Matteus 27
27
Jesus vert førd til Pilatus, 1.2. Judas tek livet av seg, 3-10. Jesus for Pilatus, 11-26. Han vert spotta av stridsmennene, 27-31, vert krossfest og døyr, 32-50. Teikni då han døydde, 51-56. Han vert gravlagd, 57-61; jødane set vakt ved gravi, 62-66.
1Det var morgon vorte då alle øvsteprestane og styresmennene sa daudedomen yver Jesus.#Mark 15,1-15; Luk 22,66-71 2So batt dei han og førde han burt og gav han yver til Pilatus, landshovdingen.#Luk 23,1-25; Joh 18,28-40 3Då Judas, svikaren, såg at dei hadde dømt Jesus frå livet, angra han på det han hadde gjort. Han bar dei tretti sylvpeningane attende til øvsteprestane og styresmennene og sa: 4Eg hev synda! Det var skuldlaust blod eg gav yver til dykk. - Kva skil det oss? Det vert di eigi sak, svara dei. 5Då kasta han pengane frå seg i templet og tok ut; og sidan gjekk han burt og hengde seg upp.#2 Sam 17,23; Apg 1,18 6Øvsteprestane tok pengane og sa: Det er ikkje rett å leggja dei i tempelkista; for det er blodpengar. 7So tok dei den rådi at dei for desse pengane kjøpte Krusmakaråkeren til gravstad for framande. 8Difor hev den åkeren vore kalla Blodåkeren alt til denne dag.#Apg 1,19 9Då vart det sanna det som Jeremias, profeten, hev tala, når han segjer: Og dei tok dei tretti sylvpeningane, verdet for den verdsette, han som dei verdsette for Israel, 10og dei gav det for Krusmakaråkeren, so som Herren baud meg.#Sak 11,13; Jer 18,2; 19,1-2.11-13 11So vart då Jesus førd fram for landshovdingen. Og landshovdingen spurde han: Er det du som er konge yver jødane? - Du segjer det sjølv, sa Jesus. 12Men då øvsteprestane og styresmennene kom med klagemåli sine, svara han ingen ting. 13Då sa Pilatus til han: Høyrer du ikkje alt det dei skuldar deg for? 14Men han svara han ikkje på eit einaste ord, so landshovdingen undra seg storleg. 15Kvar høgtid hadde landshovdingen for vis å gjeva folket ein fange fri, kven dei vilde.#Mark 15,6-16; Luk 23,17-25; Joh 18,39-40 16Den gongen hadde dei ein ordgjeten fange som heitte Barabbas. 17Då dei no hadde samla seg, sa Pilatus til dei: Kven vil de eg skal gjeva dykk fri, Barabbas eller Jesus, han som dei kallar Messias? 18For han visste at det var av ovund dei hadde gjeve Jesus yver til han. 19Og medan han sat i domarsætet, sende kona hans bod til han og sa: Du skal ikkje hava noko med saki mot denne rettferdige mannen! Eg hev drøymt so vondt i natt for hans skuld. 20Men øvsteprestane og styresmennene talde folket til å beda Barabbas fri og lata Jesus drepast. 21Og då landshovdingen tok til ords att og spurde: Kven av desse tvo vil de eg skal gjeva dykk fri? svara dei: Barabbas!#Apg 3,14 22Kva skal eg då gjera med Jesus, han som dei kallar Messias? sa han. Då svara dei alle: Tak og krossfest han! 23Kva vondt hev han då gjort? sa Pilatus. Men dei ropa berre sterkare og sterkare: Tak og krossfest han! 24Då Pilatus såg at han ingen ting kunde gjera, men ståket heller vart verre, tok han vatn og tvo hendene sine midt for augo på folkehopen og sa: Eg hev ingi skuld i blodet åt denne rettferdige mannen. Dette lyt de svara for!#5 Mos 21,6-7 25Då svara heile folket: Blodet hans må koma yver oss og yver borni våre! 26So gav han dei Barabbas fri, men let Jesus hudflettast og gav han yver til hermennene sine, so dei skulde krossfesta han.#Joh 19,1 27Hermennene åt landshovdingen tok Jesus med seg inn i borgi og samla heile vakti kringum han.#Mark 15,16-20; Joh 19,2-3 28So klædde dei av han og hengde på han ei skarlakskåpa, 29og dei fletta ein krans av klunger og sette på hovudet hans og gav han ein røyrstav i høgre handi. Med so gjort fall dei på kne for han spotta han og sa: Heil deg, jødekonge! 30So sputta dei på han og tok røyrstaven og slo han i hovudet med,#Jes 50,6; Matt 26,67 31og då dei hadde spotta han det dei vilde, tok dei av han kåpa og hadde på han hans eigne klæde, og so førde dei han burt og skulde krossfesta han. 32På vegen møtte dei ein mann frå Kyrene som heitte Simon. Honom nøydde dei til å bera krossen hans.#Mark 15,21-41; Luk 23,26 33Då dei so kom til ein stad som heiter Golgata - det er det same som Skallestaden -#Luk 23,32-34; Joh 19,17-30 34gav dei han vin blanda med gall; men då han hadde smaka på det, vilde han ikkje drikka. 35So feste dei han til krossen. Klædi hans bytte dei millom seg, og kasta lut um dei, 36og so vart dei sitjande der og heldt vakt yver han. 37Og uppyver hovudet hans hadde dei skrive klagemålet mot han; det lydde so: Dette er Jesus, kongen yver jødane. 38Saman med han vart tvo røvarar krossfeste, ein på høgre og ein på vinstre sida.#Jes 53,12; Luk 22,37 39Dei som gjekk framum, hædde han og riste på hovudet og sa:#Sal 22,8 40Du som riv ned templet og byggjer det upp att på tri dagar, hjelp deg no sjølv! Er du Guds Son, so stig ned av krossen!#Matt 26,61 41Sameleis spotta dei han både øvsteprestane og dei skriftlærde og styresmennene og sa: 42Andre hev han hjelpt, seg sjølv kann han ikkje hjelpa! Han er konge i Israel! Lat han no stiga ned av krossen, so skal me tru på han. 43Han leit på Gud; lat no Gud berga han dersom han hev hugnad i han! Han hev då sagt: Eg er Guds Son!#Sal 22,9 44Jamvel røvarane som var krossfeste saman med han, spotta han på same visi. 45Frå den sette timen vart det myrkt yver heile landet alt til den niande timen.#Mark 15,33-41; Luk 23,44-49 46Og kring den niande timen ropa Jesus med høg røyst og sa: Eli, Eli, lama sabaktani! Det er det same som: Min Gud, min Gud, kvi hev du forlate meg?#Sal 22,2 47Då sa nokre av dei som stod der og høyrde det: Han ropar på Elias! 48Og med det same sprang ein av dei fram og tok ein svamp og fyllte med vineddik og sette på ein tein og let han få drikka.#Sal 69,22; Luk 23,36; Joh 19,28-30 49Men dei hine sa: Venta! Lat oss sjå um Elias kjem og hjelper han! 50Og Jesus ropa endå ein gong med høg røyst og gav ut åndi. 51Då rivna forhenget i templet midt i tvo, ovantil og radt ned, og jordi skalv, og bergi brast,#2 Mos 26,31-37; 2 Krøn 3,14 52og gravene opna seg, og mange avlidne heilagmenne stod livs levande upp, 53og dei gjekk fram or gravene etter Jesus hadde stade upp att, og kom inn i den heilage staden og synte seg for mange. 54Då hovudsmannen og dei som var med han og heldt vakt yver Jesus, såg jordskjelven og alt det som hende, vart dei fulle av otte og sa: Dette var sanneleg Guds Son! 55Det var og mange kvinnor der, som stod eit stykke undan og såg på; dei hadde fylgt Jesus frå Galilea og tent han.#Luk 8,2-3; Mark 15,40-41; Luk 23,49; Joh 19,25 56Millom dei var Maria Magdalena, og Maria, mor åt Jakob og Josef, og mor åt Sebedeus-sønene. 57Um kvelden kom det ein rik mann som heitte Josef og var frå Arimatea; han hadde og vorte ein læresvein åt Jesus.#Mark 15,42-47; Luk 23,50-56; Joh 19,38-42 58Han gjekk til Pilatus og bad um han måtte få lekamen åt Jesus; og Pilatus sende bod at dei skulde lata han få han. 59Då tok Josef og sveipte lekamen inn i eit reint, fint linty 60og la han i ei ny grav, som han hadde hogge ut åt seg i berget. So velte han ein stor stein attfor gravopningi, og gjekk burt.#Jes 53,9 61Maria Magdalena og den andre Maria var der og; dei sat midt for gravi. 62Den andre dagen - det var den som kjem etter fyrebuingsdagen - gjekk øvsteprestane og farisearane saman til Pilatus 63og sa: Herre, me kjem i hug at denne folkedåraren sa medan han levde: Tri dagar etter stend eg upp att.#Matt 16,21 64Set no folk til å vakta vel på gravi til tridje dagen! Elles kunde læresveinane hans koma og stela han burt og so segja til folket: Han hev stade upp frå dei daude, og då vert den siste dåringi verre enn den fyrste. 65Då sa Pilatus: Her hev de vakt! Gakk no og tak vare på gravi som de best kann! 66So gjekk dei og sette vakti til å taka vare på gravi, etter dei hadde forsigla steinen.
Currently Selected:
Matteus 27: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2