YouVersion Logo
Search Icon

Markus 5

5
Jesus driv vonde ånder ut or ein forgjord, 1-20, lækjer ei kvinna som hev blodflod, og vekkjer upp dotter åt Jairus, 21-43.
1So kom dei yver på hi sida av sjøen, til Gerasenarbygdi,#Matt 8,28-34; Luk 8,26-39 2og med det same han steig utor båten, kom ein mann med ei urein ånd imot han frå gravene. 3Mannen hadde tilhald der i gravholone, og ingen kunde lenger få bunde han, ikkje ein gong med lekkjor; 4for han hadde ofte vore bunden med fotjarn og lekkjor, men sprengt lekkjone og brote sund fotjarni, og ingen var god til å døyva han. 5Allstødt, både natt og dag, var han i gravene og på fjelli og hua og slo seg sjølv med steinar. 6Då han no såg Jesus langt burtantil, kom han springande og kasta seg ned for føtene hans, 7og ropa høgt: Kva vil du meg, Jesus, Son åt den høgste Gud? For Guds skuld: pin meg ikkje! 8For Jesus sa til han: Far ut or mannen, du ureine ånd! 9Kva er namnet ditt? spurde Jesus. Legion er namnet mitt, svara han; for me er mange. 10Og han naudbad Jesus at han ikkje vilde driva dei ut or bygdi. 11No var det ein stor svineflokk som gjekk på beite der innmed fjellet; 12so bad dei han: Send oss burt i svineflokken, og lat oss få fara inn i dei! 13Det gav han dei lov til. So for dei ureine åndene ut og for i svini. Og heile flokken, um lag tvo tusund i talet, rusa utyver stupet ned i sjøen og drukna. 14Dei som gjætte svini, rømde, og sa frå um det i byen og gardane, og folk tok ut og vilde sjå kva det var som hadde hendt. 15Då dei so kom til Jesus, såg dei at den forgjorde sat der klædd og var med sitt fulle vit, han som hadde havt legionen i seg. Og dei vart ottefulle. 16Og då dei som hadde set det, fortalde korleis det hadde gjenge med den forgjorde, og um svini, 17tok dei til å beda Jesus at han vilde fara burt frå grensone deira. 18Då Jesus gjekk i båten, bad den forgjorde um han måtte vera med han. 19Men Jesus gav han ikkje lov til det, og sa: Gakk heim til folket ditt og seg til dei kor mykje Herren hev gjort for deg, og kor god han hev vore med deg! 20So gjekk mannen og tok til å gjera kunnigt kring i Dekapolis kor mykje Jesus hadde gjort for han. Og alle undra seg. 21Då Jesus hadde fare yver til hi sida att i båten, og endå var nedmed sjøen, samla det seg ein stor folkehop kringum han. 22Då kom ein av synagogeforstandarane, som heitte Jairus, og då han såg Jesus, kasta han seg ned for føtene hans#Matt 9,18-26; Luk 8,41-56 23og bad han mykje og sa: Vesle dotter mi ligg på sitt siste - um du vilde koma og leggja hendene på henne, so mykje ho kann bergast og leva! 24Jesus gjekk med han, og ein stor folkehop fylgde etter og trengde seg um han. 25Millom dei var ei kvinne som hadde havt blodflod i tolv år. 26Ho hadde søkt mange lækjarar og prøvd mange råder og kosta ut alt ho åtte; men det hadde ikkje muna; ho var heller vorti verre. 27Ho hadde høyrt ordet um Jesus, og no kom ho midt i folkehopen og tok attantil i kjolen hans. 28Kann eg få taka um so berre i klædi hans, vert eg god att, tenkte ho. 29Og straks stana blodflodi, og ho kjende det i lekamen sin at ho var lækt for sjukdomen. 30Jesus kjende straks på seg at det for ei kraft ut ifrå han; han snudde seg um i hopen og spurde: Kven var det som tok i klædi mine? 31Du ser folket trengjer deg på alle sidor, svara læresveinane, og so spør du kven det var som tok i deg! 32Då såg han seg ikring etter den som hadde gjort det. 33Og kvinna, som var so redd at ho skalv, av di ho visste kva som hadde hendt henne, ho kom og kasta seg ned for føtene hans og sa han alt som det var. 34Då sa han til henne: Trui di hev hjelpt deg, dotter mi. Gakk heim og lev sæl, og ver fri sjukdomen din! 35Fyrr han hadde tala ut, kom det folk frå huset åt synagogeforstandaren og sa: Dotter di hev slokna. Kvi vil du umaka meisteren lenger? 36Jesus høyrde kva dei tala um, og sa til synagogeforstandaren: Ottast ikkje! Berre tru! 37Han let ingen få fylgja seg utan Peter og Jakob og Johannes, bror åt Jakob. 38Og då dei kom heim til synagogeforstandaren, og han såg for eit ståk det var, og høyrde folk gret og våla fælt, 39gjekk han inn og sa: Kva er det de ståkar og græt for? Barnet hev ikkje slokna; ho søv. 40Då lo dei åt han. Men han dreiv dei ut alle saman, og sjølv tok han med seg far og mor åt barnet, og fylgjesveinane sine, og gjekk inn der barnet låg. 41Og han tok barnet i handi og sa til henne: Talita kumi! det er: Vesle gjenta, eg segjer deg: Ris upp!#Luk 7,14 42Og straks reis veslegjenta upp og gjekk ikring; for ho var tolv år. Då vart dei straks reint som dei var frå seg. 43Men han forbaud dei strengt å lata nokon få vita det, og sa dei skulde gjeva henne mat.#Mark 7,36; Matt 8,4; 9,30

Currently Selected:

Markus 5: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in