Markus 3
3
1Jesus gjekk atter inn i ei synagoge. Der var det ein mann som hadde ei lam hand. 2Og dei heldt auga med han om han ville lækja mannen på sabbaten, så dei kunne få noko å klaga han for. 3Men han sa til mannen med den lame handa: «Reis deg og kom fram!» 4Så spurde han dei andre: «Kva har ein lov til på sabbaten? Å gjera godt eller å gjera vondt, berga liv eller øyda liv?» Men dei tagde.#Luk 14,3+ 5Då såg han på alle ikring seg, harm og sorgfull fordi dei var så harde i hjarta. Og han sa til mannen: «Rett ut handa!» Han så gjorde, og handa vart god att.#Joh 12,40 6Men farisearane gjekk ut, og saman med herodianarane tok dei straks til å leggja planar om korleis dei skulle få rudt han or vegen.#12,13
Folket flokkar seg kring Jesus
(Matt 4,23–25; Luk 6,17–19)
7Så drog Jesus med læresveinane sine ned til sjøen, og ein stor folkehop frå Galilea fylgde han. 8Og frå Judea og Jerusalem, frå Idumea og landet austanfor Jordan og frå bygdene kring Tyrus og Sidon kom dei til han i store flokkar; for dei hadde høyrt om alt han gjorde. #3,8 Idumea område sør for Judea. #Matt 4,25 9Då sa han til læresveinane at det skulle liggja ein båt ferdig til han, om folket skulle trengja for hardt innpå han. #4,1; Luk 5,3 10For han lækte mange, så alle som hadde plager, trengde seg fram og ville ta i han. #6,56 11Og når dei ureine åndene såg han, kasta dei seg ned for han og ropa: «Du er Guds Son!» 12Men han baud dei strengt at dei ikkje måtte gjera han kjend.#1,44+
Jesus kallar dei tolv apostlane
(Matt 10,1–4; Luk 6,12–16)
13Så gjekk Jesus opp i fjellet. Han kalla til seg dei han ville, og dei kom til han. 14Han sette inn tolv som skulle vera med han, og som han ville senda ut. Dei skulle forkynna #6,7ff 15og ha makt til å driva ut dei vonde åndene. 16Han sette inn dei tolv; det var Simon, som han kalla Peter, #Joh 1,42 17Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans – desse to kalla han Boanerges, det tyder toresøner – 18og Andreas, Filip og Bartolomeus, Matteus, Tomas og Jakob, son til Alfeus, Taddeus og Simon Kananeus, 19og Judas Iskariot, han som sveik han.#14,10f
Jesu makt over dei vonde åndene
(Matt 12,22–32; Luk 11,14–23)
20Med det same han kom heim, strøymde folk saman att, så Jesus og læresveinane ikkje eingong fekk tid til å eta. #6,31 21Då hans eigne fekk høyra det, fór dei av stad og ville henta han. «Han må vera reint ifrå seg,» sa dei.
22Men dei skriftlærde som var komne frå Jerusalem, sa: «Beelsebul har fare i han! Det er hovdingen over dei vonde åndene som hjelper han til å driva ut dei vonde åndene.» #Matt 10,25+ 23Då kalla han dei til seg og tala til dei i likningar: «Korleis kan Satan driva ut Satan? 24Kjem eit rike i strid med seg sjølv, kan ikkje det riket halda seg, 25og kjem ein heim i strid med seg sjølv, kan ikkje den heimen halda seg. 26Har no Satan sett seg opp mot seg sjølv og er komen i strid med seg sjølv, kan han ikkje stå seg; då er det ute med han. 27Men ingen kan gå inn i huset til den sterke og røva det han eig, om han ikkje fyrst har bunde den sterke. Då kan han plyndra huset hans. #Jes 49,24f 28Sanneleg, det seier eg dykk: Alt skal menneska få tilgjeving for, både synder og spott, kor mykje dei så spottar. 29Men den som spottar Den Heilage Ande, får i all æve ikkje tilgjeving; han er skuldig i ei evig synd.»#Matt 12,31f+
30Dette sa han fordi dei hadde sagt: «Han har ei urein ånd i seg.»#Joh 7,20+
Jesu sanne skyldfolk
(Matt 12,46–50; Luk 8,19–21)
31Då kom Jesu mor og brørne hans; dei vart ståande utanfor, men sende bod inn og bad han koma ut. #6,3 32Det sat ein stor flokk ikring han, og nokre sa til han: «Mor di og brørne dine står utanfor og spør etter deg.» 33Jesus svara: «Kven er mor mi og brørne mine?» 34Og han såg på dei som sat ikring han, og sa: «Sjå her er mor mi og brørne mine! 35Den som gjer det Gud vil, er bror min, syster mi og mor mi.»
Currently Selected:
Markus 3: Bibel1978
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

: