YouVersion Logo
Search Icon

Johannes 10

10
Jesus set fram ei likning um hyrdingen, kjærleiken hans til sauene og den tillit sauene hev til han, 1-6, og nyttar so denne likningi på seg sjølv, med di han vitnar at han sjølv både er den einaste rette inngangen til sauekvii, for hyrdingane og for sauene, 7-10, og at han er den gode hyrdingen, 11-18. Jødane trettar um han, 19-21. I tempelvigslehelgi krev dei av han at han skal segja beint ut um han er Messias. Han segjer at han er det, og klagar yver vantrui deira, 22-30; dei vil steina han; han forsvarar seg med di han viser til gjerningane sine, 31-39. Han tek ut frå Jerusalem og fer yver til hi sida av Jordan, og mange trur på han der, 40-42.
1Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som ikkje gjeng inn i sauekvii gjenom døri, men stig yver ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar; 2Men den som gjeng inn gjenom døri, er hyrding åt sauene. 3Han let dørvaktaren upp åt, og sauene høyrer målet hans, og han kallar sine sauer på namn og leider dei ut. 4Når han hev fenge ut alle sauene sine, gjeng han fyre dei, og sauene fylgjer han; for dei kjenner målet hans. 5Ein framand vilde dei aldri fylgja; dei vilde røma for han, av di dei ikkje kjenner målet åt dei framande. 6Denne likningi sa Jesus dei, men dei skyna ikkje kva det var han tala til dei um. 7So tala Jesus atter til dei og sa: Det segjer eg dykk for visst og sant: Eg er døri som ber inn til sauene. 8Alle dei som er komne fyre meg, er tjuvar og røvarar; men sauene høyrde ikkje på dei.#Matt 7,15; 23,13 9Eg er døri; den som gjeng inn gjenom meg, skal verta berga, og skal ganga inn og ganga ut og finna beite.#Joh 14,6 10Tjuven kjem ikkje for anna enn for di han vilde stela og slakta og øyda; eg er komen for dei skal hava liv og hava nøgdi.#Joh 1,16 11Eg er den gode hyrdingen; den gode hyrdingen set livet sitt til for sauene.#Sal 23,1; 80,2; Jes 40,11; Esek 34,23; 37,24; Joh 15,13 12Leigekaren, som ikkje er hyrding, og som sauene ikkje høyrer til, ser ulven koma, men let sauene vera der dei er, og rømer, og ulven røvar dei og jagar dei frå einannan; 13so gjer leigekaren av di han er ein leigekar og ikkje hev umsut for sauene. 14Eg er den gode hyrdingen, og eg kjenner mine, og mine kjenner meg,#2 Tim 2,19 15liksom Faderen kjenner meg, og eg kjenner Faderen; og eg set livet til for sauene.#Matt 11,27 16Eg hev andre sauer og, som ikkje høyrer til denne kvii; dei og lyt eg leida, og dei skal lyda røysti mi, og det skal vera ei hjord og ein hyrding.#Joh 11,52; Matt 28,19; Ef 2,13-14 17Difor er det Far min elskar meg, for di eg set livet mitt til so eg kann taka det att. 18Ingen tek det frå meg, eg set det til av meg sjølv. Eg hev makt til å setja det til, og eg hev makt til å taka det att; det bodet fekk eg av Far min.#Joh 14,31 19Um desse ordi var det på nytt skilde meiningar millom jødane.#Joh 9,16 20Mange av dei sa: Han er forgjord, han er frå vitet! Kvi lyder de på han?#Joh 7,20 21Andre sa: Dette er ikkje forgjord manns tale! Kann ei vond ånd opna augo på blinde? 22So kom tempelvigslehelgi i Jerusalem. Det var vinter, 23og Jesus gjekk ikring i templet i Salomonshalli.#Apg 3,11 24Då flokka jødane seg ikring han og sa til han: Kor lenge vil du halda oss i uvissa? Er du Messias, so seg oss det beint ut! 25Jesus svara: Eg hev sagt dykk det, og de trur ikkje. Dei verki eg gjer i Far min's namn, dei vitnar um meg;#Joh 5,36 26men de trur ikkje, for de høyrer ikkje til mine sauer.#Joh 10,3-6 27Mine sauer lyder røysti mi, og eg kjenner dei, og dei fylgjer meg, 28og eg gjev dei eit æveleg liv; dei skal ikkje i all æva forkomast, og ingen skal riva dei ut or handi mi. 29Far min, som hev gjeve meg dei, er større enn alle, og ingen kann riva dei ut or handi åt Far min. 30Eg og Faderen er eitt.#Joh 5,19; 14,10-11; 17,11.21-26 31På nytt lag tok jødane upp steinar og vilde steina han.#Joh 8,59 32Då tok Jesus til ords og sa: Mange gilde verk hev eg synt dykk frå Far min; kva for eitt av dei er det de steinar meg for? 33For eit gildt verk steinar me deg ikkje, svara jødane, men for gudsspotting - for di du som er eit menneske, gjer deg sjølv til Gud. 34Jesus svara: Stend det ikkje skrive i lovi dykkar: Eg hev sagt: De er gudar?#Sal 82,6 35Når no lovi kallar dei som Guds ord kom til for gudar - og Skrifti kann ikkje gjerast um inkje - 36segjer då de til den som Faderen hev helga og sendt til verdi: Du spottar Gud, for di eg sa: Eg er Guds Son?#Joh 17,19 37Gjer eg ikkje verki åt Far min, so tru meg ikkje! 38Men gjer eg det, so tru verki, um de ikkje trur meg; so skal de skyna og sjå at Faderen er i meg og eg i han!#Joh 14,10-11 39Då freista dei atter å gripa han, men han slapp utor hendene deira.#Joh 7,30; 8,59 40So for han attende til hi sida av Jordan, til den staden der Johannes fyrst hadde vore og døypt, og der vart han verande ei tid.#Joh 1,28 41Og kom mange til han, og dei sa: Johannes gjorde fulla ikkje noko teikn, men alt det Johannes sa um denne mannen, var sant. 42Og mange trudde på han der.#Joh 4,41

Currently Selected:

Johannes 10: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in