Lukas 4
4
Jesus vert freista av djevelen, 1-13, lærer i Nasaret; folket der vil drepa han, 14-30; han lærer i Kapernaum, lækjer ein forgjord, Peters vermor og mange andre, 31-41, forkynner Guds rike i synagogone i Galilea, 42-44.
1Full av den Heilage Ande vende Jesus att ifrå Jordan, og Anden førde han kring i øydemarki#Matt 4,1-11; Mark 1,12-13 2i fyrti dagar, medan han vart freista av djevelen. I dei dagane åt han ingen ting, og då dei var lidne, kjende han seg svolten.#2 Mos 34,28; 1 Kong 19,8 3Då sa djevelen til han: Er du Guds Son, so seg til denne steinen at han skal verta brød. 4Jesus svara so: Det stend skrive: Mennesket lever ikkje berre av brød, men av kvart eit Guds ord.#5 Mos 8,3 5So førde djevelen han upp på eit høgt fjell og synte han alle heimsens rike i ein augneblink, 6og sa til han: Deg vil eg gjeva makt yver alt dette og alt gjævt og gildt som finst i desse riki; for det er lagt i mi hand, og eg gjev det åt kven eg vil; 7fell du no på kne og tilbed meg, so skal det vera ditt alt saman. 8Men Jesus svara: Det stend skrive: Herren din Gud skal du tilbeda, han og ingen annan skal du tena.#5 Mos 6,13; 10,12.20 9So førde djevelen han til Jerusalem og sette han ytst på tempeltaket og sa til han: Er du Guds Son, so kasta deg ned herifrå! 10for det stend skrive: Han skal bjoda englane sine um deg at dei skal vara deg,#Sal 91,11-12 11og: Dei skal bera deg på hendene, so du ikkje skal støyta foten din på nokon stein. 12Då svara Jesus: Det er sagt: Du skal ikkje freista Herren din Gud.#5 Mos 6,16 13Då djevelen soleis hadde freista han på alle vis, gjekk han ifrå han og let han vera i fred ei tid. 14So for Jesus attende til Galilea, fyllt av den krafti som Anden gav han, og ordet um han kom ut i alle bygdene der ikring.#Matt 4,12-16; Mark 1,14; Joh 4,43; Apg 10,37-38 15Han lærde i synagogone deira, og alle prisa han. 16Soleis kom han og ein gong til Nasaret, der han var uppalen, og gjekk inn i synagoga på sabbaten, som han var van med; han reiste seg og vilde lesa åt dei,#Matt 2,23; Apg 15,21 17og dei gav han boki åt profeten Esaias. Då han slo henne upp, fann han den staden der det stend:#Jes 61,1-3 18Herrens Ande er yver meg, for di han salva meg til å forkynna evangeliet for fatige, han hev sendt meg til å ropa ut fridom for fangar og at blinde skal få syni, til å løysa dei som er trælka, or tvang,#Apg 10,38; Matt 11,5; Jes 42,7 19til å lysa ut eit hugnads-år frå Herren.#2 Kor 6,2 20Då han hadde late att boki og gjeve henne til tenaren, sette han seg, og alle som i synagoga var, heldt augo sine feste på han. 21So tok han til ords og byrja soleis: I dag hev dette skriftordet sannast, som de sjølve kann høyra. 22Alle tala vel om han og undra seg over dei nådeorda som kom frå hans munn. «Er ikkje dette son til Josef?» spurde dei.#Sal 45,3; Jes 50,4; Matt 13,54fg; Mark 6,2fg; Joh 6,42 23Då sa han til dei: De vil visst segja meg til som det stend i ordtøket: Lækjar, læk deg sjølv! Me hev høyrt um alt det som er gjort i Kapernaum - gjer no like eins på heimstaden din! 24Men eg segjer dykk for sant, heldt han fram: Ingen profet er velkomen i heimbygdi si.#Joh 4,44 25Og det segjer eg dykk med sannom: Det var mange enkjor i Israel i Elias' dagar, då himmelen var stengd i tri år og seks månader, so det vart stor svolt og naud i heile landet,#1 Kong 17,1-7; Jak 5,17 26og endå vart ikkje Elias send til nokor av dei, men berre til Sarepta i Sidonarlandet, til ei enkja der. 27Og det var mange spilte i Israel den tid profeten Elisa levde, og endå vart ingen av dei reine att, men berre Na'aman, syraren.#2 Kong 5,1-7 28Då dei i synagoga høyrde det, vart dei alle brennande harme. 29Dei for upp og dreiv han ut or byen og førde han burt på bruni av det fjellet som byen deira var bygd på; der vilde dei støyta han utyver. 30Men han gjekk midt igjenom flokken og for sin veg. 31So kom han ned til Kapernaum, ein by i Galilea. Der lærde han folket på sabbaten;#Matt 4,13; Mark 1,21-34 32og dei var reint tekne av det han lærde dei, for det var makt i talen hans.#Matt 7,28-29 33I synagoga var det ein mann som hadde ei urein ånd i seg. Han sette i og ropa so høgt som han kunde: 34Hu! Kva vil du oss, Jesus frå Nasaret? Er du komen for å gjera ende på oss? Eg veit kven du er - den Heilage frå Gud! 35Jesus truga den vonde åndi og sa: Teg still, og far ut or han! So kasta åndi han ned på jordi midt ibland dei og for ut or han, men skadde han ikkje. 36Då kom det ein otte yver alle, og dei sa seg imillom: Kva er dette for ord? Med mynd og makt talar han til dei ureine åndene, og dei fer ut! 37Og det gjekk gjetordet av han utyver alle bygdene der ikring. 38So tok han ut frå synagoga, og gjekk heim til Simon. Vermor åt Simon låg sjuk og hadde sterke heteflagor, og dei bad han vilde hjelpa henne.#Matt 8,14-17; Mark 1,29-34 39Han gjekk innåt, og stod uppyver henne og truga sotti; då slepte sotti henne, og straks reis ho upp og stelte for dei. 40Då soli gladde, kom alle til han med sine sjuke, kva sjukdom dei so drogst med, og han la hendene på kvar ein av dei og lækte dei. 41Mange for det og vonde ånder utor, og dei hua og ropa: Du er Guds Son! Men han truga dei og gav dei ikkje lov til å tala, av di dei visste han var Messias.#Mark 3,11-12; Luk 2,11 42Då det vart dag, tok han ut og for til ein øydestad. Folket leita etter han, og då dei kom dit han var, freista dei å halda han att, so han ikkje skulde ganga frå dei.#Mark 1,35-39 43Då sa han til dei: Eg lyt forkynna evangeliet um Guds rike i dei andre byane og; for det vart eg send for. 44Og han heldt ved og tala ordet i synagogone i Galilea.
Currently Selected:
Lukas 4: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2