YouVersion Logo
Search Icon

Markus 11

11
Jesus rid inn i Jerusalem, 1-11, bannar fiketreet, 12-14, reinsar templet, 15-19, talar um krafti i trui og um bøni, 20-26, vert spurd um sin rett, 27-33.
1Då dei kom burtimot Jerusalem, til Betfage og Betania ved Oljeberget, sende Jesus tvo av læresveinane sine i veg og sa til dei:#Matt 21,1-11; Luk 19,29-40; Joh 12,12-19 2Gakk burt i den grendi som ligg beint framfor dykk! Med det same de kjem der, finn de ein fole som stend bunden, og som det endå aldri hev sete noko menneske på; den skal de løysa og koma hit med! 3Og dersom nokon segjer til dykk: Kvi gjer de det? so skal de svara: Herren treng um han, og sender han straks attende. 4So gjekk dei og fann folen; han stod bunden uti gata attmed ei dør, og dei løyste han. 5Nokre folk som stod der, sa til dei: Kva gjer de? løyser de folen? 6Dei svara so som Jesus hadde sagt; då let folket dei få han. 7So kom dei til Jesus med folen og la kjolane sine på han, og Jesus sette seg uppå. 8Og mange breidde klædi sine på vegen, andre strådde lauv, som dei hadde henta frå marki. 9Og dei som gjekk fyre, og dei som fylgde etter, ropa: Hosianna! Velsigna vere han som kjem i Herrens namn!#Sal 118,26 10Velsigna vere vår far Davids rike som kjem! Hosianna i det høgste! 11So kom han til Jerusalem og gjekk inn i templet. Der såg han seg ikring allstad; men då det tok til å kvelda, gjekk han ut til Betania med dei tolv. 12Dagen etter, då dei gjekk frå Betania, kjende han seg svolten.#Matt 21,18-32 13Langt burte såg han eit fiketre med lauv på; han gjekk burtåt og vilde sjå um han kunde finna noko på det; men då han kom dit, fann han ikkje anna enn lauv; for det var ikkje tidi for fikor. 14Då tala han til treet og sa: Gjev aldri i verdi nokon må koma til å eta frukt av deg meir! Og det høyrde læresveinane på. 15Då dei kom til Jerusalem, gjekk han inn i templet og tok til å driva ut dei som selde og kjøpte i heilagdomen; han velte bordi åt pengevekslarane og krakkane åt dei som selde duvor,#Matt 21,12-17; Luk 19,45-46 16og let ingen få lov til å bera nokon reidskap gjenom templet. 17Og han lærde dei og sa: Stend det ikkje skrive: Mitt hus skal kallast eit bønehus for alle folk? Men de hev gjort det til eit røvarbol.#Jes 56,7; Jer 7,11 18Øvsteprestane og dei skriftlærde fekk høyra det, og lurde på korleis dei skulde få rudt han or vegen; for dei var redde han, av di folket var hugtekne av læra hans.#Luk 20,19; Matt 7,28 19Men når det leid til kvelds, gjekk han alltid ut or byen. 20Då dei tidleg um morgonen gjekk framum fiketreet, såg dei at det hadde turka radt ifrå roti.#Matt 21,19-22 21Peter kom i hug dei ordi Jesus hadde lyst, og sa: Meister, sjå fiketreet som du bannstøytte, hev turka! 22Då tok Jesus til ords og sa: Hav tru til Gud! 23Det segjer eg dykk for sant: Um nokon segjer til dette fjellet: Lyft deg upp og kasta deg i havet! og ikkje hev tvil i hjarta, men trur at det vil ganga som han segjer, so skal det ganga som han vil.#Matt 17,20; Luk 17,6 24Difor segjer eg dykk: Kva de bed um og ynskjer etter, so tru visst at de alt hev fenge det - då fær de det!#Matt 7,7; Joh 14,13; 15,7 25Og når de stend og bed, og hev noko imot einkvan, so tilgjev honom det! Då skal og Far dykkar i himmelen tilgjeva dykk for misgjerningane dykkar!#Matt 5,23-26; 6,14; Ef 4,32 26Men um de ikkje tilgjev, skal ikkje heller Far dykkar i himmelen tilgjeva dykkar misgjerningar. 27So kom dei til Jerusalem att. Og medan han gjekk ikring i templet, kom øvsteprestane og dei skriftlærde og styresmennene burt til han#Matt 21,23-27; Luk 20,1-8 28og sa: Kva rett hev du til å gjera dette, eller kven gav deg retten til å gjera det? 29Jesus sa: Eg vil spyrja dykk um ein ting; svara meg, so skal eg segja dykk kva rett eg hev til å gjera dette: 30Var dåpen åt Johannes frå himmelen eller frå menneske? Svara meg! 31Då la dei yver med kvarandre og sa: Svarar me: Frå himmelen, so segjer han: Kvi trudde de han då ikkje? 32Lat oss heller svara: Frå menneske! - men det torde dei ikkje for folket; for alle trudde at Johannes var retteleg ein profet.#Matt 14,5 33So svara dei han: Det veit me ikkje. - Då segjer ikkje eg dykk heller kva rett eg hev til å gjera dette, sa Jesus.

Currently Selected:

Markus 11: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in