Markus 7
7
Jesus refser hyklarskapen åt farisearane og lærer kva som gjer mennesket ureint, 1-23, bønhøyrer den kananeiske kvinna, 24-30, lækjer ein mann som er dauv og mållaus, 31-37.
1Farisearane og nokre skriftlærde, som var komne frå Jerusalem, samla seg ein gong kring Jesus.#Matt 15,1-20 2Då fekk dei sjå at nokre av læresveinane hans åt maten sin med vanheilage - dei meinte: utvegne - hender; 3og farisearane og alle jødar tvær alltid hendene vel fyrr dei et; det er ein skikk dei hev frå dei gamle, og den held dei fast på; 4og når dei kjem frå torget, et dei ikkje fyrr dei hev skvett vatn yver seg; og mykje anna er det som hev vorte sed og skikk hjå dei, som å skylja koppar og krus og koparkjelar og benker. 5So kom då farisearane og dei skriftlærde og spurde han: Kvi fylgjer ikkje læresveinane dine dei skikkane me hev frå dei gamle, men et maten sin med vanheilage hender? 6Han svara: Esaias spådde sant um dykk, de hyklarar, som det stend skrive: Dette folket ærar meg med lippone, men hjarta deira er langt ifrå meg,#Jes 29,13 7men dei dyrkar meg fåfengt, med di dei lærer folk det som er menneskebod. 8De ansar ikkje Guds bod, men held dykk etter menneskelærdom. 9Å jau, det er rett fint åtfare, sa han, at de gjer Guds bod um inkje, so de kann fylgja skikkane dykkar! 10Moses hev sagt: Du skal æra far din og mor di, og: Den som bannar far sin eller mor si, skal døy.#2 Mos 20,12; 21,17; 3 Mos 20,9; 5 Mos 27,16 11Men de segjer: Når ein mann talar so til far sin eller mor si: Det som eg kunde ha hjelpt deg med, skal vera ein korban - det er: ei tempelgåva - 12so let de han ikkje lenger få lov til å gjera noko for foreldri sine. 13Soleis gjer de Guds ord um inkje med skikkane dykkar, som de hev lært folk. Og slikt gjer de mykje av. 14So kalla han folket til seg att og sa til dei: Høyr på meg alle, og tenk på det eg segjer! 15Det finst ingen ting utanfor mennesket som kann gjera han urein um det kjem inn i han; men det som kjem ut or mennesket, det er det som gjer han urein. 16Høyr etter, kvar som øyro hev å høyra med! 17Då han var komen inn og hadde skilst ifrå folket, spurde læresveinane han um dette ordtøket. 18Er de og so uvituge? svara han. Skynar de ikkje at det som kjem inn i mennesket utantil, kann aldri gjera han urein? 19For det kjem ikkje inn i hjarta hans, men i buken, og fer ut der det skal; soleis vert all føda rein. 20Men det som gjeng ut or mennesket, sa han, det gjer han urein. 21For innantil, or menneskehjarta, kjem dei vonde tankane: lauslivnad, tjuvskap, manndråp, 22ekteskapsbrot, gjerugskap, vondskap, svik, ukjurskap, ovund, gudsspotting, ovmod, vitløysa.#Matt 20,15; Ordt 23,6-7 23Alt dette vonde kjem innantil og gjer mennesket ureint. 24So tok han ut derifrå og for burt til bygdene kring Tyrus og Sidon. Der gjekk han inn ein stad, og vilde ikkje nokon skulde vita det; men det kunde ikkje dyljast.#Matt 15,21-28 25Ei kona hadde ei liti dotter som det var ei urein ånd i; då ho fekk høyra um han, kom ho straks og kasta seg ned for føtene hans; 26det var ei heidningkona, av syrofønikisk ætt. Og ho bad at han vilde driva den vonde åndi ut or dotter hennar. 27Lat fyrst borni få eta seg mette! svara han; det er ikkje vent å taka brødet frå borni og kasta det for hundungane. 28Det er sant, Herre, svara ho; men hundungane et då og under bordet av smulane etter borni. 29Då sa Jesus: For det ordet skuld kann du ganga heim att; den vonde åndi hev fare ut or dotter di. 30Då ho so kom heim, fann ho barnet liggjande på sengi, og åndi hadde fare ut. 31Då han tok ut att frå Tyrusbygdene, for han um Sidon til Galileasjøen, midt igjenom Dekapolisbygdi.#Matt 15,29-39 32Då kom dei til han med ein som var dauv og godtsom mållaus, og bad han vilde leggja hendene på han. 33Jesus tok han til sides, burt ifrå folkehopen, stakk fingrane sine i øyro hans og vætte tunga hans med råke av munnen sin.#Mark 8,23; Joh 9,6 34So såg han upp imot himmelen og sukka og sa til han: Effata! - det er: Lat deg upp!#Joh 11,41; 17,1 35Då vart øyro hans upplatne, bandet losna av tunga, og han tala klårt. 36Jesus forbaud dei å segja det til nokon. Men di meir han forbaud det, di meir bar dei det utyver. 37Dei var reint tekne og sa: Han hev gjort alt vel! dei dauve gjev han høyrsel, og dei mållause mæle.#1 Mos 1,31
Actualmente seleccionado:
Markus 7: NO1938N
Destacar
Compartir
Copiar
¿Quieres tener guardados todos tus destacados en todos tus dispositivos? Regístrate o inicia sesión
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2