YouVersion Logo
Search Icon

Markus 13

13
Jesus talar um Jerusalems undergang og si atterkoma, 1-37.
1Då han gjekk ut or templet, sa ein av læresveinane til han: Meister, sjå for steinar og for bygningar!#Matt 24,1-51; Luk 21,5-36 2Ja, ser du desse store bygningane! svara Jesus. Her ligg ikkje stein på stein som ikkje skal rivast laus. 3Sidan, då han sat på Oljeberget midt imot templet, og det ikkje var nokon innmed, kom Peter og Jakob og Johannes og Andreas og spurde han: 4Seg oss: Når skal dette ganga fyre seg, og kva er teiknet som skal syna oss når alt dette skal verta fullenda? 5Då tok Jesus soleis til ords: Sjå dykk fyre, so ingen forvillar dykk! 6For mange skal taka mitt namn og segja: Det er eg! og føra mange på villstig. 7Men når de høyrer ufred og tidende um ufred, so vert ikkje redde! For dette lyt henda; men endå er ikkje enden komen. 8Folk skal reisa seg imot folk, og rike mot rike; det skal vera jordskjelv kring i landi, det skal vera uår og upprør. Det er det fyrste av føderidene. 9Men sjå de dykk fyre! Dei kjem til å draga dykk for domstolane og piska dykk i synagogene, og for landshovdingar og kongar skal de førast fram for mi skuld, so de kann vitna for dei.#Luk 21,12-13; Matt 10,17-18; 24,9 10Og fyrst lyt evangeliet kunngjerast for alle folkeslag. 11Men når dei fører dykk fram og gjev dykk yver til retten, so syt ikkje for kva de skal tala! Det som vert gjeve dykk i same stundi, det skal de tala; for det er ikkje de som talar, men den Heilage Ande.#Matt 10,19-20; Luk 12,11-12 12Bror skal senda bror i dauden, og faren barnet sitt, og born skal standa fram mot foreldri sine og valda at dei lyt døy. 13Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld; men den som held ut til endes, han skal verta frelst. 14Men når de ser at den øydande styggedomen stend der han ikkje skulde - den som les det, han akte vel på det! - då lyt dei som er i Judaland, røma til fjells;#Dan 9,26-27; Matt 24,15-18; Luk 21,20-22 15den som er uppå taket, må ikkje stiga ned og ikkje ganga inn og henta noko i huset sitt, 16og den som er utpå marki, må ikkje ganga heim att etter kjolen sin! 17Stakkars dei som gjeng med barn eller gjev brjost, i dei dagane! 18Men bed at dette ikkje må henda um vinteren! 19For den tidi skal vera so hard at det aldri hev vore so hard ei tid frå upphavet åt skaparverket, frå den tid då Gud skapte verdi, og til no, og vert ikkje sidan heller. 20Og gjorde ikkje Herren den tidi stutt, so vart ikkje eit liv berga; men for deira skuld som han valde seg ut, hev han gjort den tidi stutt. 21Um nokon då segjer til dykk: Sjå her er Messias! eller: Sjå der! - so må de ikkje tru det! 22For falske messias'ar og skal standa fram, og falske profetar, og gjera teikn og under for å forvilla dei utvalde, um det var råd. 23So sjå dykk fyre! Eg hev sagt dykk alt fyreåt. 24Men i dei dagane, etter denne harde tidi, skal soli myrkjast, og månen missa sitt ljos,#Matt 24,29-31; Luk 21,25-26 25stjernone skal falla ned frå himmelen, og himmelkraftene skakast. 26Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skyi med stort velde og herlegdom, 27då skal han senda ut englane og samla dei utvalde frå heimsens fire hyrno, frå ytste enden av jordi til ytste enden av himmelen. 28Lær ei likning av fiketreet: Når sevja hev kome i greinene, og lauvet sprett, då veit de at sumaren er nær. 29Like eins når de ser dette hender, då veit de at han er utfor døri. 30Det segjer eg dykk for visst: Denne ætti skal ikkje forgangast fyrr alt dette hev hendt. 31Himmel og jord skal forgangast; men mine ord skal ikkje forgangast. 32Men den dagen eller timen veit ingen, ikkje eingong englane i himmelen, og ikkje Sonen heller - ingen utan Faderen. 33Sjå dykk fyre, og vak! For de veit ikkje når tidi kjem. 34Det er liksom med ein mann som drog utanlands. Då han for heimantil, sette han sveinane sine til å styra for seg. Kvar fekk sitt å gjera, og til portnaren sa han at han laut vaka.#Luk 19,12 35So vak då! For de veit ikkje når husbonden kjem - um kvelden, eller midnattsbel, eller i otta, eller i dagrenningi. 36Lat han ikkje finna dykk sovande, når han kjem uventande! 37Men det eg segjer dykk, det segjer eg alle: Ver vakne!

Currently Selected:

Markus 13: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in