Lukas 11
11
Jesus lærer læresveinane å beda, 1-13; lækjer ein forgjord, vert spotta og forsvarar seg, 14-28; viser folket til Jonas-teiknet, 29-36; ropar ve yver farisearane og dei lovkunnige, 37-54.
1Ein gong var han ein stad og bad; då han heldt upp, sa ein av læresveinane til han: Herre, lær oss å beda! Det lærde Johannes og sveinane sine. 2Han svara: Når de bed, skal de segja: Fader vår, du som er i himmelen! Lat namnet ditt helgast; lat riket ditt koma; lat viljen din råda på jordi so som i himmelen;#Matt 6,9-12 3gjev oss kvar dag vårt daglege brød; 4og forlat oss våre synder, for me og forlet kvar den som er oss skuldig; og før oss ikkje ut i freisting; men frels oss frå det vonde. 5So sa han til dei: Um nokon av dykk hev ein ven og gjeng til han midt på natti og segjer: Kjære, lån meg tri brødleivar!#Luk 18,1-8 6for ein ven hev kome innum meg på ei ferd, og eg hev ikkje noko å setja fram åt han - 7skulde so han der inne svara: Gjer meg ikkje slikt bry! Døri er alt stengd, og småborni mine er i seng med meg; eg kann ikkje standa upp og gjeva deg det? 8Eg segjer dykk: Um han ikkje stend upp og gjev han det for di det er hans ven, so ris han upp og gjev han alt han treng, for di han er so tråsøkjen. 9Og eg segjer dykk: Bed, so skal de få! Leita, so skal de finna! Banka på, so skal det verta upplate for dykk!#Matt 7,7-11; 21,22; Joh 14,13; 1 Joh 5,14; Jak 1,5-6 10For kvar som bed, han fær, og den som leitar, han finn, og den som bankar på, vert det upplate for. 11Finst det nokon far ibland dykk som gjev son sin ein stein når han bed um brød, eller når han bed um fisk, gjev han ein orm i staden for ein fisk 12eller når han bed um eit egg, gjev han ein skorpion? 13Når då de som er vonde, veit å gjeva borni dykkar gode gåvor, kor mykje meir vil so ikkje Faderen, som er i himmelen, gjeva den Heilage Ande åt dei som bed han!#Sal 143,10 14Ein gong dreiv han ut ei vond ånd, som var mållaus, og då åndi var utfari, tala den mållause. Folket undra seg,#Matt 9,32-34; 12,22-37 15men sume av dei sa: Det er Be'elsebul, djevelhovdingen, som hjelper han til å driva ut djevlar.#Mark 3,22-30 16Andre vilde freista han og bad han syna dei eit teikn frå himmelen.#Matt 12,38; 16,1 17Men Jesus visste kva dei hadde i tankar, og sa til dei: Eit rike som ligg i strid med seg sjølv, kjem snart til å øydast, og eitt hus dett yver hitt.#Joh 2,25 18Er no Satan og komen i strid med seg sjølv, korleis kann då riket hans standa? - sidan de segjer at det er Be'elsebul som hjelper meg til å driva ut dei vonde åndene. 19Og hjelper Be'elsebul meg til å driva ut dei vonde åndane, kven fær då dykkar eigne folk hjelp av til å driva dei ut? Difor skal dei vera domarane dykkar. 20Men er det med Guds finger eg driv dei vonde åndene ut, so er då Guds rike kome til dykk.#2 Mos 8,19 21Når ei kjempa væpna vaktar sin gard, fær han hava alt sitt i fred; 22men kjem det ein sterkare og vinn yver han, so tek han våpni hans, som han sette si lit til, og skifter ut alt han rana ifrå han.#Jes 53,12; Kol 2,15; Jes 49,25 23Den som ikkje er med meg, er imot meg; og den som ikkje sankar med meg, han spreider. 24Når den ureine åndi fer ut or eit menneske, flakkar ho gjenom vasslause vidder og leitar etter ein kvilestad, og når ho ingen kvilestad finn, segjer ho: Eg vil fara attende til huset mitt, som eg flutte ifrå.#Matt 12,43-45; Jes 34,14; Op 18,2 25Når ho so kjem dit, finn ho huset feia og fjelga. 26Då fer ho av stad og tek med seg sju andre ånder, som er argare enn ho er sjølv, og dei gjeng inn og vert buande der, og hev det vore ille med det mennesket fyrr, so vert det endå verre sidan.