Logo de YouVersion
Icono de búsqueda

Lukas 14

14
Jesus lækjer ein mann som hev vass-sotti, på sabbaten, 1-6; talar um å vera audmjuk og um å gjera vel utan å venta noko att for det, 7-14; set fram likningi um den store nattverden, 15-24, og manar til å gløyma seg sjølv, 25-35.
1Ein sabbat hende det at Jesus kom heim til ein av dei øvste farisearane og skulde halda måltid der, og dei gjætte på han.#Luk 6,7-11 2Best det var, såg han framfor seg ein mann som hadde vass-sotti. 3Då tok han til ords og spurde dei lovkunnige og farisearane: Er det rett å lækja på sabbaten, eller er det ikkje?#Luk 13,14-17; Matt 12,10-14 4Dei tagde. Då tok han burt på mannen og lækte han, og let han ganga. 5So tok han til ords att og sa til dei: Kven av dykk dreg ikkje straks upp att son sin eller uksen sin, dersom dei dett nedi ein brunn på ein sabbat? 6Men dei var ikkje god til å svara han noko på det.#Matt 22,46 7Då han gådde korleis gjestene valde seg ut dei øvste sæti, sa han dei denne likningi: 8Når nokon hev bede deg til brudlaups, so set deg ikkje øvst ved bordet! For det kunde henda at ein gjævare enn du var beden,#Ordt 25,6-7 9og at den som hadde bede dykk båe, kom og sa til deg: Gjev rom åt denne mannen! og då fekk du den skammi at du laut setja deg nedst. 10Nei når du er beden ein stad, so gakk og set deg på det nedste romet! Når han so kjem han som hev bede deg, segjer han til deg: Flytt deg høgre upp, venen min! Då fær du æra hjå alle dei som sit til bords med deg. 11For kvar den som set seg sjølv høgt, skal gjerast låg, men den som set seg sjølv lågt, skal gjerast høg.#Ordt 29,23; Matt 23,12; Luk 1,51-52; 18,14; Jak 4,6; 1 Pet 5,5 12So sa han og til den som hadde bede han åt seg: Når du vil gjera eit middags- eller kveldslag, so bed ikkje venene eller brørne eller skyldfolket ditt eller rike grannar! For dei kjem til å beda deg att, so du fær lika for det du hev gjort.#Luk 6,33 13Nei, når du gjer gjestebod, so bed fatige, kryplingar, halte, blinde! 14Då vert du sæl; for dei hev ingen ting å gjeva deg att, men du fær lika for det når dei rettferdige stend upp att.#Ordt 19,17 15Ein av dei andre bordgjestene sa då han høyrde det: Sæl den som fær sitja til bords i Guds rike!#Luk 22,30; Op 19,9 16Då svara han: Det var ein gong ein mann som vilde gjera eit stort gjestebod og bad mange.#Ordt 9,1-6; Jes 25,6; 55,1; Matt 22,2-14 17Då tidi kom at gjestebodet skulde vera, sende han sveinen sin i veg for å segja til dei bedne: Kom! No er det ferdigt! 18Då tok dei til å beda seg undan alle som ein. Den fyrste sa: Eg hev kjøpt ein jordveg og er nøydd til å ganga ut og sjå på han. Du lyt gjera so vel og orsaka meg. 19Ein annan sa: Eg hev kjøpt fem par uksar, og no skal eg av og prøva dei. Du lyt gjera so vel og orsaka meg. 20Endå ein annan mann sa: Eg hev teke meg ei kona; difor kann eg ikkje koma. 21Sveinen kom og sa det til herren sin. Då vart husbonden harm og sa til sveinen: Gakk snøgt ut på gatone og streti i byen, og før hit alle tiggarar og kryplingar og blinde og halte! 22Sveinen sa: Herre, det er gjort som du sa, og det er endå rom. 23Då svara herren: Gakk ut på vegane og ved gjerdi og nøyd dei til å koma inn, so huset mitt vert fullt!#Apg 13,46 24For eg segjer dykk at ingen av dei mennene som var bedne, skal smaka min gjestebodskost. 25Det fylgde mykje folk med han, og han snudde seg og sa til dei: 26Um nokon kjem til meg og hatar ikkje far og mor og kona og born og brør og syster, ja endå sitt eige liv, so kann han ikkje vera min læresvein.#Luk 14,33; 5 Mos 13,6-11; 33,9; Matt 10,37-38; 19,29 27Den som ikkje ber krossen sin og kjem etter meg, kann ikkje vera min læresvein.#Luk 9,23; Matt 16,24-28 28Vil nokon av dykk byggja eit tårn, tru han ikkje då fyrst set seg ned og reknar etter kva det vil kosta, um han hev nok til å fullføra det. 29For hev han lagt grunnsteinane, og ikkje er god til å gjera det ferdigt, so tek alle som ser det, til å gjera narr av han og segja: 30Den mannen tok til å byggja, og var ikkje god til å gjera det ferdigt! 31Eller um ein konge vil draga ut i strid mot ein annan konge, tru han ikkje då fyrst set seg ned og slær yver um han med ti tusund mann kann møta ein som kjem imot han med tjuge tusund? 32Og kann han ikkje, so sender han menn av stad og tingar um fred, medan hin endå er langt burte. 33Soleis kann ingen av dykk vera min læresvein utan han segjer frå seg alt det han hev. 34Salt er ein god ting; men vert saltet og dove, kva skal so gjeva det smak?#Matt 5,13; Mark 9,50 35Det duger korkje i mold eller møk; dei kastar det ut. Høyr etter, kvar som øyro hev å høyra med!

Actualmente seleccionado:

Lukas 14: NO1938N

Destacar

Compartir

Copiar

None

¿Quieres tener guardados todos tus destacados en todos tus dispositivos? Regístrate o inicia sesión