YouVersion Logo
Search Icon

Apostelgjerningane 13

13
Kalla av den Heilage Ande gjev Barnabas og Saulus seg ut på si fyrste misjonsferd i heidningland, 1-3. Dei forkynner evangeliet på øyi Kypern, og der vert landshovdingen Sergius Paulus umvend, medan den falske profeten Barjesus vert slegen med blindskap på Saulus' ord, 4-12. Derifrå fer dei yver til Litle-Asia; Saulus (Paulus) forkynner Kristus for jødane i Antiokia i Psidia, men dei vrakar og spottar evangeliet. Paulus vitnar at han og Barnabas vil venda seg til heidningane, 13-49. Jødane reiser ei forfylgjing mot Paulus og fylgjesveinen hans, som so fer til byen Ikonium, 50-52.
1I Antiokia, i kyrkjelyden der, fanst det mange profetar og lærarar; der var både Barnabas og Simeon, som dei kalla Niger, og Lukius frå Kyrene og Manaen, fosterbror åt Herodes, fylkeskongen, og Saulus. 2Medan dei no ein gong heldt gudstenesta og fasta, sa den Heilage Ande: Skil no ut åt meg Barnabas og Saulus, so dei kann gjera det verket eg hev kalla dei til!#Apg 9,15; 22,21; Ef 3,8; 1 Tim 2,7; 2 Tim 1,11 3Då heldt dei fasta og bøn, la so hendene på dei og let dei fara.#Apg 14,23; 6,6 4Dei som den Heilage Ande soleis hadde sendt ut, for fyrst ned til Seleukia. Derifrå siglde dei til Kypern, 5og då dei var komne til Salamis, tala dei Guds ord i synagogone åt jødane; Johannes var og med og skulde vera dei til hjelp.#Apg 12,12.25 6Dei for gjenom heile øyi alt til Pafus. Der råka dei på ein trollmann, ein jødisk lygnprofet som heitte Barjesus 7og heldt seg hjå fylkeshovdingen Sergius Paulus. Fylkeshovdingen, som var ein vitug mann, kalla Barnabas og Saulus til seg og vilde gjerne få høyra Guds ord. 8Men Elymas, trollmannen - for so vert namnet hans tydt - stod dei imot og freista å venda fylkeshovdingen burt frå trui.#2 Tim 3,8 9Då vart Saulus - han heiter og Paulus - fyllt av den Heilage Ande; han såg kvast på trollmannen og sa: 10Du som er full av allslags svik og vondskap, du barn åt djevelen og fiende av all rettferd, vil du aldri halda upp å rengja Herrens rette vegar?#Joh 8,44; 1 Joh 3,8 11Men no skal Herrens hand råma deg; du skal verta blind og ikkje sjå soli på lenge. Og i same stundi fall det skodda og myrker yver han, og han raga ikring og leita etter einkvan som kunde leida han ved handi. 12Då fylkeshovdingen såg det som hendt var, trudde han og undra seg storleg yver Herrens læra. 13So siglde dei av stad, Paulus og dei som var med han, og for frå Pafus til Perge i Pamfylia. Men Johannes skilde lag med dei og tok heim att til Jerusalem.#Apg 15,38 14Sjølve for dei frå Perge inn gjenom landet og kom til Antiokia i Pisidia; der gjekk dei på sabbatsdagen inn i synagoga og sette seg. 15Då lovi og profetane var upplesne, sende synagogeforstandarane bod til dei med dei ordi: Brør, hev de noko å segja som kann vera til påminning for folket, so tala!#Apg 15,21 16Då reiste Paulus seg og vitta med handi og sa: Israelitiske menn og de andre som ottast Gud, høyr på meg: 17Han som er Gud åt dette folket, Israels-folket, valde seg ut federne våre; han let folket veksa seg stort medan dei heldt til i Egyptarland, det framande landet, og med upplyft arm førde han dei utor det.#2 Mos 11,1; 6,6; 12,37.41; 13,3 18I fyrti år på lag bar han dei på armen i øydemarki og sytte for dei.#5 Mos 1,31 19Han øydde sju folkeslag i Kana'anslandet, og landet deira skifte han ut åt dei. Alt dette gjekk for seg i um lag fire hundrad og femti år.#5 Mos 7,1; Jos 14,2; 2 Mos 12,40 20Sidan gav han dei domarar; den siste av dei var Samuel, profeten.#Dom 2,16; 3,9 21So bad dei um å få ein konge, og Gud gav dei Saul, Kis' son, ein mann av Benjamins-ætti; han styrde i fyrti år.#1 Sam 8,5; 9,16; 10,21 22Men Gud tok riket frå han att og sette David upp på kongsstolen deira; honom gav han det lovordet: Eg hev funne David Isaisson, ein mann som er etter min hug; han vil gjera alt det eg ynskjer.#Hos 13,11; 1 Sam 13,14; 15,28; 16,13; Sal 89,21 23I hans ætt let Gud ein frelsar standa fram for Israel, so som han hadde lova - det er Jesus.