#2 Pet 2,20; Hebr 6,4-8; 10,26 27Medan han tala soleis, var det ei kvinna bland folket som sette i og ropa: Sælt det livet som bar deg, og det brjostet du saug! 28Då sa han: Sæle er heller dei som høyrer Guds ord og tek vare på det!#Luk 8,21 29Som no folket flokka seg kring han, tok han til ords og sa: Denne ætti er ei vond ætt; dei krev etter teikn, men dei skal ikkje få anna teikn enn Jonas-teiknet.#Matt 12,39-45; Jona 2,1 30For liksom Jonas vart eit teikn for Ninive-folket, soleis skal og Menneskesonen vera det for denne ætti. 31Sudlands-dronningi skal standa fram for domen i hop med mennene av denne ætti og fella dei; for ho kom frå verdsens ende og vilde høyra Salomos visdom, og her er meir enn Salomo!#1 Kong 10,1 32Ninive-mennene skal møta for domen i hop med denne ætti og fella dei; for dei vende um då Jonas tala for dei; og her er meir enn Jonas.#Jona 3,5 33Ingen som kveikjer eit ljos, set det i kjellaren eller under skjeppa, men i staken, so dei som kjem inn, kann sjå ljosken.#Matt 5,15; Mark 4,21; Luk 8,16 34Ljoset i lekamen, det er auga ditt; er auga ditt klårt, so er heile lekamen og ljos; men er det dimt, so er lekamen og myrk.#Matt 6,22-23 35Sjå då til at ikkje ljoset inni deg er myrker! 36Er so heile lekamen ljos, og ingen lut av han myrk, då vert han upplyst alt igjenom, som når ljoset skin på deg med sine strålar. 37Då han hadde tala ut, bad ein farisear han eta dagverd hjå seg. So gjekk han inn der og sette seg til bords. 38Men farisearen vart forundra då han såg at han ikkje tvo seg fyrst fyre målet.#Mark 7,3 39Men Herren sa til han: Ja, de farisearar, de reinskar skåler og fat utvendes, men innvendes er de fulle av ran og vondskap.#Matt 23,25 40Dårar! Han som gjorde det som er utvendes, gjorde han ikkje det som er innvendes og? 41Men gjer ei sælebotsgåva av det som inni er; då skal de sjå at alt er reint for dykk.#Jes 58,6-7; Luk 12,33 42Men ve yver dykk, farisearar! De gjev tiend av mynta og ruta og allslags maturter, men vyrder ikkje rettferd og kjærleik til Gud. Det skulde ein gjera, og ikkje lata vera hitt heller.#Matt 23,23; 4 Mos 18,21; Hos 6,6; Mi 6,8 43Ve yver dykk farisearar! De trår etter å sitja fremst i synagogone, og vil at folk skal helsa dykk på torgi.#Luk 20,46; Matt 23,6-12; Mark 12,38-39 44Ve yver dykk! De er som ukjennelege graver, folk gjeng på dei og veit ikkje av det.#Matt 23,27 45Då tok ein av dei lovkunnige til ords og sa: Meister, når du segjer slikt, gjeng du oss og for nær! 46Jesus svara: Ve yver dykk lovkunnige og! De lesser svære byrder på folk, og sjølve rører de ikkje byrdene med ein einaste finger.#Matt 23,4; Apg 15,10 47Ve yver dykk! De byggjer minnesmerke yver profetane, og det var federne dykkar som slo dei i hel.#Matt 23,29 48So vitnar de då um det som federne dykkar gjorde, og samtykkjer det; for dei slo profetane i hel, og de byggjer. 49Difor sa og Guds visdom: Eg vil senda profetar og apostlar til dei, og sume av dei skal dei slå i hel, og sume skal dei forfylgja,#Matt 23,34-39; Joh 16,2 50so alt profetblod som hev runne frå verdi vart grunnlagd, skal krevjast att av denne ætti, 51frå Abels blod til Sakarias' blod, han som let livet millom altaret og templet. Ja, segjer eg dykk, det skal krevjast att av denne ætti.#1 Mos 4,8; 2 Krøn 24,21 52Ve yver dykk lovkunnige! De hev teke kunnskapslykelen til dykk! Sjølve gjekk de ikkje inn, og dei som vilde inn, fekk de hindra.#Matt 23,13 53Då han gjekk ut att, tok dei skriftlærde og farisearane til å verta fælt nærsøkne og frega han um mangt og mykje, 54alt medan dei lurde på han og vilde få tak i eitkvart ordet frå hans munn.
Currently Selected:
Lukas 11: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2