YouVersion Logo
Search Icon

Matteus 25

25
Jesus set fram likningi um dei fem vituge og dei fem dårlege brurmøyane, 1-13, um dei utlånte pengane, 14-30, og lærer um domen på den ytste dagen, 31-46.
1Då kann himmelriket liknast med ti brurmøyar som tok lampone sine og gjekk til møtes med brudgomen. 2Fem av dei var dårlege og fem vituge. 3Då dei dårlege tok lampone sine, tok dei ikkje olje med seg, 4men dei vituge tok olje med seg i krukkor attåt lampone sine. 5Då det no drygde fyrr brudgomen kom, vart dei alle trøytte og sovna. 6Men midt på natti høyrdest eit rop: No kjem brudgomen! Gakk ut og tak imot han! 7Då vakna alle brurmøyane og stelte lampone sine. 8Og dei dårlege sa til dei vituge: Lat oss få noko olje hjå dykk! Lampone våre sloknar. 9Nei, svara dei vituge, det rekk ikkje til både åt oss og dykk. De lyt heller ganga til kræmaren og kjøpa dykk noko. 10Medan dei då var burte og vilde kjøpa, kom brudgomen. Dei som var ferdige, gjekk med han inn til brudlaupet; og døri vart stengd. 11Då det leid um eit bel, kom dei hine møyane og, og sa: Herre, herre, lat upp for oss!#Luk 13,25 12Men han svara: Det segjer eg dykk for sant: Eg kjenner dykk ikkje.#Matt 7,23 13So vak då! For de veit korkje dag eller time.#Matt 24,42.44 14Det er liksom med ein mann som vilde fara utanlands. Han kalla tenarane sine inn og flidde dei midelen sin:#Luk 19,12-27 15ein gav han fem talentar, ein annan tvo, og den tridje ein talent, etter som kvar dugde til, og so for han or landet. 16Den som fekk fem talentar, tok straks til å handla med dei, og vann seg fem talentar til. 17Sameleis den som fekk tvo; han og vann tvo til. 18Men den som fekk ein talent, gjekk burt og grov eit hol i jordi og gøymde pengane åt husbonden sin. 19So leid det ei lang tid, då kom husbonden heim att og kravde rekneskap av tenarane sine. 20Og han som hadde fenge fem talentar, gjekk fram og hadde med seg fem til og sa: Herre, du gav meg fem talentar; sjå her, eg hev vunne fem til! 21Då sa husbonden til han: Det var rett gjort, du gode og trugne tenar! Du hev vore tru i det som var lite; eg vil setja deg yver mykje. Gakk inn og gled deg med husbonden din!#Matt 24,47 22So gjekk han fram han som hadde fenge tvo talentar, og sa: Herre, du gav meg tvo talentar. Sjå her, eg hev vunne tvo til! 23Det var rett gjort, du gode og trugne tenar! svara husbonden. Du hev vore tru i det som var lite; eg vil setja deg yver mykje. Gakk inn og gled deg med husbonden din! 24Sidan kom han som hadde fenge ein talent, og sa: Herre, eg kjende deg for ein streng mann, som haustar der du ikkje sådde, og sankar der du ikkje strådde. 25Difor vart eg redd, og so gjekk eg burt og gøymde pengane dine i jordi. Sjå her hev du ditt! 26Då svara husbonden: Du låke og late tenar! Du visste at eg haustar der eg ikkje sådde, og sankar der eg ikkje strådde! 27Skulde du ikkje då ha sett pengane mine i banken! so hadde eg fenge mine att med rentor når eg kom heim. 28Tak ifrå han talenten og gjev han til den som hev ti! 29For kvar den som hev, han skal få, so han hev nøgdi; men den som ikkje hev, skal missa endå det som han hev.#Matt 13,12; Mark 4,25; Luk 8,18 30Og kasta den duglause tenaren ut i myrkret utanfor, der dei græt og skjer tenner!#Matt 8,12 31Men når Menneskesonen kjem i sin herlegdom, og alle englane med han, då skal han sitja i den glimande kongsstolen;#Sak 14,5; Matt 16,27; 1 Tess 4,16; 2 Tess 1,7; Matt 19,28 32alle folkeslag skal samlast framfor han, og han skal skilja dei åt, liksom hyrdingen skil sauene frå geitene,#Rom 14,10; 2 Kor 5,10; Matt 13,49 33og setja sauene på si høgre sida, og geitene på den vinstre.#Esek 34,17.20 34So skal kongen segja til dei på høgre sida: Kom hit, de velsigna borni åt Far min, og tak det riket i eige som var etla åt dykk alt ifrå verdi var skapt! 35For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tyrst, og de gav meg drikka; eg var heimlaus, og de hyste meg;#Jes 58,7; Esek 18,7 36eg var naken, og de klædde meg; eg var sjuk, og de såg um meg; eg var i fengsel, og de lydde til meg.#Jak 1,27 37Då tek dei rettferdige til ords og segjer til han: Herre, når hev me set deg svolten og metta deg, eller tyrst og kveikt deg? 38Når hev me set deg heimlaus og hyst deg, eller naken og klædt deg? 39Når hev me set deg sjuk eller i fengsel og lydt til deg? 40Og kongen svarar: Det segjer eg dykk for sant: Alt det de hev gjort mot ein av desse minste brørne mine, det hev de gjort imot meg.#Matt 10,42; Ordt 19,17; Hebr 6,10 41So segjer han til dei på vinstre sida: Gakk burt frå meg, de bannstøytte, til den ævelege elden, som er tilbudd åt djevelen og englane hans!#Matt 7,23; Luk 13,27 42For eg var svolten, og de gav meg ikkje mat; eg var tyrst, og de gav meg ikkje drikka; 43eg var heimlaus, og de hyste meg ikkje; eg var naken, og de klædde meg ikkje; eg var sjuk og i fengsel, og de såg ikkje um meg. 44Då tek dei og til ords og segjer: Herre, når hev me set deg svolten eller tyrst eller heimlaus eller naken eller sjuk eller i fengsel og hev ikkje tent deg? 45Og han svarar: Det segjer eg dykk for sant: Alt det de ikkje hev gjort mot ein av desse minste, det hev de ikkje gjort mot meg heller. 46So skal dei ganga burt til æveleg straff, men dei rettferdige til eit æveleg liv.#Dan 12,2; Joh 5,29

Currently Selected:

Matteus 25: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in