Markus 5
5
Mannen frå gravholene
(Matt 8,28–34; Luk 8,26–39)
1Så kom dei over til hi sida av sjøen, til Gerasenar-landet. #5,1 Gerasenar-landet av byen Gerasa, området søraust for Gennesaret-sjøen. Folket der var ikkje jødar. 2Med det same Jesus steig ut or båten, kom det ein mann imot han frå gravholene. Han hadde ei urein ånd i seg 3og heldt til der i gravene. Ingen greidde å binda han lenger, ikkje eingong med lekkjer. 4For han hadde ofte vore bunden, både med fotjern og lekkjer, men han hadde rive lekkjene av seg og sprengt fotjerna, og det var ingen som rådde med han. 5Natt og dag var han i gravholene og i fjella og skreik og slo seg sjølv med steinar.
6Då han fekk sjå Jesus langt borte, kom han springande, kasta seg ned for han 7og ropa høgt: «Kva har du med meg å gjera, Jesus, Son åt Den Høgste Gud? For Guds skuld, pin meg ikkje!» #1,24 8For Jesus hadde sagt til han: «Far ut or mannen, du ureine ånd!» 9«Kva er namnet ditt?» spurde Jesus. «Legion er namnet mitt,» svara han, «for vi er mange.» #5,9 Legion stor hæravdeling. Her er ordet nytta om eit stort tal. 10Og han naudbad Jesus at han ikkje måtte driva dei ut or bygda. 11No gjekk det ein stor svineflokk og beitte der attmed fjellet, 12og dei ureine åndene bad han: «Send oss bort til svina, så vi kan fara inn i dei!» 13Det gav han dei lov til. Då fór dei ureine åndene ut or mannen og inn i svina, og heile flokken, om lag to tusen dyr, sette utfor stupet og ned i sjøen, og der drukna dei.
14Dei som gjætte svina, sprang av stad og fortalde om det i byen og grendene omkring. Og folk drog ut og ville sjå kva som hadde hendt. 15Då dei kom fram til Jesus, fekk dei sjå den forgjorde sitja der påkledd og med sitt fulle vit, han som hadde hatt alle åndene i seg. Då vart dei redde. 16Og då dei som hadde sett på, fortalde korleis det hadde bore til med den forgjorde og med svina, 17bad folket Jesus at han måtte dra bort frå bygdene deira.
18Då Jesus gjekk i båten, bad den forgjorde om å få vera med han. 19Jesus gav han ikkje lov til det, men sa: «Gå heim til folket ditt, og fortel dei kor store ting Herren har gjort for deg, og kor god han har vore mot deg!» 20Men han gjekk av stad og tok til å fortelja rundt ikring i Dekapolis om alt det Jesus hadde gjort for han. Og alle undra seg.#5,20 Dekapolis [Matt 4,25]
Dotter til Jairus og kvinna som tok i Jesu kappe
(Matt 9,18–26; Luk 8,40–56)
21Jesus fór atter over til hi sida med båten, og mykje folk samla seg om han. Medan han var nede ved sjøen, 22kom ein synagogeforstandar, som heitte Jairus. Då han fekk sjå Jesus, kasta han seg ned for føtene hans 23og bad han inderleg: «Veslejenta mi held på å døy. Kom og legg hendene på henne, så ho kan verta frisk og få leva.» #6,5; 7,32; 8,23; Luk 4,40; 13,13; Apg 9,12; 28,8 24Jesus gjekk med han, og ein stor folkehop fylgde etter og trengde seg innpå han.
25No var det ei kvinne der som hadde hatt blødingar i tolv år. #3 Mos 15,25 26Ho hadde vore hjå mange lækjarar og lide mykje, og ho hadde lagt ut alt ho åtte utan å få hjelp; det hadde heller vorte verre med henne. 27Ho hadde fått høyra om Jesus. Og no kom ho midt i folkehopen og tok borti kappa hans attanfrå. #6,56 28For ho tenkte: «Om eg så berre får ta i kleda hans, vert eg god att.» 29Då stogga blodet med ein gong, og ho kjende det på seg at ho var lækt og fri sjukdomen. 30Med det same kjende Jesus at det gjekk ei kraft ut frå han, og han snudde seg i mengda og spurde: «Kven var det som tok i kleda mine?» #Luk 6,19 31«Du ser korleis folket trengjer seg innpå deg,» svara læresveinane, «og så spør du kven som tok i deg.» 32Men Jesus såg seg om etter den som hadde gjort det. 33Kvinna var så redd at ho skalv, for ho visste kva som hadde hendt med henne. No kom ho og kasta seg ned for føtene hans og fortalde han alt som det var. 34Då sa han til henne: «Trua di har frelst deg, dotter. Gå med fred; du skal vera fri plaga di.»#Luk 7,50+
35Før han hadde tala ut, kom det folk frå huset åt synagogeforstandaren og sa: «Dotter di er slokna. Kvifor umakar du meisteren lenger?» 36Jesus høyrde det som vart sagt, og sa til synagogeforstandaren: «Ver ikkje redd, berre tru!» 37Så lét han ingen annan få vera med enn Peter, Jakob og Johannes, bror til Jakob. #1,29; 3,16f; 9,2; 13,3; 14,33 38Då dei kom heim til synagogeforstandaren, og han såg alt oppstyret og folket som gret og bar seg, 39gjekk han inn og sa til dei: «Kva er det de ståkar og græt for? Jenta er ikkje slokna; ho søv.» 40Dei berre lo åt han. Men han dreiv dei ut, alle saman, og tok med seg far og mor til barnet og dei som var med han, og gjekk inn der jenta låg. 41Så tok han henne i handa og sa: «Talita kumi!» Det tyder: «Vesle jente, eg seier deg: Stå opp!» #Luk 7,14 42Og straks stod jenta opp og gjekk ikring; for ho var tolv år. Då vart dei reint ifrå seg av undring. 43Men Jesus forbaud dei strengt å la nokon få vita det, og sa at dei skulle gje henne mat.#1,44+
Currently Selected:
Markus 5: Bibel1978
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

: