Markus 14
14
Jødane rådlegg um å drepa Jesus, 1.2; han vert salva i Betania, 3-9. Judas byd seg til å svika han, 10.11. Jesus et påskemålet med læresveinane sine og set inn nattverden, 12-25; segjer fyreåt at Peter kjem til å falla, 26-31. Jesu sjelestrid i Getsemane, 32-42. Han vert sviken og gripen, 43-52; dei forhøyrer han for det høge rådet, fer ille med han og spottar han, 53-65; Peter avneittar han, 66-72.
1No var det berre tvo dagar att til påske- og usyrdebrødhelgi. Og øvsteprestane og dei skriftlærde leita etter ei råd til å gripa Jesus med list og slå han i hel.#Matt 26,3-5; Luk 22,1-2 2For dei sa: Ikkje med helgi torer me gjera det; elles kunde det verta upplaup millom folket. 3Medan Jesus var i Betania, hjå Spilte-Simon, og sat til bords, kom det inn ei kvinna med ei alabaster-krukka full av ekte, dyr nardesalve. Ho braut sund krukka og helte salven ut yver hovudet hans.#Matt 26,6-13; Joh 12,1-8 4Då var det nokre som vart harme og sa seg imillom: Kva skulde den salve-øydingi vera til? 5Salven kunde vore seld for yver tri hundrad peningar og gjeven til dei fatige. Og dei tala kvast til henne. 6Då sa Jesus: Lat henne vera i fred! Kvi er de so leide med henne? Det var vent gjort det ho gjorde med meg. 7Dei fatige hev de alltid hjå dykk, og når de vil, kann de gjera vel imot dei; men meg hev de ikkje alltid. 8Ho gjorde det ho kunde; med denne salven budde ho lekamen min fyre jordferdi. 9Og det segjer eg dykk for visst: Kvar i verdi evangeliet vert kunngjort, der skal dei og nemna det ho hev gjort, til minne um henne. 10Judas Iskariot, den eine av dei tolv, gjekk til øvsteprestane og baud seg til å gjeva Jesus i hendene deira.#Matt 26,14-16; Luk 22,3-6 11Då dei høyrde det, vart dei glade og lova å gjeva han pengar, og sidan lurde han på korleis han med tid og høve skulde få gjeve han yver til dei. 12Den fyrste dagen i usyrdebrødhelgi - den dagen dei slakta påskelambet - sa læresveinane til Jesus: Kvar vil du me skal ganga av og laga til påskemålet for deg?#Matt 26,17-29; Luk 22,7-23 13Då sende han tvo av læresveinane i veg og sa til dei: Gakk inn i byen! Der møter de ein mann som ber ei krukka med vatn; han skal de fylgja, 14og der han gjeng inn, skal de segja til huseigaren: Meisteren helsar: Kvar er romet mitt, der eg kann eta påskemålet med læresveinane mine? 15Og han skal syna dykk ein stor sal, som stend ferdig med duka bord; der skal de stella til måltidi for oss. 16So gjekk læresveinane av stad, og då dei kom inn i byen, fann dei det so som han hadde sagt, og dei laga til påskemålet. 17Då det leid mot kvelden, kom Jesus med dei tolv,#Matt 26,20-29; Luk 22,14; Joh 13,2-17 18og då dei hadde sett seg til bords, sa han: Det segjer eg dykk for sant: Ein av dykk kjem til å svika meg, ein som et i lag med meg.#Luk 22,21-23; Joh 13,18.21 19Då tok dei til å stura, og spurde han ein for ein: Det er då vel ikkje eg? 20Han svara: Det er ein av dykk tolv, den som duppar med meg i fatet. 21Menneskesonen gjeng fulla burt, soleis som det er skrive um han, men ve yver den mannen som veld at Menneskesonen vert gjeven i fiendehand! Det var betre for den mannen um han aldri var fødd! 22Medan dei sat til bords, tok han brødet, signa det og braut det, og gav dei og sa: Tak det! Dette er lekamen min.#Matt 26,26-29; Luk 22,19-23; 1 Kor 11,23-27 23So tok han ein kalk, takka og gav dei, og dei drakk alle av kalken. 24Og han sa til dei: Dette er blodet mitt, paktblodet, som vert utrent for mange. 25Det segjer eg dykk for sant: Eg skal ikkje oftare drikka av druvesafti, fyrr den dagen kjem då eg drikk henne ny i Guds rike. 26Då dei so hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget.#Matt 26,30-35; Luk 22,39; Joh 18,1 27Og Jesus sa: De kjem alle til å styggjast ved meg. For det stend skrive: Hyrdingen slær eg i hel, og sauene skal spreidast.#Joh 16,32; Sak 13,7 28Men når eg hev stade upp att, skal eg ganga fyre dykk til Galilea.#Matt 28,10.16; Mark 16,7 29Då sa Peter: Um so alle styggjest, so skal ikkje eg.#Luk 22,33-38; Joh 13,37-38 30Jesus svara: Det segjer eg deg for sant: No i denne natt, fyrr hanen hev gale tvo gonger, skal du avneitta meg tri gonger. 31Men han tok sterkare i og sa: Um eg so lyt døy med deg, skal eg ikkje avneitta deg. Det same sa dei alle. 32So kom dei til ein stad som heiter Getsemane. Då segjer han til læresveinane sine: Sit her medan eg bed!#Matt 26,36-46; Luk 22,40-46; Joh 18,1 33Og han tok med seg Peter og Jakob og Johannes, og tok til å ottast og kvida seg. 34Og han sa til dei: Mi sjel er sorgtyngd reint til dauden. Ver her og vak! 35So gjekk han eit lite stykke fram og kasta seg ned på jordi og bad at denne stundi måtte skrida framum han, um det var råd. 36Abba, Fader! sa han, alt er mogeleg for deg; tak denne skåli frå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil! 37Då han kom attende, såg han at dei hadde sovna. Då sa han til Peter: Simon, søv du? Var du ikkje god til å vaka ein time? 38Vak og bed, so de ikkje skal koma i freisting! Åndi er viljug, men kjøtet er veikt. 39So gjekk han burt att og bad den same bøni. 40Då han kom attende, såg han at dei hadde sovna til att; for augo deira var tunge av svevn. Og dei visste ikkje kva dei skulde svara han. 41So kom han tridje gongen, og sa til dei: De søv og kviler, de! Det er nok! Timen er komen. No skal Menneskesonen gjevast i hendene på syndarar. 42Statt upp og lat oss ganga! Svikaren er ikkje langt undan. 43Og straks, fyrr han hadde tala ut, kjem Judas, ein av dei tolv, og med han ein flokk med sverd og stavar; dei kom frå øvsteprestane og dei skriftlærde og styresmennene.#Matt 26,47-56; Luk 22,47-53; Joh 18,3-11 44Svikaren hadde avtala eit teikn med dei og sagt: Den som eg kysser, han er det; tak han og før han trygt burt! 45Og med det same han kom, gjekk han fram til han og sa: Rabbi! og kysste han. 46Då la dei hand på han og tok han. 47Men ein av dei som stod innmed, drog sverdet sitt og hogg øyra av tenaren åt øvstepresten. 48Og Jesus tok til ords og sa: De kjem med sverd og stavar og tek meg, som eg skulde vera ein røvar. 49Dag etter dag var eg hjå dykk i templet og lærde folket; då tok de meg ikkje. Men soleis laut skriftene sannast. 50Då tok dei alle ut ifrå han og rømde. 51Ein ung mann fylgde etter han, og hadde sveipt eit linklæde kring berre kroppen; dei vilde taka han, 52men han slepte linklædet og rømde naken. 53Dei førde Jesus til øvstepresten, og der samla dei seg alle øvsteprestane og styresmennene og dei skriftlærde.#Matt 26,57-68; Luk 22,54; Joh 18,24 54Peter fylgde eit langt stykke etter, til han kom inn i garden åt øvstepresten; der vart han sitjande hjå tenarane og vermde seg ved elden. 55Øvsteprestane og heile rådet leita etter vitnemål mot Jesus, so dei kunde få dømt han frå livet; men dei fekk ikkje noko på han. 56Det var mange som vitna rangt mot han, men vitnemåli høvde ikkje i hop. 57Då stod det fram nokre som og vitna rangt imot han og sa: 58Me høyrde han segja: Eg skal riva ned dette templet som er gjort med hender, og på tri dagar skal eg byggja eit anna, som ikkje er gjort med hender.#Mark 15,29; Joh 2,19 59Men endå høvde ikkje vitnemåli deira i hop. 60Og øvstepresten reiste seg og steig fram ibland dei og sa til Jesus: Svarar du inkje på det som desse vitnar imot deg? 61Men Jesus tagde og svara ikkje eit ord. Då tok øvstepresten til ords att og spurde han: Er du Messias, Son åt den Høglova? 62Ja, det er eg, svara Jesus, og de skal sjå Menneskesonen sitja ved høgre handi åt Allmakti og koma med himmelskyene.#Mark 13,26 63Då reiv øvstepresten sund klædi sine og sa: Kva skal me med fleire vitne? 64No høyrde de gudsspottingi! Kva tykkjer de? Dei dømde alle at han var skuldig til å døy.#Jer 26,11 65Og sume tok til å sputta på han, og la eit plagg yver andletet hans og slo han med nevane og sa: Seg kven det var! Og tenarane tok imot han med hogg. 66Medan Peter var nedi gardsromet, kjem ei av tenestgjentone hjå øvstepresten,#Matt 26,69-75; Luk 22,55-62; Joh 18,17-18.25-26 67og då ho såg Peter, som sat og vermde seg, stirde ho på han og sa: Du var og med denne nasarearen, Jesus! 68Men han neitta og sa: Eg veit ikkje og skynar ikkje kva du meiner. So gjekk han ut i fyregarden. Då gol hanen. 69Sidan fekk gjenta sjå han att, og tok til å segja til dei som stod innmed: Han der er ein av dei! 70Men han neitta på nytt lag. Eit lite bel etter sa dei som stod der, på nytt til Peter: Ja menn er du ein av dei! Du er då ein galilear! 71Då sette han i og banna og svor: Eg kjenner ikkje den mannen de talar um. 72Og i det same gol hanen andre gongen. Då kom Peter i hug det ordet som Jesus hadde sagt til han: Fyrr hanen hev gale tvo gonger, skal du avneitta meg tri gonger. Og han tok det til hjarta og gret.#Mark 14,30
Currently Selected:
Markus 14: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

: