Apostelgjerningane 4
4
Dei set Peter og Johannes i fengsel og fører dei fram for det høge rådet, 1-7. Peter vitnar her hugheilt um at Jesus er Messias, og at det ikkje er frelsa i nokon annan, 8-12. Rådet forbyd dei å tala um Jesus, 13-22. Apostlane bed til Gud um hans hjelp i denne naudi og vert bønhøyrde, 23-31. Tilstandet innan den fyrste kyrkjelyden, 32-37.
1Medan dei stod og tala til folket, kom prestane burtåt dei, og like eins hovdingen for tempelvakti, og saddusearane. 2Dei var arge for di dei lærde folket, og for di dei bar bod um uppstoda frå dei daude og viste til det som hadde hendt med Jesus.#Matt 22,23; Apg 23,8 3Og dei la hand på dei og sette dei fast til andre dagen; for det var alt kvelden.#Apg 5,18 4Men mange av dei som hadde høyrt ordet, kom til trui; talet på mennene nådde um lag fem tusund. 5Dagen etter bar det so til at rådsherrane deira og styresmennene og dei skriftlærde kom saman i Jerusalem; 6både Annas, øvstepresten, og Kaifas og Johannes og Aleksander og alle andre som høyrde til ættene åt øvsteprestane, var med.#Luk 3,2; Joh 18,13 7Dei let Peter og Johannes stiga fram og spurde: Kva er det for ei kraft eller for eit namn som hev gjeve dykk makt til å gjera dette?#Matt 21,23 8Då svara Peter - han var fyllt av den Heilage Ande -: Rådsherrar åt folket og styresmenn i Israel!#Apg 13,9 9Etter di me i dag vert åtspurde um ei velgjerd mot ein helselaus mann, korleis han hev vorte god att,#Joh 10,32 10so skal de alle og heile Israels-folket vita at når den mannen stend her frisk og helsug framfor dykk, so er det ved namnet åt Jesus Kristus, nasarearen, at det hev vorte gjort - han som de krossfeste, men som Gud vekte upp frå dei daude.#Apg 3,6.16 11Han er den steinen som de, byggjarane, vanda, men som hev vorte hyrnestein.#Sal 118,22; Matt 21,42; 1 Pet 2,6 12Det er ikkje frelsa i nokon annan; for det finst ikkje heller noko anna namn under himmelen som er gjeve millom menneske soleis at me skal verta frelste ved det.#Matt 1,21 13Då rådsherrane såg kor hugheile dei var, Peter og Johannes, og fekk vita at dei var ulærde menn av folket, undra dei seg. Dei drog kjensel på dei, at dei hadde vore med Jesus; 14og då dei såg mannen stod der innmed dei, han som var lækt, hadde dei ingen ting å leggja imot. 15Dei sende dei ut or rettssalen, og samrådde seg med kvarandre. 16Kva skal me gjera med desse mennene? sa dei; for at dei hev gjort eit greidt og klårt under, det er synbert for alle som bur i Jerusalem, og me kann ikkje neitta det.#Joh 11,47 17Men det må ikkje koma vidare utyver bland folket; difor vil me truga dei og segja at dei ikkje må tala til noko menneske meir i det namnet. 18So kalla dei dei inn og sa til dei at dei ikkje på nokor vis måtte tala eller læra i Jesu namn.#Apg 5,28 19Men Peter og Johannes svara dei so: Døm sjølve um det er rett i Guds augo å lyda dykk meir enn Gud!#Apg 5,29 20For me kann ikkje anna enn tala um det me hev set og høyrt. 21Då truga dei dei endå ein gong, og let dei so ganga; for dei såg seg ingi råd til å få refsa dei - dei ottast folket, av di alle prisa Gud for det som hadde hendt; 22for han var yver fyrti år gamal den mannen som hadde vorte lækt på slik underfull måte. 23Då dei var frie att og kom til sine eigne, fortalde dei um alt det øvsteprestane og styresmennene hadde sagt til dei. 24Med same hine høyrde det, lyfte dei samhuga si røyst upp til Gud og sa: Herre, du som hev gjort himmelen og jordi og havet og alt som i dei er,#1 Mos 1,1-5 25du som gjenom David, tenaren din, hev sagt: Kvi rasa heidningane, og kvi stila folki på fåfengt verk?#Sal 2,1-2 26Kongane på jordi steig fram til strid, og hovdingane slo seg i hop mot Herren og den han hev salva. 27Ja visst slo dei seg i hop i denne byen mot Jesus, din heilage tenar, som du hev salva - Herodes og Pontius Pilatus slo seg i hop, og saman med dei heidningane og Israels ætter,#Luk 23,11 28for å gjera det som di hand og di råd longe sidan hadde fyreskipa.#Apg 2,23 29Og no, Herre - hav auga med trugsmåli deira, og lat desse ringe tenarane dine få tala ditt ord med full frihug, 30medan du retter ut handi til å lækja og gjera teikn og under ved namnet åt Jesus, den heilage tenaren din! 31Då dei hadde bede, ristest romet dei var samla i; dei vart alle fyllte med den Heilage Ande, og sidan tala dei stødt Guds ord med frihug.#Apg 16,26 32Det var eitt hjarta og ei sjel i alle dei som trudde, so mange dei var; ingen av dei kalla noko av det han åtte, for sitt - dei hadde alle ting i hop.#Apg 2,44 33Og med stor kraft bar apostlane vitne um uppstoda åt Herren Jesus, og stor nåde var yver dei alle.#Apg 1,22; 2,24 34Ikkje heller fanst det nokon turftig ibland dei; for alle som var eigarar av jordvegar eller hus, selde og kom med pengane for det dei hadde avhenda, 35og la det for føtene åt apostlane; sidan vart det skift ut åt kvar etter som dei hadde torv til.#5 Mos 15,11; Jes 58,7 36So gjorde Josef, ein levit som var barnefødd på Kypern og av apostlane hadde fenge tilnamnet Barnabas - det tyder formanaren -: han selde ei jordeign han åtte, og kom med pengane og la dei for føtene åt apostlane.
Currently Selected:
Apostelgjerningane 4: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2