Markus 2
2
Den lame mannen
(Matt 9,1–8; Luk 5,17–26)
1Ei tid etter kom Jesus til Kapernaum att. Og då det spurdest at han var heime, 2samla det seg så mykje folk at dei ikkje fekk rom, ikkje framfor døra eingong. Og han tala Ordet til dei. 3Då kom dei til han med ein som var lam; det var fire mann som bar han. 4Men sidan dei ikkje kunne koma fram til han for alt folket, braut dei opp taket over den staden der Jesus var. Dei laga ei opning og firte ned båra som den lame låg på. 5Då Jesus såg trua deira, sa han til den lame: «Son, syndene dine er tilgjevne.»
6Men nokre skriftlærde som sat der, tenkte med seg: 7«Korleis kan han seia noko slikt? Han spottar Gud! Kven andre enn Gud kan tilgje synder?» #Sal 103,3; Jes 43,25; 1 Joh 1,9 8Jesus kjende i si ånd at dei tenkte så, og han sa til dei: «Kvifor hyser de slike tankar i hjarta? 9Kva er lettast å seia til den lame: Syndene dine er tilgjevne, eller: Stå opp, ta båra di og gå? 10Men så de skal vita at Menneskesonen har makt på jorda til å tilgje synder» – og no vender han seg til den lame – 11«så seier eg deg: Stå opp, ta båra di og gå heim!» 12Då reiste mannen seg, tok båra si med ein gong og gjekk ut for augo på alle, så dei vart reint ifrå seg av undring og lova Gud og sa: «Noko slikt har vi aldri sett.»#Matt 9,33
Jesus kallar Levi
(Matt 9,9–13; Luk 5,27–32)
13Så gjekk Jesus ned til sjøen att. Der kom alt folket til han, og han lærte dei. 14Då han gjekk framom tollbua, fekk han sjå Levi, son til Alfeus, som sat der. «Fylg meg!» sa Jesus. Då reiste han seg og fylgde han.#2,14 Levi den same som Matteus. Sjå Matt 9,9.
15Ei tid etter var Jesus gjest heime hjå Levi, og mange tollarar og syndarar sat til bords saman med Jesus og læresveinane hans. Det var no mange som fylgde han. 16Då dei skriftlærde av farisearane såg at han åt saman med syndarar og tollarar, sa dei til læresveinane: «Et han saman med tollarar og syndarar?» 17Jesus høyrde det og sa til dei: «Det er ikkje dei friske som treng lækjar, men dei sjuke. Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar.»#Luk 19,10; 1 Tim 1,15
Spørsmål om faste
(Matt 9,14–17; Luk 5,33–39)
18Farisearane og læresveinane til Johannes heldt faste. Og folk kom og spurde Jesus: «Kvifor fastar ikkje dine læresveinar når læresveinane til Johannes og læresveinane til farisearane gjer det?» 19Jesus svara: «Kan bryllaupsgjestene fasta medan brudgomen er hjå dei? Så lenge dei har brudgomen hjå seg, kan dei ikkje fasta. 20Men det skal koma ei tid då brudgomen vert teken frå dei; når den dagen kjem, då skal dei fasta.
21Ingen set ein lapp av ukrympa ty på eit gamalt kledeplagg. For då riv den nye bota med seg eit stykke av det gamle plagget, og rifta vert større. 22Og ingen fyller ny vin i gamle skinnsekker. For då sprengjer vinen sekkene, vinen renn ut, og sekkene vert øydelagde. Nei, ny vin i nye skinnsekker!»
Jesus og sabbaten
(Matt 12,1–14; Luk 6,1–11)
23Ein gong bar det så til at Jesus gjekk gjennom ein kornåker på sabbaten, og læresveinane hans tok til å riva av aks medan dei gjekk. #5 Mos 23,25 24Då sa farisearane til han: «Sjå, kvifor gjer dei det som ingen har lov til på sabbaten?» #2 Mos 20,8ff 25Han svara: «Har de ikkje lese kva David gjorde då han var i naud, og både han og mennene hans svalt? #1 Sam 21,1ff 26Han gjekk inn i Guds hus den tid Abjatar var øvsteprest, og åt skodebrøda, dei som berre prestane har lov til å eta; han gav òg dei som fylgde han.» 27Og Jesus sa til dei: «Sabbaten vart til for mennesket, ikkje mennesket for sabbaten. #5 Mos 5,14 28Difor er Menneskesonen herre over sabbaten òg.»
Currently Selected:
Markus 2: Bibel1978
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

: