YouVersion Logo
Search Icon

Matteus 28

28
Jesus stend upp att, 1-10; med mutor fær jødane vakti til å tegja, 11-15. Den uppstadne syner seg for dei elleve apostlane i Galilea og byd dei ganga ut til alle folki med evangeliet og dåpen, 16-20.
1Då kviledagen var liden, og det tok til å ljosna den fyrste dagen i vika, kom Maria Magdalena og den andre Maria og vilde sjå til gravi.#Mark 16,1-8; Luk 24,1-12; Joh 20,1-10 2Då vart det brått ein sterk jordskjelv; for ein Herrens engel for ned frå himmelen og gjekk innåt og velte steinen ifrå og sette seg på han. 3Han var som ein elding å sjå til, og klædi hans var kvite som snø. 4Vaktarane skalv av redsla for han, og vart liggjande som dei var daude. 5Og engelen tala til kvinnone og sa: Ver ikkje redde! Eg veit at de leitar etter Jesus, han som vart krossfest. 6Han er ikkje her; han hev stade upp, som han sa. Kom og sjå staden der han låg!#Matt 12,40; 16,21; 17,23 7Og skunda dykk so av stad og seg til læresveinane hans: Han hev stade upp frå dei daude, og no gjeng han fyre dykk til Galilea; der skal de få sjå han! Sjå no hev eg sagt dykk det.#Matt 26,32 8Då skunda dei seg burt ifrå gravi med otte og stor gleda; og sprang av stad, vilde bera bod um det til læresveinane hans. 9Men best det var, kom Jesus imot dei og sa: Guds fred! Då gjekk dei innåt og fall på kne for han og tok kringum føtene hans. 10Og Jesus sa til dei: Ver ikkje redde! Gakk og seg til brørne mine at dei skal fara til Galilea! Der skal dei sjå meg.#Matt 28,16-20 11Medan dei var på vegen, kom nokre av vaktarane inn til byen og fortalde øvsteprestane alt det som hadde hendt. 12Då kom dei og styresmennene i hop og samrådde seg; og dei gav hermennene nok av pengar 13og sa: Seg at læresveinane hans kom um natti og stal han burt medan de sov.#Matt 27,64 14Og skulde det koma att for landshovdingen, so skal me tala vel med han, og laga det so at de kann vera trygge. 15So tok dei mot pengane, og gjorde som dei var fyresagde. Soleis kom det ordet ut millom jødane, og hev halde seg alt til denne dag. 16Dei elleve læresveinane for til Galilea, til det fjellet der Jesus hadde sagt dei til å møtast med han.#Matt 26,32 17Då dei fekk sjå han, fall dei på kne for han; men sume tvila.#Luk 24,37.41 18Og Jesus steig fram og tala til dei og sa: Eg hev fenge all makt i himmelen og på jordi.#Matt 11,27; Luk 10,22; Joh 3,35; 17,2; Hebr 1,2 19Gakk då ut og gjer alle folki til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og den Heilage Ande,#Mark 16,15-20; Luk 24,47 20og lærer dei å halda alt det som eg hev bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar so lenge verdi stend!#Matt 18,20

Currently Selected:

Matteus 28: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in