stavane. 42Men var det veike dyr, sette han ikkje stavane der. På den måten fekk Laban dei veike dyra, men Jakob fekk dei sterke. 43Difor vart mannen svært rik. Han fekk ei mengd med småfe, trælkvinner og trælar, kamelar og esel.
Currently Selected:
1. Mosebok 30: NO1978NN
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2