1
Lukas 3:21-22
Norsk oversettelse 1938 nynorsk
Då no alt folket vart døypt, og Jesus og vart døypt, då hende det, medan han bad, at himmelen opna seg, og den Heilage Ande dala ned yver han i duveham, og det kom ei røyst frå himmelen: Du er Son min, som eg elskar; deg hev eg hugnad i.
Comparar
Explorar Lukas 3:21-22
2
Lukas 3:16
Då tok han til ords og sa til alle: Eg døyper dykk med vatn; men det kjem ein som er sterkare enn eg - eg er ikkje verdig å løysa skobandet hans; han skal døypa dykk med den Heilage Ande og eld.
Explorar Lukas 3:16
3
Lukas 3:8
Ber då frukter som svarar til umvendingi, og gjev dykk ikkje til å tenkja som so: Me hev Abraham til far! for eg segjer dykk at Gud kann vekkja upp born åt Abraham av desse steinane.
Explorar Lukas 3:8
4
Lukas 3:9
Øksi ligg og alt innmed roti på trei; kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge ned og kasta på elden.
Explorar Lukas 3:9
5
Lukas 3:4-6
som skrive stend i boki som inneheld talane åt Esaias, profeten: Høyr han som ropar i heidi: Ryd vegen åt Herren, jamna stigane hans! Kvart djuv skal fyllast, kvart fjell skal lægjast, og kvar ein haug; det krokute skal verta beint, og dei staupute vegane verta slette, og alt kjøt skal sjå Guds frelsa.
Explorar Lukas 3:4-6
Inicio
Biblia
Planes
Vídeos