Lukas 12
12
Jesus åtvarar mot hyklarskap, 1-3, mot otte for menneske, 4-12, mot havesykja og næringssut, 13-34; manar læresveinane til å vaka og syna truskap, 35-53, og til å akta på tidarteikni, 54-59.
1Medan hadde folket samla seg kring han i tusundtal, so dei heldt på å trøda kvarandre ned; då tok han til ords og sa til læresveinane sine: Framum alt; tak dykk i vare for surdeigen åt farisearane - hyklarskapen!#Matt 16,6; Mark 8,15 2Det finst ingen ting som er duld og ikkje ein gong kjem fram i dagen, og ingen ting som er løynd og ikkje ein gong vert kjend.#Luk 8,17; Matt 10,26-34; Mark 4,22 3Difor skal alt de talar i myrkret, høyrast i ljoset, og det de kviskrar i kammerset, skal ropast ut på taket. 4Men til dykk som er venene mine, segjer eg: Ottast ikkje dei som drep lekamen og sidan ikkje hev makt til å gjera meir!#1 Pet 3,14 5Eg skal syna dykk kven de skal ottast: De skal ottast han som hev makt til å drepa og sidan kasta i helvete. Ja, segjer eg dykk, han skal de ottast!#Jes 8,12-15 6Sel dei ikkje fem sporvar for tvo øyre? og ikkje ein av dei er gløymd hjå Gud; 7og jamvel alle håri på hovudet dykkar er talde. Ver ikkje ottefulle! De er meir enn mange sporvar.#Luk 21,18; Apg 27,34 8Og det segjer eg dykk: Kvar den som kjennest ved meg for menneski, han skal og Menneskesonen kjennast ved for Guds englar;#Mark 8,38; Luk 9,26; Op 3,5 9men den som avneittar meg for menneski, han skal avneittast for Guds englar.#2 Tim 2,12 10Og den som talar mot Menneskesonen, skal få tilgjeving for det; men den som spottar den Heilage Ande, fær aldri tilgjeving.#Matt 12,31-32; Mark 3,28-29 11Når dei no fører dykk fram for synagogone og dei som styrer og råder i landet, so syt ikkje for korleis eller kva de skal svara for dykk, eller kva de skal segja!#Matt 10,19-20; Mark 13,11; Luk 21,14-15 12For den Heilage Ande skal læra dykk dei rette ordi i same stundi. 13Ein utor folkehopen sa til han: Meister, seg til bror min at han skal skifta arven med meg! 14Kven sette meg til domar eller skiftemeister for dykk, mann? svara Jesus 15So sa han til dei: Sjå og tak dykk i vare for all havesykja! For ingen kann tryggja livet sitt med det han eig, um han er aldri so rik.#1 Tim 6,7-10 16Og han fortalde dei ei likning: Det var ein gong ein rik mann; jordi hans hadde bore godt, 17og so sa han med seg: Kva skal eg gjera? eg hev ikkje husrom til grøda mi. 18Jau, so vil eg gjera, sa han: Eg vil taka ned løone mine og byggja dei større, og der vil eg samla heile avlingi og alt godset mitt. 19Og so vil eg segja til meg sjølv: Du, no hev du mykje godt liggjande for mange år; unn deg no ro, et og drikk og ver glad! 20Men Gud sa til han: Du dåre, i denne natt krev dei sjeli di av deg. Kven skal so hava det du hev sanka i hop?#Job 27,8; Sal 39,7; Jer 17,11 21So gjeng det den som samlar seg gods og gull og ikkje er rik i Gud. 22Difor segjer eg dykk, sa han til læresveinane: Syt ikkje for livet, kva de skal eta, eller for lekamen, kva de skal klæda dykk med.#Sal 55,23; Matt 6,25-26; Fil 4,6; 1 Pet 5,7 23Livet er meir enn maten, og lekamen meir enn klædi. 24Akta på ramnane! dei sår ikkje og haustar ikkje, dei hev ikkje stabbur og ikkje løa, og Gud føder dei like vel. Kor mykje meir er ikkje de enn fuglane!#Job 39,3; Sal 147,9 25Og kven av dykk kann leggja ei aln til si livslengd, um han syter aldri so mykje?#Matt 6,27 26Kann de no ikkje ein gong gjera so mykje, kvi syter de då for det hitt? 27Akta på liljone, korleis dei veks! dei korkje spinn eller vev; men eg segjer dykk: Ikkje ein gong Salomo i all sin herlegdom var so klædd som ei av dei. 28Klæder no Gud soleis graset på marki, det som stend i dag og vert kasta i omnen i morgon, kor mykje heller vil han då ikkje klæda dykk, de fåtruande! 