YouVersion Logo
Search Icon

Apostelgjerningane 12

12
Jødekongen og forfylgjer no dei kristne; han drep apostelen Jakob og set Peter i fengsel; men Peter vert fria ut ved ein engel og fer burt frå Jerusalem, 1-17. Kong Herodes, som forfylgjer kyrkjelyden, vert slegen av Herren og fær ein ynkeleg daude, 18-23. Guds ord hev framgang; Barnabas og Saulus fer attende frå Jerusalem til Antiokia, 24.25.
1I den same tidi la kong Herodes hand på nokre av kyrkjelyden og for ille med dei.#Apg 4,3; 5,18 2Han let Jakob, bror åt Johannes, avrettast med sverd, 3og då han såg at det var til lags åt jødane, heldt han fram og let dei gripa Peter og - det var i usyrdebrødhelgi - 4og då han det hadde gjort, sette han han i fengsel og let fire skift hermenn, kvart på fire mann, halda vakt yver han; etter påske vilde han so føra han fram for folket. 5Soleis vakta dei no på Peter i fengslet; men av kyrkjelyden vart det halde hjarteleg bøn til Gud for han. 6Natti fyrr Herodes hadde tenkt å føra han fram, sov Peter millom tvo hermenn; han var bunden med tvo lekkjor, og utanfor døri stod det vaktmenn som heldt vakt ikring fengslet. 7Best det var, skein det eit ljos i romet, og ein engel frå Herren stod der. Han dytta Peter i sida og vekte han og sa: Statt snøgt upp! Og med det same datt lekkjone av hendene hans.#Apg 5,19; 16,26 8Bind upp klædi dine og knyt på deg skorne! sa engelen. Han so gjorde. Kasta kjolen um deg, og fylg meg! segjer han då. 9Peter fylgde med han ut, men han skyna ikkje at det som hende han med engelen, i røyndi var so, han tenkte det var ei syn han såg. 10Dei gjekk igjenom den fyrste vakti og den andre, og kom so til jarnporten som ber ut til byen; han opna seg av seg sjølv for dei, og dei steig ut og gjekk ei gatelengd fram; då skildest engelen med ein gong ifrå han. 11Då rådde Peter med seg og sa: No veit eg for visst at Herren hev sendt engelen sin og fria meg ut or hendene på Herodes og frå alt det som jødefolket hadde venta på. 12So snart han vart vis med det, gjekk han til huset åt Maria, mor åt Johannes som hadde tilnamnet Markus; der var mange samla og heldt bøn.#Apg 12,25 13Han banka på porten. Ei tenestgjenta som heitte Rode, kom ut og skulde høyra kva det var. 14Ho kjende att målet hans Peter, og vart so glad at ho gløymde å lata upp porten; ho berre sprang inn og sa frå at Peter stod utanfor. 15Du er frå vitet, sa dei. Men ho sa det var visst. Då må det vera engelen hans, sa dei. 16Medan heldt Peter på og banka. So let dei upp, og då dei fekk sjå han, vart dei reint upp i under. 17Han vitta til dei at dei skulde gjeva ljod, og so fortalde han dei korleis Herren hadde ført han ut or fengslet, og sa: Seg dette til Jakob og brørne! Dermed gjekk han ut og for til ein annan stad. 18Då det tok til å dagast, vart det ikkje lite uppstyr millom hermennene - dei undrast på kvar det kunde ha vorte av Peter. 19Herodes leita etter han, men fann han ikkje; so forhøyrde han vaktmennene og let dei førast burt. Med so gjort for han frå Judea ned til Cesarea og vart verande der. 20Herodes var ovleg harm på folket i Tyrus og Sidon, og dei vart samrådde um å søkja tilgjenge til han. Dei fekk vunne Blastus for seg, kammerherren åt kongen, og bad so um fred, av di landet deira fekk den maten det trong, frå riket åt kongen.#1 Kong 5,9.11; Esek 27,17 21Det vart sett ein dag til møtet. Den dagen klædde Herodes seg i kongeleg skrud og sette seg på kongsstolen sin og heldt ein tale til dei. 22Og folket ropa til han: Det er Guds røyst me høyrer, og ikkje ei mannerøyst!#Esek 28,2 23Med det same vart han råma av ein engel frå Herren, for di han ikkje gav Gud æra; han vart uppeten av makk og andast.#Dan 5,20 24Men Guds ord hadde framgang og breidde seg ut.#Jes 55,11; Apg 6,7; 19,20 25Barnabas og Saulus vende att frå Jerusalem då dei hadde greidt ærendi si, og dei tok med seg Johannes som hadde tilnamnet Markus.#Apg 11,29-30; 13,5

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

Video for Apostelgjerningane 12