Apostelgjerningane 7
7
Stefanus svarar på klagemålet åt jødane i ein tale; han syner fyrst korleis Israels-folket stødt hev møtt Guds uavlatelege nådegjerningar med hardsett motstand og åndeleg blindskap, 1-50, og so syner han sine samtidingar i Israel at dei framleides hev den same harde hugen, 51-53. Tilhøyrarane stoggar han i talen med rasande skrik, driv han ut or byen og steinar han; Saulus er med ved mordet, 54-60.
1Då spurde øvstepresten: Er det sant dette? 2Han svara: Brør og feder, høyr på meg! Den allherlege Gud synte seg for Abraham, ættefaren vår, medan han var i Mesopotamia, fyrr han hadde busett seg i Karan,#1 Mos 11,31 3og sa til han: Far burt frå ditt eige land og di eigi ætt, og drag til det landet som eg skal syna deg!#1 Mos 12,1; 15,7 4Då for han burt frå Kaldearlandet og busette seg i Karan. Og då far hans hadde andast, let Gud han flytja bustaden sin derifrå til dette landet som de no bur i.#1 Mos 11,32; 12,1-3 5Han gav han ikkje nokor jordeign i det, ikkje so mykje som ei fotbreidd, men han lova å lata han få det til odel og eiga, både han og etterkomarane hans, endå han ikkje hadde born.#1 Mos 12,7 6Og Gud tala so: Ætti hans skal halda til i eit framandt land, og dei skal trælka dei og fara ille med dei i fire hundrad år;#1 Mos 15,13-21 7men det folket dei lyt træla under, vil eg døma, sa Gud, og so skal dei draga burt, og dei skal halda tenesta for meg på denne staden. 8Og Gud gav han umskjeringspakti. So fekk han sonen Isak, og umskar han åttande dagen. Og Isak fekk sonen Jakob, og Jakob vart far til dei tolv ættefederne.#1 Mos 17,10; 21,2; 25,26; 29,32-35; 30,5-13; 35,16 9Ættefederne vart ovundsjuke på Josef og selde han til Egyptarland; men Gud var med han#1 Mos 37,28 10og fria han ut or all hans naud, og gav han nåde til å tala med visdom då han stod framfor Farao, kongen i Egyptarland; og kongen sette han til jarl i Egyptarland og til å styra heile sitt hus.#1 Mos 41,40-52 11So vart det uår yver heile Egyptarland og Kana'an, og stor naud, og federne våre fann ikkje noko å livberga seg og feet sitt med.#1 Mos 41,54-55 12Men Jakob fekk høyra at det var korn i Egyptarland, og han sende federne våre dit, fyrst ein gong,#1 Mos 42,1-8 13so ein gong til; då vart Josef attkjend av brørne sine, og det vart kunnigt for Farao kva ætt han var av.#1 Mos 45,4 14Og Josef sende bod etter Jakob, far sin, og alt skyldfolket sitt, fem og sytti mann.#1 Mos 45,13 15Då for Jakob ned til Egyptarland. Der andast han, både han og federne våre,#1 Mos 46,6; 49,33 16og dei vart førde til Sikem og nedsette i den gravi som Abraham hadde kjøpt for reide pengar av Hemors-borni i Sikem.#1 Mos 23,16-20; 33,19; 50,13; Jos 24,32 17Etter som det no leid framimot den tidi då det som Gud hadde lova Abraham, skulde røynast, auka folket meir og meir i Egyptarland og vart mannsterkt,#1 Mos 15,14; 2 Mos 1,7 18alt til det kom ein annan konge i Egyptarland, ein som ikkje visste noko um Josef. 19Han for med svikråder mot folket vårt og var hard og leid med federne våre - han vilde få dei til å setja ut småborni sine, so dei ikkje skulde leva upp.#2 Mos 1,22 20I den tidi vart Moses fødd, og han var fager for Gud. I tri månader vart han fostra i huset åt far sin;#2 Mos 2,2; Hebr 11,23-31 21so vart han sett ut. Men dotter åt Farao tok han til seg og fostra han upp, so han vart som son hennar.#2 Mos 2,5-10 22Soleis vart Moses upplærd i all den visdom egyptarane åtte, og han var ein dugande mann både i ord og i verk. 23Då han hadde nått fyrtiårsalderen, fekk han hug til å sjå um brørne sine, Israels-borni.#2 Mos 2,11-14 24Då såg han at ein av dei leid urett, og straks kom han honom til hjelp og slo i hel egyptaren og hemnde den han hadde fare ille med. 25Han tenkte at brørne hans skulde skyna at Gud vilde bruka han til å fria dei ut; men dei skyna ikkje det. 26Dagen etter kom han yver dei medan dei heldt på og striddest; han vilde forlika dei til å halda fred og sa: Godt folk, de er brør! Kvi gjer de urett mot kvarandre? 27Men han som gjorde urett mot felagen sin, skuva han ifrå seg og sa: Kven hev sett deg til hovding og domar yver oss? 28Du vil då vel ikkje drepa meg, liksom du drap egyptaren i går? 29For det ordet skuld rømde Moses og gav seg til i Midianlandet. Der fekk han tvo søner.