Lukas 5
5
Peters fiskedrætte, 1-11. Jesus lækjer ein som hev spillsykja, 12-16, og ein lam mann, 17-26; kallar Levi, et i lag med tollmenn, 27-32; talar um fasta, 33-39.
1Ein gong stod han nedmed Gennesaretsjøen, og folket trengde seg um han og lydde på Guds ord;#Matt 4,18-22; Mark 1,16-20 2då vart han var tvo båtar som låg ved strandi; fiskarane hadde gjenge utor dei og stod og skylde garni sine. 3Han steig ut i ein av båtane, som høyrde Simon til, og bad han leggja eit lite stykke frå land; so sette han seg og lærde folket frå båten. 4Då han hadde halde upp å tala, sa han til Simon: Legg ut på djupet og set ut garni dykkar, so de kann få fisk!#Joh 21,3-8 5Meister, me hev streva i heile natt og ingen ting fenge, svara Simon; men på ditt ord vil eg setja ut garni. 6So gjorde dei det, og då stengde dei slik ein brote med fisk at garni heldt på og skulde rivna. 7Då vitta dei til lagsmennene sine i hin båten, at dei skulde koma og taka i med dei, og då dei kom, fyllte dei båe båtane, so det var nære på dei sokk. 8Då Simon Peter såg det, kasta han seg ned for Jesu føter og sa: Gakk burt frå meg, Herre! Eg er ein syndig mann. 9For det kom ein støkk på han og alle dei som var med han, for skuld all fisken dei hadde sanka; 10og like eins var det med Jakob og Johannes, sønene åt Sebedeus, som var lagsbrørne åt Simon. Men Jesus sa til Simon: Ver ikkje redd! Heretter skal du fanga menneske. 11So rodde dei båtane til lands og gjekk ifrå alt og fylgde han.#Matt 19,27; Luk 18,28 12Ein gong som han var i ein av byane, var det ein mann der som var full av spillsykja; med same han såg Jesus, kasta han seg å gruve og bad han: Herre, dersom du vil, kann du gjera meg rein!#Matt 8,2-4; Mark 1,40-45 13Jesus rette ut handi og tok burtpå han og sa: Eg vil; ver rein! Og med ein gong gjekk spillsykja av han. 14Jesus sa til han at han ikkje måtte segja det til nokon: Men gakk og te deg for presten og ber fram offer for reinsingi di, etter det som Moses hev fyreskrive, so du kann vitna for dei!#Matt 9,30; 3 Mos 14,2-32 15Men ordet um han for berre so mykje vidare utyver, og folk kom i flokk og fylgje og vilde høyre på han og lækjast for sjukdomane sine. 16Sjølv heldt han seg avsides i øydemarkene og bad.#Mark 1,35 17Ein dag heldt han på og lærde, og der sat det farisearar og lovlærarar, som var komne frå kvar grend i Galilea og Judea og frå Jerusalem, og Herrens kraft var yver han og gav han makt til å lækja.#Matt 9,2-8; Mark 2,3-12 18Då kom det nokre menn berande med ein som låg i ei seng og var lam; dei vilde bera han inn og setja han ned framfor Jesus, 19men såg seg ingi råd til å koma inn med han for folkestimen. So gjekk dei upp på taket, og fira han med sengi ned millom taksteinane, midt framfor Jesus. 20Då Jesus såg trui deira, sa han: Syndene dine er tilgjevne, mann!#Luk 7,48 21Då tok dei skriftlærde og farisearane til å tenkja med seg: Kva er dette for ein, som talar spottarord mot Gud? Kven kann tilgjeva synder utan ein - Gud?#Jes 43,25 22Men Jesus skyna kva dei tenkte; han tok til ords og sa til dei: Kva er det for tankar de hyser i hjarta? 23Kva er lettast: å segja: Syndene dine er tilgjevne! eller å segja: Statt upp og gakk! 24Men so de skal vita at Menneskesonen hev makt på jordi til å tilgjeva synder, so segjer eg deg - sa han til den lame -: Statt upp, tak sengi di og gakk heim! 25Og med ein gong stod han upp, midt for augo deira, tok lega si og gjekk heim att, alt medan han lova Gud. 26Då vart dei alle so tekne at dei var reint frå seg; dei lova Gud, og fulle av otte sa dei: I dag hev me set utrulege ting! 27So gjekk han ut att. Då fekk han sjå ein tollmann som heitte Levi; han sat på tollbui. Jesus sa til han: Fylg meg!#Matt 9,9-17; Mark 2,14-17 28Då let han alle ting vera og stod upp og fylgde Jesus.#Luk 5,11 29Levi gjorde eit stort gjestebod for han i huset sitt; der var det ein heil flokk med tollmenn og andre som sat til bords med dei.#Luk 15,1-7 30Og farisearane og dei skriftlærde som fylgdest med dei, murra og sa til læresveinane hans: Kvifor et og drikk de i lag med tollmenn og syndarar?#Luk 7,34 31Då tok Jesus til ords og sa til dei: Dei friske treng ikkje lækjar, men det gjer dei som sjuke er. 32Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar til umvending.#Luk 19,10; 1 Tim 1,15 33So sa dei til han: Læresveinane åt Johannes fastar tidt og ofte og held bøn, og det same gjer læresveinane åt farisearane, men dine læresveinar et og drikk!#Matt 9,14-17; Mark 2,18-22 34Jesus svara: Kann de få bruresveinane til å fasta medan dei hev brudgomen hjå seg? 35Men det kjem ei tid då brudgomen vert teken ifrå dei; når den tidi kjem, då skal dei fasta. 36Han sa dei og ei likning: Ingen riv eit stykke av ein ny kjole og hev det til bot på ein gamal; for då riv han ikkje berre den nye kjolen sund, men boti som han tok av den nye kjolen, høver ikkje på den gamle. 37Og ingen hev ny vin på gamle lerflaskor; for då sprengjer den nye vinen flaskone, og vinen renn ut, og flaskone forferst. 38Ny vin lyt ein hava på nye lerflaskor. 39Og ingen som hev drukke gamal vin, hev hug på ny vin; han segjer: Den gamle er best!
Actualmente seleccionado:
Lukas 5: NO1938N
Destacar
Compartir
Copiar
¿Quieres tener guardados todos tus destacados en todos tus dispositivos? Regístrate o inicia sesión
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2