YouVersion Logo
Search Icon

Markus 4

4
Jesus talar i likningar
(4,1–34)
Såmannen
(Matt 13,1–23; Luk 8,4–15)
1Jesus tok atter til å læra folket nede ved sjøen. Då samla det seg slik ei mengd ikring han at han laut gå ut i ein båt; og den sat han i utpå sjøen, medan heile folkehopen stod inne på stranda. #3,9 2Han tala lenge til dei i likningar og lærte dei. 3«Høyr her!» sa han. «Ein mann gjekk ut og skulle så. 4Og då han sådde, fall noko attmed vegen, og fuglane kom og åt det opp. 5Noko fall på steingrunn, der det var lite jord, og det rann snøgt opp fordi der var så grunt. 6Men då sola steig, sveid det av og visna, for det hadde ikkje rot. 7Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp og kjøvde det, så det ikkje gav grøde. 8Men noko fall i god jord. Det rann opp, voks og gav grøde: noko tretti foll, noko seksti foll og noko hundre foll.» 9Og han sa: «Den som har øyro å høyra med, han høyre!»#Matt 11,15; 13,9.43; Mark 4,23; Luk 14,35; Op 2,7; 13,9
10Då han vart åleine med dei tolv og dei andre som var med han, spurde dei han om likningane. 11Han svara: «De får vita løyndomen om Guds rike. Men til dei som er utanfor, vert alt sagt i likningar – #Matt 13,11+ 12for at dei skal sjå og sjå, men ikkje skilja, høyra og høyra, men ikkje skjøna, så dei kunne venda om og få tilgjeving.»#Matt 13,14f+
13Og han sa til dei: «Når de ikkje skjønar denne likninga, korleis kan de då i det heile skjøna likningar? 14Såmannen sår ordet. 15Dei attmed vegen, det er dei som ordet vert sått i, men når dei har høyrt det, kjem Satan straks og tek bort ordet som var sått i dei. 16Sameleis dei som var sådde på steingrunn. Det er dei som tek imot ordet med glede så snart dei får høyra det. 17Men dei har ikkje rot i seg og held ut berre ei stund. Når dei møter trengsle eller forfylging for ordet skuld, fell dei straks ifrå. 18Andre var sådde mellom klunger. Det er dei som høyrer ordet, 19men sutene for dette livet og den svikefulle rikdomen og hugen på alle andre ting kjøver ordet, så det ikkje gjev grøde. #10,23 20Men dei som var sådde i god jord, det er dei som høyrer ordet og tek imot det og gjev grøde: somme tretti foll, somme seksti foll og somme hundre foll.»
Den som høyrer rett, skal få
(Luk 8,16–18)
21Sidan sa han til dei: «Når dei kjem inn med eit ljos, set dei det då under eit kar eller under senga? Set dei det ikkje i staken? #Matt 5,15 22For ingenting er løynt utan at det skal fram, og ingenting er gøymt utan at det skal koma for dagen. #Matt 10,26+ 23Den som har øyro å høyra med, han høyre!»#4,9+
24Og han sa til dei: «Akta vel på det de høyrer! Med det målet de sjølve mæler med, skal det mælast opp til dykk, og endå skal de få noko attpå. #Matt 7,2 25For den som har, han skal få; men den som ikkje har, skal missa jamvel det han har.»#Matt 25,29+
Såkornet
26Han sa: «Med Guds rike er det som når ein mann har sått kornet i jorda. 27Han søv og står opp, det vert natt, og det vert dag, og kornet gror og veks; han veit ikkje korleis det går til. #Jak 5,7 28Av seg sjølv ber jorda grøde: fyrst strå, så aks, så fulle korn i akset. 29Så snart åkeren er skjær, tek han fram sigden; for hausten er komen.»#Joel 3,18; Op 14,15
Sennepsfrøet
(Matt 13,31–32; Luk 13,18–19)
30Og han sa: «Kva skal vi likna Guds rike med? Kva samanlikning skal vi bruka? 31Det er som sennepsfrøet. Når det vert lagt i jorda, er det mindre enn noko anna frø i verda. 32Men når det er sått, renn det opp og vert større enn alle hagevokstrar, og får så store greiner at fuglane under himmelen kan byggja reir i skuggen av det.»#Esek 17,23
33I mange slike likningar tala han ordet til dei, etter som dei var gode til å høyra. #Matt 13,34 34Utan likningar tala han ikkje til folket. Men når han var åleine med læresveinane sine, la han det ut for dei alt saman.
Jesus stiller stormen
(Matt 8,23–27; Luk 8,22–25)
35Då det leid til kvelds same dagen, sa han til dei: «Lat oss fara over til hi sida av sjøen.» #Matt 8,18 36Så skildest dei med folket og tok han med seg i den båten han sat i. Andre båtar fylgde òg med. 37Då kom det ein hard kastevind, og bylgjene slo inn i båten, så han heldt på å gå full. 38Men Jesus låg i bakskuten og sov på ei pute. Dei vekte han og sa: «Meister, er du likesæl om vi går under?» 39Så reiste han seg, truga vinden og sa til sjøen: «Tei og ver still!» Då logna vinden, og det vart blikande stilt. #Matt 8,26+; Mark 6,51 40Og han sa til dei: «Kvifor er de så redde? Trur de enno ikkje?» 41Men då vart dei endå reddare og sa seg imellom: «Kven er dette? Både vind og sjø lyder han!»

Currently Selected:

Markus 4: Bibel1978

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in