YouVersion Logo
Search Icon

Lukas 1

1
Fyreord av evangelisten, 1-4. Engelen Gabriel forkynner Sakarias at han skal få ein son som skal vera fyrebod for Kristus, 5-25. Engelen forkynner Maria at ho skal føda verdens frelsar, 26-38. Maria gjestar kona åt Sakarias, Elisabet, som prisar henne sæl, 39-45. Maria lovar Gud for hans store nåde og hans store verk, 46-56. Johannes vert fødd, 57-66; Sakarias talar profetord um kallet åt sonen sin, 67-79; Johannes vert fyrebudd til si gjerning, 80.
1Det er alt mange som hev teke seg til å setja upp ei fråsegn um dei hendingane som hev gjenge fyre seg hjå oss, 2so som dei hev bore det fram dei som frå fyrsten var augvitne og vart ærendsveinar åt ordet.#Apg 1,21-22; 1 Joh 1,1; Hebr 2,3 3Difor hev eg sett meg fyre, sidan eg hev granska alt vel frå grunnen, å skriva det upp åt deg, gjævaste Teofilus - stykke for stykke, soleis som det heng saman,#Apg 1,1 4so du kann sjå kor truverdig ho er den soga som du hev høyrt. 5I den tidi då Herodes var konge i Jødeland, var det ein prest der som heitte Sakarias; han høyrde til det prestelaget som hev namn etter Abia. Kona hans var ætta frå Aron, og heitte Elisabet.#Matt 2,1; 1 Krøn 24,1.10; Neh 12,4 6Båe var dei rettferdige for Gud; dei fylgde alle Herrens bod og fyresegner, og ingen kunde finna noko å lasta dei for. 7Men dei hadde ikkje born; for Elisabet var ikkje barnkjømd, og dei var båe langt uti åri.#1 Mos 17,17; 18,11 8So var det ein dag Sakarias gjorde prestetenesta for Gud; for turen var komen til hans lag, 9og då dei kasta lut, som visi er millom prestane, fall det på han å ganga inn i Herrens tempel og bera fram røykofferet,#2 Mos 30,7 10medan heile folkemengdi stod utanfor og bad i røykoffertimen. 11Då fekk han med ein gong sjå ein Herrens engel, som stod på høgre sida åt røykofferaltaret. 12Då Sakarias såg engelen, stokk han, og det kom ein otte yver han. 13Men engelen sa til han: Ver ikkje redd, Sakarias! Gud hev høyrt bøni di. Du og Elisabet, kona di, skal få ein son, og du skal kalla han Johannes. 14Då vert du både glad og fegen, og mange skal gleda seg av di han er fødd. 15For han skal vera stor i Herrens augo; han skal ikkje drikka vin eller sterke drykker, og alt ifrå morsliv skal han fyllast av den Heilage Ande.#4 Mos 6,3; Dom 13,4; Jes 49,1.5; Jer 1,5; Gal 1,15 16Mange av Israels-borni skal han venda um til Herren deira Gud, 17og sjølv skal han ganga fyre han i Elias' ånd og kraft og venda hjarto åt federne um til borni og dei ulydige til den hug som bur i rettferdige menn, so han kann vinna Herren eit vel fyrebutt folk.#Mal 3,1; 4,5-6; Matt 11,14; 17,12 18Korleis kann eg vita um dette er sant? sa Sakarias til engelen; eg er då ein gamal mann, og kona mi er og langt ut i åri.#1 Mos 17,17 19Då svara engelen: Eg er Gabriel, som stend for Guds åsyn. Eg er send hit og skal tala med deg og bera dette gledebodet til deg.#Dan 9,21 20Og no skal du ljota tegja, og ikkje kunna tala, alt til den dagen dette hender, for di du ikkje trudde meg; men det eg hev sagt, skal sannast når tidi er komi. 21Medan stod folket og venta på Sakarias, og undra seg yver at han drygde so lenge i templet. 22Men då han kom ut, og ikkje kunde tala med dei, skyna dei at han hadde set ei syn i templet; sjølv nikka han og gjorde teikn til dei, men var og vart mållaus, 23og då tenestedagane hans var til endes, for han heim att. 24Eit bel etter hende det at Elisabet, kona hans, vart med barn. Då heldt ho seg heime i fem månader, og sa: 25Soleis hev Herren laga det for meg då tidi var komi at han i nåde vilde taka burt skammi mi millom folk.#1 Mos 30,23 26Då det leid på sette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som dei kallar Nasaret, 27åt ei møy som var trulova med ein mann som heitte Josef, av Davids-ætti, og møyi heitte Maria.#Matt 1,18 28Då engelen kom inn til henne, sa han: Guds fred, du som hev fenge slik nåde! Herren er med deg! Velsigna er du millom kvinnor!#Luk 1,42 29Ved desse ordi stokk ho, og tenkte med seg: Kva er dette for ei helsing? 30Men engelen sa til henne: Ver ikkje redd, Maria! Du hev funne nåde hjå Gud! 31Du skal verta med barn og få ein son, og kalla han Jesus.#Jes 7,14; Matt 1,21 32Han skal vera stor og kallast son åt den Høgste, og Herren Gud skal gjeva han kongsstolen åt David, ættefaren hans;#2 Sam 7,12-16; Sal 132,11; Jes 9,6-7 33han skal vera konge yver Jakobs-ætti i all æva, og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.#1 Krøn 17,14; Sal 45,7; Dan 7,14; Hebr 1,8 34Korleis skal det ganga til, når eg ikkje veit av mann? sa Maria. 