#2 Mos 2,15-22 30Då fyrti år var lidne, synte ein engel seg for han i øydemarki ved Sinaifjellet i ein eldsloge som slo upp or ein klungerrunne.#2 Mos 3,2 31Då Moses vart var elden, undra han seg yver synet; han gjekk burtåt og vilde sjå betre på det; då kom det ei røyst frå Herren: 32Eg er din fedre-Gud, Abrahams, Isaks og Jakobs Gud. Då vart Moses so redd at han skalv, og torde ikkje sjå der burt.#2 Mos 3,15-16 33Men Herren sa til han: Løys skorne av føtene dine! for den staden du stend på, er heilag jord. 34Eg hev set kor vondt folket mitt hev det i Egyptarland; eg hev høyrt kor dei sukkar og styn, og no hev eg stige ned og vil fria dei ut. Kom no, eg vil senda deg til Egyptarland!#2 Mos 3,10 35Denne Moses som dei ikkje vilde vita av og sa so til: Kven hev sett deg til hovding og domar? honom sende Gud til å vera både hovding og bergingsmann; engelen som hadde synt seg for han i klungerrunnen, skulde vera med han og hjelpa han. 36Han var det som førde dei burt, alt medan han gjorde under og teikn både i Egyptarland og i Raudehavet og i øydemarki i fyrti år.#2 Mos 7,10-13; 14,21 37Han er den Moses som sa til Israels-borni: Ein profet skal Gud reisa upp åt dykk bland brørne dykkar, ein som eg.#5 Mos 18,15; Apg 3,22 38Han var det som i lyden i øydemarki gjekk imillom engelen som tala med han på Sinaifjellet, og federne våre. Då fekk han levande ord som han skulde gjeva oss,#2 Mos 19,3; 20,1 39men federne våre vilde ikkje lyda han; dei skuva han ifrå seg, og vende hugen til Egyptarland og sa til Aron: 40Gjer oss gudar som kann ganga fyre oss! for me veit ikkje kvar det hev vorte av denne Moses som førde oss ut or Egyptarland.#2 Mos 32,1-6 41Den gongen laga dei ein kalv og bar fram offer for avgudsbiletet sitt, og gledde seg i det verket dei hadde laga med hendene sine. 42Då vende Gud seg frå dei og let dei dyrka himmelheren, som det stend skrive i profetboki: Bar de vel fram for meg slaktoffer og andre offer, Israels hus, dei fyrti åri i øydemarki?#Am 5,25-27 43Nei, de bar med dykk tjeldbui åt Molok og stjerna åt guden Remfan, dei bileti de hadde gjort og vilde beda til, og no skal eg flytja dykk av burtum Babylon. 44Federne våre hadde vitnemålstjeldet hjå seg i øydemarki; det var so som han som tala til Moses, sa han fyre å gjera det, likt det mønstret han hadde set.#2 Mos 25,9.40; Hebr 8,5 45Det fekk federne våre i arv, og førde det med seg då dei saman med Josva flutte inn i landet åt heidningane, dei som Gud dreiv ut for federne våre. Der var det alt til Davids tid.#Jos 3,3-13; 18,1 46Han fann nåde hjå Gud, og bad um at han måtte få syta for ein bustad åt Jakobs Gud.#2 Sam 7,2; Sal 132,3-9 47Men det var Salomo som bygde han eit hus.#1 Kong 6,1 48Men ikkje bur den Høgste i hus som menneskehender hev gjort, som profeten segjer:#1 Kong 8,27; Apg 17,24 49Himmelen er min kongsstol, segjer Herren, og jordi er fotbenken for føtene mine. Kva for eit hus vil de då byggja meg, eller kvar er staden eg skal kvila på?#Jes 66,1-4 50Er det ikkje mi hand som hev gjort alt dette? 51Hardnakkar, som er u-umskorne på hjarta og øyro! Alltid stend de den Heilage Ande imot, de som federne dykkar.#2 Mos 32,9; 33,3; Jer 6,10; 9,26; Esek 44,9; Luk 7,30 52Hev det vore nokon profet som federne dykkar ikkje hev forfylgt? Dei drap dei som varsla at den rettferdige skulde koma, han som de no hev svike og slege i hel, 53de som fekk lovi bori til dykk av englar og ikkje hev halde henne!#Gal 3,19; Hebr 2,2 54Då dei høyrde det, vart dei so uppøste i hugen at dei skar tenner imot han.#Apg 5,33 55Men han skoda, fyllt av den Heilage Ande, upp mot himmelen og såg Guds herlegdom, og Jesus, som stod ved Guds høgre hand,#Rom 8,34; Hebr 12,2 56og han ropa: No ser eg himlane opne, og Menneskesonen, som stend ved Guds høgre hand! 57Då skreik dei ende yver seg og heldt hendene attfor øyro. So styrmde dei inn på han alle som ein 58og dreiv han ut or byen og steina han. Og vitni la kjolane sine av seg hjå ein ung mann som stod der; han heitte Saulus.#Apg 22,20; 5 Mos 17,7 59Dei steina Stefanus, medan han bad og sa: Herre Jesus, tak imot mi ånd!#Luk 23,46; Sal 31,6 60So seig han i kne og ropa høgt: Herre, tilrekna dei ikkje denne syndi! Då han det hadde sagt, slokna han.#Luk 23,34; Matt 5,44
Currently Selected:
Apostelgjerningane 7: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2