Markus 1
1
Johannes stend fram i øydemarki, forkynner at Kristus skal koma, og døyper, 1-8. Jesus vert døypt og freista, 9-13, tek til å forkynna og kallar læresveinar, 14-20, lækjer ein forgjord, vermor åt Peter og mange andre, 21-34; forkynner ordet i Gallilea og driv ut vonde ånder, 35-39; reinsar ein spillsjuk mann, 40-45.
1Upphavet til evangeliet åt Jesus Kristus, Guds Son. 2Hjå Esaias, profeten, stend det skrive: Sjå, eg sender mitt bod framfyre deg, han skal rydja vegen din for deg;#Jes 40,3; Mal 3,1; Matt 11,10 3høyr han som ropar i heidi: Ryd vegen åt Herren, jamna stigane hans!#Matt 3,3; Luk 3,4; Joh 1,23 4Soleis stod Johannes, døyparen, fram i øydemarki og ropa ut umvendings-dåp til forlating for syndene.#Luk 3,3; Apg 13,24; 19,4; Matt 3,1-12; Luk 3,2-18 5Og heile Judaland kom ut til han, og alt Jerusalems-folket, og han døypte dei i Jordanåi, medan dei sanna syndene sine. 6Johannes var klædd i kamelhår og hadde eit lerbelte kring livet, og det han åt, var grashoppar og villhonning. 7Og han tala til folket og sa: Det kjem ein etter meg som er sterkare enn eg; eg er ikkje verdig til å bøygja meg ned og løysa skobandet hans. 8Eg hev døypt dykk med vatn, men han skal døypa dykk med den Heilage Ande.#Joh 1,26-27; Apg 1,5; 2,4 9I dei dagane hende det at Jesus kom frå Nasaret i Galilea og vart døypt i Jordan av Johannes.#Matt 3,13-17; Luk 3,21-22 10Og med det same han steig upp or vatnet, såg han korleis himmelen kløyvde seg, og Anden dala ned til han som ei duva.#Joh 1,32 11Og frå himmelen kom det ei røyst: Du er Son min, som eg elskar. Deg hev eg hugnad i!#Matt 17,5; Jes 42,1 12Og straks dreiv Anden han ut i øydemarki;#Matt 4,1-11; Luk 4,1-13 13og han var i øydemarki i fyrti dagar og vart freista av Satan, og heldt til millom villdyri, og englane tente han. 14Då Johannes var sett i fengsel, kom Jesus til Galilea og kunngjorde evangeliet frå Gud#Matt 14,3; 4,12-16; Luk 4,14-30; Joh 4,3.43 15og sa: Tidi er fullkomi, og Guds rike er nær! Vend um, og tru på evangeliet!#Gal 4,4 16Då han ein gong for frammed Galileasjøen, fekk han sjå Simon og Andreas, bror hans; dei var åt og sette garn i sjøen, for dei var fiskarar.#Matt 4,18-22; Luk 5,1-11 17Han sa til dei: Kom og fylg meg, so skal eg setja dykk til å vera menneskefiskarar! 18Då gjekk dei beint frå garni sine og fylgde han. 19Då han kom litt lenger fram, såg han Jakob, son åt Sebedeus, og Johannes, bror hans; dei var og i båten sin og greidde garni. 20Og straks kalla han dei, og dei gav seg med han, og let far sin, Sebedeus, vera att i båten med leigekarane. 21So kom dei til Kapernaum, og straks det vart sabbat, gjekk han inn i synagoga og lærde folket.#Luk 4,31-41 22Og dei var reint upp i under yver læra hans; for han lærde dei som ein som hadde velde, og ikkje som dei skriftlærde.#Matt 7,28-29 23Den gongen var det der i lyden ein mann med ei urein ånd; han sette i og ropa: 24Kva vil du oss, Jesus frå Nasaret? Er du komen for å gjera ende på oss? Eg veit kven du er - den Heilage frå Gud.#Mark 5,7 25Jesus truga den ureine åndi og sa: Teg still, og far ut or han! 26Då reiv ho og sleit i han og illhua og for ut or han. 27Og alle vart forfærde og spurde seg imillom: Kva er dette? Ei ny læra! Med velde talar han jamvel til dei ureine åndene, so dei lyt lystra! 28Og gjetordet um han for straks yver alle Galileabygdene derikring. 29Frå synagoga gjekk dei beint heim til Simon og Andreas, i lag med Jakob og Johannes.#Matt 8,14-17; Luk 4,38-41 30Vermor åt Simon låg sjuk og hadde heteflagor, og dei tala straks til Jesus um henne. 31Han gjekk burt til henne og tok henne i handi og reiste henne upp. Då slepte sotti henne, og ho tok til å stella for dei. 32Då det vart kveld, og soli var gladd, kom dei til han med alle som hadde vondt eller var forgjorde, 33og heile byen hadde samla seg utfor døri. 34Og han lækte mange som drogst med ymse sjukdomar, og dreiv ut mange vonde ånder, men han let ikkje åndene få lov til å tala, av di dei kjende han. 35I otta, fyrr det vart dag, reis han upp og gjekk ut og burt til ein øydestad; der heldt han bøn.#Luk 4,42-44 36Simon og dei som var med han, skunda seg etter han, 37og då dei fann han, sa dei til han: Alle leitar etter deg! 38Men Jesus svara: Lat oss fara til ein annan stad, til grendene her innmed, so eg kann få tala for folket der og; for det var det eg gjekk ut for. 39So gjekk han kring i heile Galilea og tala i synagogone deira og dreiv dei vonde åndene ut. 40Ein som hadde spillsykja, kom og fall på kne for han og bad: Dersom du vil, kann du gjera meg rein!#Matt 8,2-8; Luk 5,12-16 41Jesus tykte vondt um han, og rette ut handi og tok burt på han og sa: Eg vil; vert rein! 42Og med ein gong gjekk spillsykja av han og han vart rein. 43Jesus tala strengt til han og bad han ganga sin veg straks.#Mark 7,36; Matt 9,30 44Akta deg at du ikkje segjer eit ord til nokon, sa han, men gakk burt og te deg for presten, og ber fram det offeret for reinsingi di som Moses hev sagt, so du kann vitna for dei!#3 Mos 14,2-32 45Men mannen var ikkje fyrr komen ut, fyrr han tok til å tala mykje um det og bera det utyver, so Jesus ikkje lenger kunde ganga berrsynt inn i nokon by; han heldt seg utanfor, på øydestader, og der kom dei til han frå alle kantar.
Currently Selected:
Markus 1: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

: