Lukas 3
3
Johannes stend fram i øydemarki, manar folket til å vende um og døyper, 1-18; han døyper Jesus og vert kasta i fengsel av fylkeskongen i Galilea, Herodes Antipas, 19-22. Jesu ættetavla, 23-38.
1I det femtande styringsåret åt keisar Tiberius, medan Pontius Pilatus var landshovding i Judea, og Herodes fylkeskonge i Galilea, og Filip, bror hans, fylkeskonge i Iturea- og Trakonitislandet, og Lysanias fylkeskonge i Abilene, 2og medan Annas og Kaifas var øvsteprestar, kom Guds ord til Johannes, son åt Sakarias, i øydemarki.#Joh 18,13; Apg 4,6; Joh 11,49.51; Jer 1,2.4 3Då for han kring i heile Jordankverven og ropa ut umvendings-dåp til forlating for syndene,#Matt 3,1-12; Mark 1,4 4som skrive stend i boki som inneheld talane åt Esaias, profeten: Høyr han som ropar i heidi: Ryd vegen åt Herren, jamna stigane hans!#Jes 40,3-5; Joh 1,23; Luk 1,76 5Kvart djuv skal fyllast, kvart fjell skal lægjast, og kvar ein haug; det krokute skal verta beint, og dei staupute vegane verta slette, 6og alt kjøt skal sjå Guds frelsa.#Jes 52,10 7Som no folket kom ut og vilde få han til å døypa seg, sa han til dei: Orme-ungar, kven lærde dykk å røma frå vreiden som skal koma?#Matt 3,7-12 8Ber då frukter som svarar til umvendingi, og gjev dykk ikkje til å tenkja som so: Me hev Abraham til far! for eg segjer dykk at Gud kann vekkja upp born åt Abraham av desse steinane.#Joh 8,39 9Øksi ligg og alt innmed roti på trei; kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge ned og kasta på elden.#Matt 7,19; Luk 13,7 10Kva skal me då gjera? spurde folket.#Apg 2,37; 16,30 11Han svara dei: Den som hev tvo trøyor, skal gjeva ei av dei til den som ingi hev, og den som hev mat, skal gjera sameleis.#1 Joh 3,17; Jak 2,15-16 12Det kom og nokre tollmenn som vilde døypast, og sa: Meister, kva skal me gjera? 13Krev ikkje meir enn de er fyresagde! svara han. 14Like eins var det nokre hermenn som spurde han: Og me, kva skal me gjera? Då svara han: De skal ikkje truga pengar utav folk anten med vald eller falske klagemål! De skal nøgja dykk med løni dykkar! 15Men folket gjekk i venting, og alle tenkte med seg: Tru Johannes skulde vera Messias.#Luk 2,11 16Då tok han til ords og sa til alle: Eg døyper dykk med vatn; men det kjem ein som er sterkare enn eg - eg er ikkje verdig å løysa skobandet hans; han skal døypa dykk med den Heilage Ande og eld.#Matt 3,11-12; Apg 1,5; 19,4; 2,2-13 17Han hev kasteskovli i handi, og skal gjera av låven sin og samla kornet i stabburet sitt; men agnene skal han brenna i ein eld som aldri sloknar. 18Dette og mykje anna la han folket på hjarta, og kunngjorde evangeliet åt dei. 19Men då han tala til Herodes, fylkeskongen, for giftarmålet med Herodias, brorkona hans, og for alt det vonde han hadde gjort,#Matt 14,3; Mark 6,17 20so gjorde Herodes det og attpå alt, at han sette Johannes i fengsel. 21Då no alt folket vart døypt, og Jesus og vart døypt, då hende det, medan han bad, at himmelen opna seg,#Matt 3,13-17; Mark 1,9-13; Joh 1,32 22og den Heilage Ande dala ned yver han i duveham, og det kom ei røyst frå himmelen: Du er Son min, som eg elskar; deg hev eg hugnad i.#Matt 17,5; Jes 42,1 23Jesus var um lag tretti år då han stod fram, og var, etter som dei meinte, son åt Josef, son åt Eli,#Matt 13,55; Joh 6,42 24son åt Mattat, son åt Levi, son åt Melki, son åt Jannai, son åt Josef, 25son åt Mattatias, son åt Amos, son åt Nahum, son åt Esli, son åt Naggai, 26son åt Ma'at, son åt Mattatias, son åt Sime'i, son åt Josek, son åt Joda, 27son åt Johanan, son åt Resa, son åt Serubabel, son åt Salatiel, son åt Neri, 28son åt Melki, son åt Addi, son åt Kosam, son åt Elmadam, son åt Er, 29son åt Josva, son åt Elieser, son åt Jorim, son åt Mattat, son åt Levi, 30son åt Simeon, son åt Juda, son åt Josef, son åt Jonam, son åt Eljakim, 31son åt Melea, son åt Menna, son åt Mattata, son åt Natan, son åt David,#2 Sam 5,14; 1 Krøn 3,5; Sak 12,12 32son åt Isai, son åt Obed, son åt Boas, son åt Salmon, son åt Nahson,#Rut 4,18-22 33son åt Aminadab, son åt Ram, son åt Hesron, son åt Peres, son åt Juda, 34son åt Jakob, son åt Isak, son åt Abraham, son åt Tarah, son åt Nakor,#1 Mos 11,24-26 35son åt Serug, son åt Re'u, son åt Peleg, son åt Eber, son åt Salah, 36son åt Kenan, son åt Arpaksad, son åt Sem, son åt Noah, son åt Lamek,#1 Mos 11,10-23; 5,28-32 37son åt Metusalah, son åt Enok, son åt Jared, son åt Malalael, son åt Kenan, 38son åt Enos, son åt Set, son åt Adam, Guds son.#1 Mos 5,1-5
Actualmente seleccionado:
Lukas 3: NO1938N
Destacar
Compartir
Copiar
¿Quieres tener guardados todos tus destacados en todos tus dispositivos? Regístrate o inicia sesión
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2