1
Johannes 6:35
Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011
Jesus svara: «Eg er livsens brød. Den som kjem til meg, skal ikkje hungra, og den som trur på meg, skal aldri tørsta.
比較
Johannes 6:35で検索
2
Johannes 6:63
Det er Anden som gjer levande; kjøt og blod kan ingen ting gjera. Dei orda eg har tala til dykk, er ånd og liv.
Johannes 6:63で検索
3
Johannes 6:27
Arbeid ikkje for den mat som forgår, men for den mat som varer og gjev evig liv, den som Menneskesonen skal gje dykk. For på han har Far, Gud sjølv, sett sitt segl.»
Johannes 6:27で検索
4
Johannes 6:40
For det vil Far min, at kvar den som ser Sonen og trur på han, skal ha evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen.»
Johannes 6:40で検索
5
Johannes 6:29
Jesus svara: «Dette er den gjerninga Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.»
Johannes 6:29で検索
6
Johannes 6:37
Alle dei som Far gjev meg, kjem til meg, og den som kjem til meg, skal eg så visst ikkje visa bort.
Johannes 6:37で検索
7
Johannes 6:68
Simon Peter svara: «Herre, kven skulle vi gå til? Du har det evige livs ord
Johannes 6:68で検索
8
Johannes 6:51
Eg er det levande brødet som er kome ned frå himmelen. Den som et av dette brødet, skal leva til evig tid. Og det brødet eg vil gje, er kroppen min som eg gjev til liv for verda.»
Johannes 6:51で検索
9
Johannes 6:44
Ingen kan koma til meg utan at Far som sende meg, dreg han, og eg skal reisa han opp på den siste dagen.
Johannes 6:44で検索
10
Johannes 6:33
Guds brød er det brødet som kjem ned frå himmelen og gjev verda liv.»
Johannes 6:33で検索
11
Johannes 6:48
Eg er livsens brød.
Johannes 6:48で検索
12
Johannes 6:11-12
Då tok Jesus brøda, bad takkebøn og delte ut til dei medan dei sat der. Like eins delte han ut av fiskane, så mykje dei ville ha. Då dei var mette, sa han til læresveinane: «Samla saman dei stykka som er att, så ingen ting går til spille.»
Johannes 6:11-12で検索
13
Johannes 6:19-20
Då dei hadde rodd tjuefem eller tretti stadiar, såg dei Jesus koma gåande på vatnet og nærma seg båten, og dei vart redde. Men Jesus sa til dei: «Det er eg. Ver ikkje redde!»
Johannes 6:19-20で検索
ホーム
聖書
読書プラン
ビデオ