YouVersion Logo
Search Icon

Markus 3

3
Jesus lækjer ei nomi hand, 1-6, lækjer mange andre sjuke og driv ut vonde ånder, 7-12, vel ut dei tolv apostlane, 13-19, og forsvarar seg mot skuldingi frå dei skriftlærde at han stend i pakt med djevelen, 20-30. Jesus segjer kven som er hans rette skyldfolk, 31-35.
1Då Jesus ein annan gong gjekk inn i ei synagoga, var det ein mann der som hadde ei nomi hand,#Matt 12,9-14; Luk 6,6-11 2og dei gjætte på han, um han vilde lækja mannen på sabbaten, so dei kunde få noko å klaga han for.#Luk 14,1 3Då sa han til mannen med den nomne handi: Reis deg upp og kom fram! 4Og til dei andre sa han: Er det rett å gjera godt på sabbaten eller å gjera vondt - berga liv eller drepa? Dei tagde. 5Då såg han rundt ikring på dei, både harm og sorgfull for di dei var so harde og stride. So sa han til mannen: Rett fram handi! Då rette han henne fram, og handi hans vart like god att. 6Men farisearane gjekk ut og tok straks til å samråda seg med Herodes-mennene korleis dei skulde få rudt han or vegen. 7So for Jesus med læresveinane sine burt til sjøen, og ein stor folkehop frå Galilea og frå Judaland fylgde med, 8og frå Jerusalem og Idumea og bygdene på hi sida Jordan og kring Tyrus og Sidon kom dei til han i flokketal, då dei høyrde um alt det han gjorde.#Matt 4,25 9Då sa han til læresveinane at det skulde liggja ein båt ferdig til han for folkemengdi skuld, so dei ikkje skulde trengja han; 10for han lækte mange, so alle som hadde eikor plaga, trengde seg innpå han og vilde få taka i han. 11Og kvar gong dei ureine åndene såg han, kasta dei seg ned for føtene hans og ropa: Du er Guds Son! 12Men han forbaud dei både tidt og strengt å gjera han kjend. 13So gjekk han upp i fjellet og kalla til seg dei han sjølv vilde, og dei kom til han. 14Og han valde ut tolv, som skulde vera med han, og som han vilde senda ut til å tala for folket,#Matt 10,1-42; Luk 6,13-19; 9,1-6 15og vilde gjeva makt til å driva ut vonde ånder. 16Det var Simon - han kalla han Peter -#Joh 1,43 17og Jakob, son åt Sebedeus, og Johannes, bror hans Jakob - dei kalla han Boanerges, det er toresveinane - 18og Andreas og Filip og Bartolomeus og Matteus og Tomas og Jakob, son åt Alfeus, og Taddeus og Simon Kananeus 19og Judas Iskariot, han som sidan sveik han. 20Med det same dei kom heim, samla folket seg i hop att, so dei kunde ikkje ein gong få seg mat.#Mark 6,31 21Då hans eige folk fekk høyra det, for dei heimantil og vilde få tak i han; for dei sa: Han må vera frå vitet! 22Men dei skriftlærde, som var komne ovantil Jerusalem, sa: Be'elsebul hev fare i han! og: Det er djevlehovdingen sjølv som hjelper han til å driva ut djevlar.#Matt 9,34; 12,24-37; Luk 11,15-28 23Då kalla han dei til seg og tala til dei i likningar: Korleis kann Satan driva ut Satan? 24Kjem eit rike i strid med seg sjølv, so kann det riket ikkje standa, 25og kjem eit hus i strid med seg sjølv, so kann det huset ikkje standa. 26Set no Satan seg upp mot seg sjølv og kjem i strid med seg sjølv, kann ikkje han standa seg; då er det ute med han. 27Men ingen kann ganga inn i huset til ei kjempa og rana det som i huset er, hev han ikkje fyrst lagt kjempa i band; då kann han plundra huset. 28Det segjer eg dykk for sant: Alt skal tilgjevast menneskeborni, både synder og spottord, kor mykje dei spottar;#Luk 12,10; 1 Joh 5,16 29men den som spottar den Heilage Ande, fær i all æva ikkje tilgjeving; han er saka i ei æveleg synd -#Hebr 6,4-8 30det var for di dei sa: Han hev ei urein ånd i seg. 31So kom mor hans og brørne hans; dei vart ståande utanfor, og sende bod til han um han vilde koma ut.#Mark 3,21; Matt 12,46-50; Luk 8,19-21 32Det sat ein stor flokk kringum han, og dei sa til han: Sjå, mor di og brørne dine stend utanfor og spør etter deg! 33Kven er mor mi og brørne mine? svara han. 34So såg han rundt på dei som sat i ein ring kringum han, og sa: Sjå det er mor mi og brørne mine! 35Den som gjer det Gud vil, han er bror min og syster mi og mor mi.

Currently Selected:

Markus 3: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

Video for Markus 3