35Den Heilage Ande skal koma yver deg, og krafti åt den Høgste skal skyggja yver deg, svara engelen; difor skal og det heilage som vert født, kallast Guds Son.#Matt 1,18.20 36Og høyr: Elisabet, som er skyld deg, skal og hava ein son på sine gamle dagar; dei sa ho var ikkje barnkjømd, men no er ho alt i sette månaden; 37for ingen ting er umogeleg for Gud.#1 Mos 18,14; Jer 32,17 38Då sa Maria: Her stend eg - eg er Herrens tenestkvinna! Lat det ganga meg som du hev sagt! So for engelen burt att. 39Straks etter tok Maria av stad og for so fort ho kunde upp i fjellbygdene, til ein by i Judaland; 40der gjekk ho inn i huset åt Sakarias og helsa på Elisabet. 41Då hende det at med same Elisabet høyrde helsingi hennar Maria, hoppa fostret i livet hennar; og ho vart fyllt av den Heilage Ande 42og kvad med høg røyst: Velsigna er du millom kvinnor, velsigna er ditt livs frukt! 43Kvi skal det timast meg at mor åt Herren min kjem til meg? 44For då di helsing nådde øyra mitt, då hoppa fostret i mitt liv av frygd. 45Ja, sæl er ho som trudde; for det skal fullførast det som er sagt henne frå Herren. 46Og Maria svara: Mi sjel høglovar Herren, 47og mi ånd gleder seg i Gud, min frelsar!#1 Sam 2,1 48Han tenkte på si ringe tenestkvinna! For ifrå denne stund skal alle ætter prisa meg sæl,#1 Sam 1,11 49av di han hev gjort store for meg, han, den mektige, og heilagt er hans namn; 50hans miskunn er frå ætt til ætt yver dei som ottast han.#2 Mos 20,6; Sal 103,17 51Han gjorde veldigt verk med armen sin, ovmodige spreidde han for ver og vind med deira høgferdshug;#Jes 52,10; 2 Sam 22,28; Sal 68,2; 1 Pet 5,5 52han støytte stormenn ned frå deira høgsæte og lyfte låge upp;#1 Sam 2,7-8; Sal 113,7; 147,6 53Hungrige metta han med gode gåver, og rikingar sende han tomhendte burt.#1 Sam 2,5; Sal 34,10-11 54Han hjelpte Israel, sin tenar, for å koma i hug miskunn - 55so som han tala til federne våre - mot Abraham og hans ætt til æveleg tid.#1 Mos 17,7.19 56Maria vart verande hjå henne um lag tri månader; sidan for ho heim att. 57So kom tidi då Elisabet skulde eiga barn, og ho åtte ein son. 58Og då grannane og skyldfolket høyrde kor stor ei miskunn Herren hadde vist henne, vart dei glade og ynskte henne til lukka. 59Åtte dagar etter kom dei og skulde umskjera guten; dei vilde kalla han Sakarias etter faren,#1 Mos 17,12; 3 Mos 12,3 60men då tok mor hans til ords og sa: Nei, han skal heita Johannes!#Luk 1,13 61Det er ingen i ætti som heiter so, svara dei, 62og dei gjorde teikn til faren, kva han vilde guten skulde kallast. 63So bad han um ei tavla og skreiv: Johannes er namnet hans. Alle undra seg; 64men i det same fekk han att mål og mæle, og han tala og prisa Gud. 65Då kom det ein otte på alle dei som budde der ikring; i heile Judaheidi vart alt dette mykje umtala, 66og alle som høyrde det, tok det til minnes og sa: Kva tru den guten er etla til? For Herren heldt si hand yver han. 67Men Sakarias, far hans, vart fyllt av den Heilage Ande, og han tala profetord og kvad: 68Lova vere Herren, Israels Gud, for di han såg um folket sitt og løyste det ut!#Luk 7,16 69Og han reiste åt oss eit horn til frelse i sin tenar Davids ætt,#Sal 132,17-18; 1 Sam 2,10 70so som han tala gjenom dei heilage profetars munn frå fordom,#Jes 55,3; Jer 23,5-6 71ei frelsa frå våre fiendar, frå kvar ei hatarhand. 72Han vilde gjera miskunn imot federne våre og koma i hug si heilage pakt,#1 Mos 17,7 73den eiden han svor Abraham, ættefaren vår,#1 Mos 22,16-19; Sal 105,8-12; Mi 7,20; Hebr 6,13-20 74han vilde fria oss ut or fiendehand og gjeva oss å tena han utan otte 75i heilagdom og rettferd for hans åsyn alle våre dagar.#1 Pet 1,15 76Du og, mitt barn, skal kallast profeten åt den Høgste; for du skal fara fram for Herrens åsyn og rydja vegane hans,#Jes 40,3; Mal 3,1; Matt 3,3 77og gjeva hans folk kunnskap um frelsa ved forlating for syndene deira#Jer 31,34; Luk 3,3 78for vår Guds hjartelege miskunn skuld, som let solrenning frå det høge gjesta oss,#4 Mos 24,17; 2 Sam 23,3-4; Mal 4,2 79til å lysa for dei som sit i myrker og daudeskugge, og styra våre føter inn på fredens veg.#Jes 9,2; 42,7; 49,9; 60,1; Matt 4,16 80Og guten voks og vart sterk i åndi; han heldt seg i øydemarkene til tidi kom då han skulde førast fram for Israel.#Luk 2,40

Currently Selected:

Lukas 1: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

Free Reading Plans and Devotionals related to Lukas 1

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy