Johannes 9
9
Jesus lækjer ein blindfødd på ein sabbat, 1-12; farisearane tek den blindfødde i forhøyr, freistar fåfengt å få han til å neitta undergjerningi, spottar han for det frimodige svaret hans og viser han burt i harm, 13-34. Han møter Jesus og sannar si tru på han, 35-38. Jesus talar um dei blinde som skal få syni, og dei sjåande som skal verta blinde, og forkynner dom yver farisearane, 39-41.
1Då han gjekk frametter, fekk han sjå ein mann som hadde vore blind frå han var fødd. 2Læresveinane spurde han: Rabbi, kven er det som hev synda, han eller foreldri hans, sidan han laut koma til verdi blind? 3Dei hev ikkje synda, korkje han eller foreldri hans, svara Jesus, men det var for di Guds verk skulde syna seg på han.#Luk 13,2.4 4So lenge det er dag, lyt eg gjera hans verk som hev sendt meg; det kjem ei natt då ingen kann arbeida.#Joh 11,9-10 5Medan eg er i verdi, er eg ljoset åt verdi.#Joh 8,12 6Med so sagt sputta han på jordi og laga ei gyrma av sputtet; den gyrma smurde han på augo hans#Mark 8,23 7og sa til han: Gakk og två deg i Siloadammen! - Siloa tyder sendemann -. So gjekk han stad og tvo seg, og då han kom att, kunde han sjå.#Neh 3,15; Jes 8,6 8Då sa grannane og dei som jamleg hadde set han fyrr - for han var ein tiggar: Er ikkje det han som sat og bad seg? 9Jau, det er han, sa andre. Endå andre sa: Nei, men han er lik han. Sjølv sa han: Det er eg. 10Korleis vart augo dine opna? sa dei då. 11Han svara: Den mannen som dei kallar Jesus, laga ei gyrma og smurde på augo mine og sa til meg: Gakk til Siloa og två deg! So gjekk eg stad og tvo meg, og då fekk eg syni mi. 12Kvar er han, den mannen? spurde dei. Eg veit ikkje, segjer han. 13Dei fører han til farisearane, han som hadde vore blind. 14Det var på ein sabbat Jesus laga gyrma og opna augo hans.#Joh 5,9 15So spurde dei han att, farisearane og, korleis han hadde fenge syni si. Han la ei gyrma på augo mine, svara han; so tvo eg meg, og no ser eg. 16Då sa nokre av farisearane: Den mannen er ikkje frå Gud, sidan han ikkje held sabbaten. Andre sa: Korleis kann ein syndig mann gjera slike teikn? Og dei var usams um dette.#Joh 7,12 17So segjer dei til den blinde att: Kva segjer du um han, sidan det var dine augo han opna? - Han er ein profet, svara han.#Luk 7,16 18Då vilde ikkje jødane tru det um han at han hadde vore blind og fenge syni si, fyrr dei hadde henta foreldri åt han som hadde fenge syni si. 19Dei spurde dei: Er dette son dykkar som de segjer er fødd blind? Korleis hev det seg då at han no ser? 20Me veit at dette er vår son, og at han er fødd blind, svara foreldri hans; 21men korleis det hev seg at han no ser, det veit me ikkje, og kven som hev opna augo hans, veit me ikkje heller. Spør han sjølv! Han er gamal nok; han kann sjølv svara for seg. 22Det sa foreldri hans av di dei var redde jødane; for jødane var alt samrådde um at den som sanna at han var Messias, skulde støytast ut or synagoga;#Joh 7,13; 12,42 23difor var det foreldri hans sa: Han er gamal nok; spør han sjølv! 24So henta dei andre gongen den mannen som hadde vore blind, og sa til han: Gjev Gud æra! Me veit at denne mannen er ein syndar! 25Um han er ein syndar, veit eg ikkje, svara han; eitt veit eg: eg var blind, og no ser eg. 26Kva gjorde han med deg? sa dei då; korleis gjekk det til at han opna augo dine? 27Eg hev alt sagt dykk det, svara han, og de akta ikkje på det; kvi vil de høyra det upp att? Kann henda de og vil verta læresveinane hans? 28Då skjelte dei han ut og sa: Du er hans læresvein, men me er Moses' læresveinar. 29Me veit at Gud hev tala til Moses, men um denne veit me ikkje kvar han er ifrå. 30Då er det underleg at de ikkje veit kvar han er ifrå, svara mannen; han hev då opna mine augo. 31Me veit at Gud ikkje høyrer på syndarar; men den som ottast han og gjer etter hans vilje, den høyrer han på.#Job 27,9; Sal 66,18; Ordt 15,29; 28,9; Jes 1,15 32Frå ævords tid hev det ikkje vore spurt at nokon hev opna augo på ein blindfødd. 33Var ikkje denne mannen komen frå Gud, kunde han ingen ting gjera. 34Då ropa dei imot han: I synder er du fødd og boren, og du vil læra oss! Og dei kasta han ut. 35Jesus fekk høyra at dei hadde kasta han ut, og då han møtte han, sa han til han: Trur du på Guds Son? 36Kven er det då, Herre, so eg kann tru på han? svara han. 37Du hev set han, sa Jesus; det er den som no talar med deg.#Joh 4,6 38Eg trur, Herre! sa mannen og kasta seg på kne for han. 39Og Jesus sa: Til doms er eg komen til denne verdi, so dei som ikkje ser, skal sjå, og dei som ser, skal verta blinde.#Joh 3,19 40Nokre farisearar som var innmed han, høyrde det og sa: Kann henda me og er blinde? 41Då sa Jesus: Var de blinde, so hadde de ikkje synd; men no segjer de: Me ser - og syndi dykkar vert verande der ho var.#Joh 15,22
Currently Selected:
Johannes 9: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

: