Markus 16
16
Jesus stend upp, 1-8. Den uppstadne syner seg for Maria Magdalena, for dei tvo læresveinane som gjekk til Emmaus, og for dei elleve apostlane, 9-14; han byd apostlane at dei skal ganga ut i all verdi og forkynna evangeliet, og lovar å vera med dei, 15-20.
1Då sabbaten var ende, kjøpte Maria Magdalena og Maria, mor åt Jakob, og Salome angande kryddor; for dei vilde ganga av stad og salva han.#Matt 28,1-10; Luk 24,1-12; Joh 20,1-10 2Ov-tidleg den fyrste dagen i vika - det var so vidt soli hadde runne - kom dei til gravi. 3Då sa dei seg imillom: Kven skal me få til å velta steinen frå gravopningi? 4Men då dei såg upp, vart dei vare at steinen var fråvelt; for han var ovstor. 5Då dei kom inn i gravi, såg dei ein ung mann som sat på høgre sida, klædd i ein lang kvit kjole. Dei vart forfærde; 6men han sa: Ver ikkje forfærde! De leitar etter Jesus frå Nasaret, han som vart krossfest. Han hev stade upp att; han er ikkje her. Sjå her er staden der dei la han. 7Men gakk no av stad og seg til læresveinane hans og til Peter at han gjeng fyre dykk til Galilea; der skal de sjå han, som han hev sagt dykk.#Mark 14,28 8Då gjekk dei ut att og rømde frå gravi; for fælska hadde teke dei, so dei skalv og var reint frå seg. Og dei tala ikkje eit ord til nokon, so redde var dei. 9Då Jesus hadde stade upp att tidleg den fyrste dagen i vika, synte han seg fyrst for Maria Magdalena, som han hadde drive sju vonde ånder utor.#Joh 20,14-18; Luk 8,2 10Ho gjekk av stad og fortalde det til dei som hadde vore med han, og som no syrgde og gret. 11Men då dei fekk høyra at han levde, og at ho hadde set han, vilde dei ikkje tru det. 12Sidan synte han seg i ein annan skapnad for tvo av dei, som gjekk etter vegen og skulde ut på landet.#Luk 24,13-35 13Dei og kom og sa det til dei andre, men dei trudde ikkje dei heller. 14Seinare synte han seg for dei elleve sjølve, medan dei sat til bords; og han lasta dei for vantrui og tråskapen deira, at dei ikkje trudde dei som hadde set han etter han var staden upp att.#Luk 24,36-43; Joh 20,19-25; 1 Kor 15,6 15Og han sa til dei: Gakk ut i all verdi og kunngjer evangeliet for all skapningen!#Matt 28,19; Kol 1,23 16Den som trur og vert døypt, skal verta frelst, men den som ikkje trur, skal verta fordømd.#Apg 2,40-41; Joh 3,18.36; 12,48 17Og desse teikni skal fylgja dei som trur: I mitt namn skal dei driva ut vonde ånder; dei skal tala med nye tungor;#Luk 10,17; Apg 5,16; 8,7; 16,18; 2,4; 10,46; 19,6; 1 Kor 12,10.28 18dei skal taka ormar i hendene, og um dei drikk noko som det er gift i, so skal det ikkje skada dei; legg dei hendene på sjuke, so skal dei få att helsa.#Luk 10,19; Apg 28,3-6.8 19Etter Herren Jesus hadde tala til dei, vart han teken upp til himmels, og sette seg ved Guds høgre hand.#Luk 24,51; Apg 1,9; Sal 110,1 20Og dei gjekk ut og tala Guds ord alle stader, og Herren var med dei og stadfeste ordet med dei teikni som fylgde med.#Apg 14,3; Hebr 2,4
Currently Selected:
Markus 16: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2