#2 Sam 7,12; Jes 11,1; Matt 1,6; Luk 1,27; Rom 1,3 24Fyrr han kom, ropa Johannes ut umvendings-dåp for heile Israels-folket;#Matt 3,1-2; Apg 19,4 25og då han, Johannes, var åt og skulde enda livslaupet sitt, sa han: Eg er ikkje den de held meg for å vera, men etter meg kjem det ein som eg ikkje er verdig å løysa skorne av.#Joh 1,20; Mark 1,7 26Brør, både de som er av Abrahams ætt, og dei millom dykk som ottast Gud, det var til dykk ordet um denne frelsa vart sendt! 27For Jerusalems-buane og styrarane deira kjende han ikkje; dei dømde han, og gjorde soleis profetordi sannrøynde, dei som vert upplesne kvar sabbat;#Joh 16,3; Apg 3,17; 1 Kor 2,8; Apg 15,21 28og endå dei ikkje fann han saka so han kunde dømast frå livet, kravde dei av Pilatus at han skulde rydjast or vegen.#Matt 27,22; Mark 15,13 29Og då dei hadde fullført alt som er skrive um han, tok dei han ned av krossen og la han i ei grav.#Matt 27,59 30Men Gud vekte han upp frå dei daude,#Matt 28,6; Mark 16,6 31og sidan synte han seg mange dagar for dei som var i lag med han den gongen han for frå Galilea upp til Jerusalem; dei er no vitni hans for folket.#Matt 28,9; Mark 16,9.12.14; Luk 24,36; Joh 20,19; 21,1-23; Apg 1,3; 1 Kor 15,5-6 32Og me ber det glade bodet til dykk at alt det som var lova federne, det hev Gud late oss, borni deira, få, med di han reiste upp Jesus,#1 Mos 3,15; 22,18; 26,4; 49,10; 5 Mos 18,15; Jes 4,2; 7,14; 9,6; 40,9; Jer 23,5; 33,15; Esek 34,23; 37,24-28 33soleis som det og stend skrive i den andre salmen: Du er min Son, eg hev født deg i dag.#Sal 2,7; Hebr 1,5; 5,5 34Men at han hev reist han upp frå dei daude, so han aldri meir skal venda att til undergang, det hev han sagt med sovorne ord: Eg vil gjeva dykk dei heilage lovnader til David, dei trufaste.#Jes 55,3 35Difor segjer han og ein annan stad: Du vil ikkje lata din heilage sjå undergang.#Sal 16,10; Apg 2,27 36David, veit me, andast og for til federne sine, etter han i si levetid hadde tent Guds rådgjerd. Han såg undergang,#1 Kong 2,10; Apg 2,29 37men den som Gud hev vekt upp, såg ikkje undergang. 38So skal de då vita, brør, at me ber bod til dykk um at de for hans skuld fær forlating for syndene.#Luk 24,47; Apg 10,43; Rom 3,26.28; 8,3; Gal 2,16; Hebr 7,19; 9,15; 1 Joh 2,12 39Alt det som de ikkje kunde rettferdiggjerast frå ved Mose-lovi, det vert kvar den som trur, rettferdiggjord frå ved han.#Jes 53,11; Rom 10,4 40Sjå då til at det ikkje kjem yver dykk det som er sagt hjå profetane: 41Sjå, de som vanvyrder alt, og undrast og vert til inkjes! for eit verk gjer eg i dykkar dagar, eit verk som de ikkje vil tru um ein fortel dykk det.#Hab 1,5 42Då dei gjekk ut, bad folk at dei måtte få høyra um dette næste sabbat og. 43Og då synagogemøtet var ende, var det mange som fylgde dei både av jødane og av dei som hadde teke jødetrui og dyrka Gud; og Paulus og Barnabas tala med dei og mana dei til å halda fast ved Guds nåde.#Apg 11,23; 14,22 44Den næste sabbaten strøymde mest heile byen i hop og vilde høyra Herrens ord.#Apg 13,42 45Men då jødane såg folkehopane, vart dei fulle av åbryskap og la imot det som Paulus tala - la imot og spotta.#Apg 5,17 46Då tok Paulus og Barnabas til ords og sa beint ut: Det var naudsynt at Guds ord fyrst vart tala til dykk; men sidan de skuvar det frå dykk og ikkje held dykk for verdige til det ævelege livet, so vender me oss til heidningane.#Apg 18,6; 28,28 47For so hev Herren sagt til oss: Eg hev sett deg til ljos for heidningar, so du skal vera til frelsa alt til ytste enden av jordi.#Jes 42,6; 49,6; Luk 2,32 48Då heidningane høyrde det, vart dei glade og prisa Herrens ord, og dei tok trui - alle dei som var etla til å få eit æveleg liv.#Rom 8,29-30 49Og Herrens ord breidde seg ut yver heile landet. 50Men jødane øste upp dei høgsette kvinnone som dyrka Gud, og dei fyrste mennene i byen, so dei fekk i gang ei forfylgjing mot Paulus og Barnabas og jaga dei ut or bygdene sine. 51Då riste dei dusti av føtene sine imot dei, og for til Ikonium.#Matt 10,14 52Men læresveinane vart fyllte med gleda og med den Heilage Ande.#Ef 5,18

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

Video for Apostelgjerningane 13