29So tenk no ikkje de heller allstødt på kva de skal eta, og kva de skal drikka, og lat ikkje hugen vanka for vidt! 30Det er heidningane kring i verdi som spør etter alt dette; men Far dykkar veit at de treng desse ting.#Matt 6,8.32 31Søk heller hans rike, so skal de få dette attpå!#Sal 37,25 32Ottast ikkje, du vesle hjord! Det er Far dykkar's vilje å gjeva dykk riket! 33Sel det de hev, og gjev sælebotsgåvor. Gjer dykk pungar som ikkje vert utslitne, ein skatt som aldri tryt, i himmelen, der ingen tjuv kjem innåt, og ingen mòl øyder!#Matt 6,19-23; 19,21; Luk 16,9 34For der skatten dykkar er, vil og hjarta dykkar vera. 35Hav lendene umbundne, og lat lyktene brenna!#Ef 6,14; 1 Pet 1,13; Matt 25,1-13 36Ver de som folk som ventar på herren sin til han bryt upp frå brudlaupet, so dei kann lata upp for han med same han kjem og bankar på. 37Sæle dei tenarar som herren finn vakande når han kjem! Det segjer eg dykk for visst: Han skal binda upp klædi sine og føra dei til bords og koma og setja fram for dei.#Joh 13,4-20 38Anten han kjem midt på natti, eller når det lid ut i otta - sæle er dei når han finn det so. 39Men det skynar de nok, at dersom husbonden visste kva tid og time tjuven kom, so vakte han og let ingen brjota seg inn i huset.#Matt 24,3-13; 1 Tess 5,2; 2 Pet 3,10; Op 3,3 40So ver då reiduge de og! For Menneskesonen kjem på ei tid de ikkje tenkjer.#Matt 25,13; Mark 13,33; Luk 21,34; 1 Tess 5,6 41Peter spurde: Herre, er det oss du talar um i denne likningi, eller alle andre med? 42Då sa Herren: Ja, kvar er han, den trugne hushaldaren, den vituge, som husbonden vil setja yver tenestfolket sitt, so han skal lata dei få kosten sin i rett tid?#Matt 24,45-51; 1 Kor 4,2 43Sæl den tenar som husbonden finn so gjerande når han kjem! 44Det segjer eg dykk for visst: Han skal setja han yver alt det han eig.#Matt 25,21.23 45Men dersom tenaren segjer med seg: Herren min drygjer nok endå ei stund, og han so tek til å slå drengene og gjentone og eta og drikka og fylla seg, 46då skal herren hans koma ein dag han ikkje ventar, og ein time han ikkje veit av, og hogga han sund og lata han få sin lut i lag med dei utrue. 47Den tenaren som veit kva herren hans vil, og ingen ting steller i stand eller gjer av det som han vil, skal få mykje hogg,#Jak 4,17 48men den som ikkje veit det, og gjer det som hogg er verdt, skal få mindre. Av den som mykje hev fenge, ventar ein mykje, og den dei hev trutt mykje til, krev dei so mykje meir av. 49Eg er komen for å kasta eld utyver jordi, og kor gjerne eg vilde at det alt hadde fata!#Matt 10,34 50Men eg lyt ganga igjenom ein dåp, og kor eg gruvar meg til det er gjort!#Mark 10,38 51Trur de eg er komen for å skapa fred på jordi! Nei, segjer eg dykk, men strid! 52Heretter skal fem i same huset liggja i strid med kvarandre: Tri mot tvo og tvo mot tri, 53far mot son og son mot far, mor mot dotter og dotter mot mor, vermor mot sonekona og sonekona mot vermor.#Mi 7,6 54Til folket og sa han: Når de ser det stig ei sky upp i vest, segjer de straks: Det kjem regn, og det vert so.#Matt 16,2-4 55Og ser de blæs av sud, segjer de: Det vert heitt, og so vert det. 56Hyklarar! Jord- og himmelsbragdi veit de å tyda; korleis hev det seg då at de ikkje kann tyda denne tidi? 57Og kvi dømer de ikkje frå dykk sjølve kva rett er? 58Soleis når du gjeng for retten med motparten din, gjer deg då fyre so du kann koma til liks med han på vegen. Elles dreg han deg gjerne for domaren, og domaren sender deg yver til, og futen set deg i fengsel;#Matt 5,25-26 59du slepp ikkje ut att, segjer eg deg, fyrr du hev greidt alt, til siste øyren.
Actualmente seleccionado:
Lukas 12: NO1938N
Destacar
Compartir
Copiar
¿Quieres tener guardados todos tus destacados en todos tus dispositivos? Regístrate o inicia sesión
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2