Markus 12
12
Jesus set fram likningi um vingardsmennene, 1-12, talar um å gjeva keisaren skatt, 13-17, um uppstoda, 18-27, um det største bodet i lovi, 28-34, um Messias som Davids son og Davids herre, 35-37, åtvarar mot dei skriftlærde, 38-40. Ei fatig enkja legg tvo skjervar i tempelkista, 41-44.
1So tok han til å tala til dei i likningar: Det var ein mann som laga seg ein vingard, og sette gjerde kringum og grov ei vinpersa og bygde eit tårn; so leigde han hagen burt til brukarar og for utanlands.#Matt 21,33-44; Luk 20,9-19 2Då tidi kom, sende han ein svein til brukarane og vilde få sin lut av det som var avla i vingarden. 3Men brukarane greip sveinen og skamslo han, og sende han burt med tome hender. 4So sende han ein annan svein til dei; han slo dei i hovudet og hædde han. 5Og han sende ein til; honom slo dei i hel. Og mange fleire: sume skamslo dei, og sume drap dei. 6No hadde han att berre einaste son sin, som han heldt hjarteleg av. Til slutt sende han honom og til brukarane; han tenkte: Dei hev no vel age for son min! 7Men brukarane dei sa seg imillom: Der er ervingen! Kom, lat oss slå han i hel, so fær me arven. 8So tok dei han og slo han i hel, og kasta han ut or vingarden. 9Kva skal han no gjera, vingardseigaren? Han skal koma og gjera ende på brukarane og lata andre få vingarden. 10Hev de ikkje lese dette skriftordet heller: Den steinen byggjarane vanda, den var det som vart hyrnestein;#Sal 118,22-23 11det er Herren sjølv som hev gjort det so; for oss er det eit stort under? 12Då tenkte dei på å gripa han; for dei skyna at det var dei han hadde meint med likningi si. Men dei torde ikkje for folket. So let dei han vera og gjekk sin veg.#Mark 11,32 13Sidan sende dei nokre av farisearane og Herodes-mennene, som skulde fanga han i ord.#Matt 22,15-22; Luk 20,20-26 14Dei kom og sa til han: Meister, me veit at du er ærleg og ikkje bryr deg um nokon; for du gjer ikkje skil på folk, men lærer oss sanningi um Guds veg - er det rett å svara skatt til keisaren, eller er det ikkje? skal me gjera det, eller skal me lata vera? 15Men han skyna vel hyklingi deira og sa: Kvi freistar de meg? Kom med ein pening, og lat meg få sjå han! 16So kom dei med ein, og han spurde: Kva er dette for eit bilete og namn? - Det er keisarens, svara dei. 17Då sa han til dei: Gjev keisaren det som keisarens er, og Gud det som Guds er! Og dei undra seg mykje yver han. 18So kom det nokre saddusearar til han - det er dei som segjer at dei daude ikkje skal standa upp att - dei sette fram eit spursmål for han og sa:#Matt 22,23-33; Luk 20,27-38 19Meister, Moses hev skrive den lovi åt oss at når bror åt ein mann døyr barnlaus, og kona lever etter, då skal bror hans gifta seg med enkja og halda uppe ætti åt bror sin.#5 Mos 25,5 20Det var ein gong sju brør. Den fyrste tok seg ei kona; han døydde, og det var ikkje born etter han. 21So tok den andre enkja; han og døydde barnlaus. Like eins den tridje, 22og alle sju; ingen av dei hadde born etter seg. Sist av alle døydde kona og. 23Kven av dei skal ho høyra til i eit anna liv, når dei hev stade upp att? For alle sju hev havt henne til kona. 24Jesus svara: Er det ikkje difor de fer vilt, for di de ikkje kjenner skriftene og ikkje Guds makt? 25Når dei hev stade upp frå dei daude, gifter dei seg ikkje og vert ikkje burtgifte; dei er som englane i himmelen. 26Men um dei avlidne - at dei skal standa upp att - hev de ikkje lese i boki åt Moses, i soga um klungeren, korleis Gud sa til han: Eg er Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud?#2 Mos 3,2.6 27Og han er ikkje Gud for dei daude, men for dei levande. De tek storleg i mist. 28Ein skriftlærd, som hadde lydt på ordskiftet deira, og skyna at Jesus hadde svara dei vel, kom og spurde han: Kva for eit bod er det fyrste av alle?#Matt 22,35-40; Luk 10,25-37; 20,39 29Jesus svara: Dette er det fyrste: Høyr, Israel! Herren vår Gud, Herren er ein,#5 Mos 6,4-5; 10,12-22 30og du skal elska Herren din Gud av alt ditt hjarta og av all di hug og av alt ditt vit og av all di makt! Det er det fyrste bodet. 31Det andre, som er like stort, er dette: Du skal elska næsten din som deg sjølv! Det finst ikkje noko anna bod som er større enn desse.#3 Mos 19,18 32Vel tala du, meister, sa den skriftlærde, og sant er det som du sa, at han er ein og det finst ingen annan Gud enn han.#5 Mos 4,35 33Å elska han av alt sitt hjarta og av alt sitt vit og av all sin hug og av all si makt, og elska næsten sin som seg sjølv, det er mykje meir enn alle brennoffer og slaktoffer. 34Då Jesus høyrde kor visleg han svara, sa han til han: Du er ikkje langt burte frå Guds rike. Sidan våga ingen å spyrja han meir. 35Medan Jesus lærde i heilagdomen, tok han ein gong soleis til ords: Korleis kann dei skriftlærde segja at Messias er Davids son?#Matt 22,41-46; Luk 20,41-44 36Sjølv sa David - han fekk det frå den Heilage Ande -: Herren sa til min herre: Set deg ved mi høgre hand til dess eg fær lagt dine fiendar under føtene dine!#Sal 110,1 37David kallar honom sjølv herre; korleis kann han då vera son hans? Ålmugen høyrde gjerne på Jesus. 38Millom anna som han lærde dei, sa han: Tak dykk i vare for dei skriftlærde, som likar å ganga i lange kjolar, og vil at folk skal helsa dei på torgi,#Matt 23,6-12; Luk 11,43; 20,46-47 39og som trår etter dei fremste sessane i synagogone og dei høgste sæti i gjestebod; 40dei som et upp huset for enkjor og held lange bøner for ei syn skuld! Dei skal få so mykje strengare dom.#Matt 23,14 41Ein gong sette han seg midt imot tempelkista og såg på medan folk la pengar i kista; og mange rike la mykje.#Luk 21,1-4; 2 Kong 12,9 42So kom det ei fatig enkja og la tvo skjervar, det er so mykje som ein øyre. 43Då kalla han læresveinane til seg og sa: Det segjer eg dykk for sant: Denne fatige enkja hev lagt meir enn alle dei som la i kista.#2 Kor 8,12 44For dei gav alle av nøgdi si; men ho gav av si fatige råd, alt det ho åtte, alt ho hadde til å livberga seg med.
Currently Selected:
Markus 12: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

: