Markus 8
8
Jesus mettar 4.000 mann, 1-9, vil ikkje gjeva noko teikn frå himmelen, 10-13, åtvarar mot hyklarskapen åt farisearane, 14-21, lækjer ein blind, 22-26. Den store vedkjenningi åt Peter, 27-30. Herren talar um at han skal lida og døyr og standa upp att; Peter tel for han; Jesus refser Peter og talar um sjølvgløyming og um si atterkoma, 31-9,1.
1Ein gong ved det leitet var det atter mykje folk samla, og dei hadde ingen ting å eta. Då kalla Jesus læresveinane til seg og sa:#Matt 15,32-39 2Eg ynkast yver folket! No hev dei alt vore hjå meg i tri dagar, og hev ingen ting å eta. 3Let eg dei fara fastande heim att, so kjem dei til å ormektast på vegen; og sume av dei hev kome lange vegar. 4Kvar kann ein få brød frå til å metta alle desse, her i øydemarki? svara læresveinane. 5Kor mange brød hev de? spurde Jesus. Sju leivar, sa dei. 6Då let han folket setja seg ned på marki, og han tok dei sju leivane og takka og braut dei sund og gav dei til læresveinane, so dei skulde setja dei fram; og dei sette dei fram for folket. 7Og dei hadde nokre få små fiskar; dei velsigna han og, og sa at dei skulde setja dei fram. 8Då dei hadde ete og var mette, samla dei upp dei stykki som låg att; det vart sju korger. 9Og der var um lag fire tusund mann. So bad han farvel med dei. 10Straks etter gjekk han i båten med læresveinane sine og for til Dalmanutabygdi.#Matt 15,39 11Dit kom farisearane og, og dei tok til å ordkastast med han, og kravde eit teikn frå himmelen av han; for dei vilde freista han.#Matt 16,1-4 12Då sukka han i si ånd og sa: Kvi krev denne ætti eit teikn? Det segjer eg dykk for sant: Aldri skal denne ætti få noko teikn! 13Dermed gjekk han ifrå dei og steig ut i båten att, og for yver sjøen. 14Dei hadde gløymt å taka brød med seg; ein leiv var alt dei hadde med seg i båten.#Matt 16,5-12 15So vara han dei åt og sa: Sjå dykk fyre, og akta dykk for surdeigen åt farisearane og surdeigen åt Herodes!#Luk 12,1 16Då tala dei seg imellom: Det er av di me ikkje hev brød med oss. 17Jesus gådde det og sa til dei: Kvi talar de dykk imillom um at de ikkje hev brød med? Ser og skynar de endå ingen ting? Er de so tungnæme?#Mark 6,52 18Hev de augo og ser ikkje? Hev de øyro og høyrer ikkje? Kjem de då ikkje i hug 19den gongen eg braut dei fem brødleivane og gav åt dei fem tusund - kor mange korger fulle av brødstykke tok de då upp? - Tolv, svara dei.#Mark 6,43-44 20Og då eg braut dei sju leivane og gav åt dei fire tusund, kor mange fulle brødkorger tok de då upp? - Sju, svara dei.#Mark 8,8-9 21Skynar de endå ingen ting? sa han då. 22So kom dei til Betsaida. Der leidde dei ein blind mann fram til han, og bad at han vilde røra ved han. 23Då tok han den blinde i handi og leidde han ut or grendi. So vætte han augo hans med råke av munnen sin og la hendene på han og spurde: Ser du noko?#Mark 7,33 24Mannen såg upp og sa: Eg augnar folk som gjeng ikring; dei ser ut for meg som trestuvar. 25So la Jesus endå ein gong hendene på augo hans. Då braut syni hans fram; han vart god att og kunde skilja allting klårt. 26Jesus sende han heim att og sa: Gakk ikkje inn i grendi, og seg det ikkje til nokon der!#Mark 7,36 27Sidan for Jesus og læresveinane hans burt til grendene kring Cesarea Filippi. Og på vegen spurde han dei: Kven segjer folk at eg er?#Matt 16,13-20; Luk 9,18-27 28Dei svara: Sume segjer Johannes døyparen, og sume Elias, men andre ein av profetane.#Matt 14,2 29Kven segjer då de at eg er? spurde han. Då tok Peter til ords og svara: Du er Messias!#Joh 6,69 30Men det forbaud han dei strengt å tala til nokon um. 31So tok han til å læra dei at Menneskesonen laut lida mykje og verta vanda av styresmennene og øvsteprestane og dei skriftlærde, og at han laut lata livet, men tri dagar etter skulde han standa upp att.#Mark 9,31; 10,33 32Og det sa han med reine ord. Då tok Peter han til sides og gav seg til å telja for han. 33Men han snudde seg, og då han såg læresveinane sine, tala han strengt til Peter og sa: Gakk ut or augo mine, Satan! Du hev ikkje ans for det som er Guds vilje, men berre for det som er menneskevilje. 34So kalla han folket til seg saman med læresveinane sine og sa: Vil nokon vera i lag med meg, so lyt han gløyma seg sjølv og taka krossen sin upp og fylgja etter meg.#Matt 10,38-42; 16,24-28; Luk 9,23-27; 14,27 35For den som vil berga livet sitt, skal missa det; men den som misser livet for mi og evangeliet skuld, han skal berga det. 36Kva batar det eit menneske um han vinn heile verdi, men taper sjeli si? 37For kva kann mennesket gjeva i byte for sjeli si? 38For den som skjemmest ved meg og ordi mine i denne utrue og syndige ætti, han skal og Menneskesonen skjemmast ved når han kjem i herlegdomen åt Far sin med dei heilage englane.#Matt 10,33
Currently Selected:
Markus 8: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2